Brystmjølk er ikkje for menn

Fetisjistar og kroppsbyggjarar har skapt ein raskt veksande svart marknad.

Av Julie Bindel, Unherd. Omsett av saksyndig.

«Pumperommet» på Ambrosia Labs i Kambodsja er eit luftlaust og dystopisk område. Eg ser eit tjuetals damer pakka saman der inne, som blir «mjølka». Toppane deira er av og dei alle har tubar festa til begge brystvortene; brystmjølka kan ein sjå flyte gjennom tubane inn i behaldarar. Dei gjer dette i timevis av gongen, seks dagar i veka. Over bråket frå pumpene kunne eg høyre gråten til opprørte babyar og spedbarn. Dei svelta medan mjølka som var meint for dei vart trekt ut for eksport.

Når den so vart samla, vart mjølka overført til plastposar som vart forsegla, merkte og lagra i ein diger frysar, klar til å sendast til andre munnar. For denne verdifulle væska vart damene betalt 50 cent per ounce [ein ounce er om lag 28,35 gram; oms.an.], medan dei som dreiv denne påtvinga operasjonen tente ei formue.

Globalt behov for menneskebrystmjølk har aldri vore større. Brystmjølkbankar og interpersonleg deling har eksistert lenge for mødrer i naud, men no blir det meir og meir selt for profitt. Og ikkje berre til foreldre som ønskjer å mate babyar. Det finst ei mørk side til denne handelen, som det alltid er når menneskelege kroppsdelar og produkt blir mekla.

I Storbritannia er kommersialiseringa av brystmjølk relativt ny og hadde opphavleg filantropiske føremål. Best Milk, ein nett-tilbydar, tilbaud produktet sitt til premature, surrogat-, adopterte eller «eksepsjonelt svoltne» babyar; dei slo fast at babyar som vart fôra på brystmjølk, heller enn morsmjølkerstatning, hadde betre IQ, lågare risiko for kreft og kroniske tilstandar, og mindre sannsynleg ville utvikle matintoleranse og allergiar. Nettsida har no slutta med handel.

NeoKare, Europas fyrste brystmjølks-raffineri, har i mellomtida stått sterkt i England sidan mars 2020. Dei tilbyr, ifølgje si nettside, «trygge og undersøkte brystmjølkprodukt for når ei mors eiga mjølk ikkje er tilgjengeleg. Invester i babyen din si framtid i dag.» Derimot, til ein pris av £45 for seks 50 ml-flasker, er det ikkje ein billeg fornøyelse [tilsvarande rundt 543 norske kroner; oms.an.]. I ein alder av to månader bør ein baby drikke 120-150 ml kvar 3. til 4.time, noko som tydar at matinga vil koste £112 per dag [om lag 1352 norske kroner; oms.an.]. Og det å kjøpe brystmjølk på nettet er risikofylt. I Storbritannia og Irland er marknaden uregulert, noko som set foreldre i fare for å kjøpe mjølk som er av dårleg standard eller farleg til barnet sitt. Ein studie frå 2015 fann ut at 93% av brystmjølk kjøpt på nettet inneheld oppdagelege nivå av bakteriar, på grunn av bruken av ikkje-sterilt utstyr for å sende eller lagre mjølk. Babyar som drikk den kan bli eksponert for hepatitt B og C, HIV og syfilis.

Foreldre har derimot ikkje-kommersielle valmoglegheiter. NHS [den britiske nasjonale helsetenesta; oms.an.] har mjølkebankar – men det er berre 13 for heile England og Wales. For å fylle gapet grunnla dr. Natalie Shenker, ein NHS-opplært lege, saman med Gillian Weaver, The Human Milk Foundation (HMF) den einaste veldedigheita i Storbritannia som vier seg til å halde dei med brystmjølk som ikkje er kvalifisert for donormjølk slik som mødrer med kreft. «Vi oppretta HMF fordi vi visste at på grunn av stenginga av NHS-finansierte mjølkebankar, ville forretningar snart dukke opp,» seier Shenker. «Og der finst klare potensielle skademoment i å betale ei dame for å produsere mjølk.»

Eg har sett desse skadane med mine eigne auge. Som eg oppdaga under denne turen til Kambodsja i 2017, var dei damene som vart mjølka som kveg del av ein påtvingande forretningsmodell utvikla av hallikar i Phnom Penh: desse mennene averterte gravide damer frå sine bordell til brystmjølk- og graviditets-fetisjistar, for so å selje mjølka deira i postordre-stil på nettet.

Dette er svært internasjonal forretning: eg har sett amme-«tenester» avertert av eit bordell på New Zealand, og snakka med vestafrikanske trafficking-damer i Pisa i Italia, som fortalde meg, «italienske menn likar oss gravide og med brysta våre fulle av mjølk.»

Ammings- og graviditetsporno er ein sjanger som veks urovekkjande fort. Fjorårets Channel 4-dokumentar, Breastfeeding My Boyfriend, kasta noko lys over fenomenet. Bortsett frå å høyre historiene til to par som praktiserer «erotisk mating» medan dei live-streamar på pornosider, vart sjåarane òg introduserte til ei ung dame som går under namnet «Milky Mummy», ei mor til tre småbarn, som tente £30 000 på å selje ammevideoar på nettet [meir enn 362 000 norske kroner; oms.an.].

Resultatet er at når brystmjølk er til sals, er det ikkje berre damer som kjøper det. Som Karleen Gribble, ein ekspert i småbarnsmating, fortel meg: «I rike land blir lite av mjølka som blir selt brukt til å mate babyar. For det meste er mjølk til babybruk gjeven utan direkte betaling. Dei som kjøper mjølk har tendens til å vere vaksne menn som vil ha det for å hjelpe med kroppsbygging eller av seksuelle grunnar.»

Desse stakkars, desperate damene som sel mjølka si for ein slikk og ingenting i Kambodsja, har inga aning at den hadde like stort sannsyn for å ende opp hjå mannelege fetisjistar og vektløftarar som til babyar.

I eit forsøk på å forstå kvifor ein vaksen mann ville kjøpe slike tenester, snakka eg med nokon som gøymer seg bak pseudonymet «Breast Milk Enjoyer». Han fortalde meg at han vart introdusert til konseptet av kroppsbyggjarane sitt nettsamfunn, som drikk brystmjølk for det menneskelege veksthormonet IGF-1 og fordi den er tik på probiotika. «Ein venn gav meg ein pose av konas frosne mjølk for å prøve, for å sjå om eg lika det før eg gjorde det til ein del av dietten,» fortalde han meg. «Det var mykje søtare og vassent enn eg hadde venta, nesten kvalmande. Men eg heldt ut, og for meg vart det ein erverva smak som eg byrja å setje pris på.»

Kroppsbyggjarar vil betale gode pengar for brystmjølk frå damer som et organiske produkt, unngår frøolje og et sunne fettsyrer – sidan det er uregulert, kan det til og med bli selt av individ på Facebook. Ein mannleg brystmjølk-entusiast påstod på Twitter at «damene hans» «er på ein elitediett so eg veit at kvaliteten er eit hestehovud framfor andre forhandlarar av menneskeleg brystmjølk».

Breast Milk Enjoyer fortel meg òg at «det høgreorienterte kroppsbyggjar-nettsamfunnet, som eg er ein del av, har som kjelde nesten berre konene til men i sfæren eller damer som tilhøyrer den. Eg er overbevist om at å ha desse personlege tilknytingane tydar at vi får tak i mjølka på ein etisk måte.» Han insisterer i tillegg på at hans inntak ikkje er seksuelt. «Eg likar det veldig mykje no. Det er ikkje ein fetisjting. Eg har berre drukke so mykje av det gjennom åra at kvar tabu er broten. Når du fyrst prøver frosen, må du prøve rett frå krana.»

Han vedkjenner seg derimot at der finst ein ekstrem ende av industrien – utan å innsjå at han er del av problemet: «Du har inga aning om tilstande til innboksane våre,» klagar han. «Damer vil avertere ei full-service mjølkingsoppleving, komplett med kostyme, for tusenvis av dollar.»

Han kan ikkje sjå at det å gjere damer til ei salsvare – om det er handel av brystmjølka deira, leiga av livmorene deira, eller prostitueringa av kroppane deira – alltid er marknadsført som altruisme, når alt faktisk handlar om profitt. Og utnytting og misbruk av damer i uføre er i kjernen av alle desse transaksjonane.

Eg har sett amme-fetisjistar referer til damer som gjev mjølk som «kyr» på forum. I Kambodsja høyrde eg babyar og småbarn gråte av svolt medan mjølka som var meint for munnane deira vart tappa for eksport. Og eg har høyrt vaksne menn stønne om at ammande damer fyller opp innboksane deira. Det er lite truleg at vi gladeleg kommersialiserer moderleg amming og lèt mjølketjuvane lage sine eigne reglar, heller enn å slå ned på nok ei kynisk utnytting av damer og kroppane deira.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s