Om vernepleiaren sin invasjon av sjukeheimen – ei fiktiv historie

Her kjem ei lita utgreiing om kva som skjer når ein vernepleiar forlèt sin heimlege Etat for tenester til utviklingshemma, og prøver sine teoretiske verktøy på til dømes ein sjukeheim. Dette skjer frå tid til anna – heldigvis ikkje so ofte! Les den med lått i halsen og risting på hovudet.

I gamle dagar fanst der eit heilagt trepartssamarbeid mellom dei tre mest prominente og viktigaste yrka innan helse og omsorg: Samarbeidet mellom legen, sjukepleiaren og hjelpepleiaren. Legen, som var klokast og hadde den lengste og mest omfattande utdanninga, sat på toppen og gav sine vise, innsiktsfulle ordrar til sjukepleiaren, som deretter vidaredelegerte sine oppgåver til hjelpepleiaren. Sjukepleiaren og hjelpepleiaren tok seg av den praktiske delen av omsorga til pasientane, og hjelpepleiaren gjorde det som sjukepleiaren ikkje hadde kapasitet til. Dette var ei perfekt ordning som hadde fungert ypparleg sidan Florence Nightingales dagar – om ikkje lenger.

So har vi då denne vernepleiaren, som troppar opp på arbeidsstaden med sine ferske eksamenspapir frå høgskulen. Han spankulerer rundt på avdelinga som om han eig ho, og kommanderer rundt alle frå lege til vaskekjerring. Leiarstillinga blir på mystisk vis hans, sjølv om der finst andre som er langt meir kvalifiserte. Han overtek oppgåvene til legen og sjukepleiaren, òg dei oppgåvene han eigentleg ikkje kan. Medisinar, papirarbeid og kaffidrikking stel han rett ut av nevane på sjukepleiaren og administrasjonen, og legen, sjukepleiaren og hjelpepleiaren finn seg sjølve umyndiggjort på sin eigen arbeidsstad! Alle forsøk på å fjerne vernepleiaren strandar på steingrunn, for administrasjonen har kort fortalt blitt kuppa av andre vernepleiarar, som er gamle kompisar frå høgskulen.

Legen finn seg ikkje i denne handsaminga, og i kraft av å vere lege, forlèt han avdelinga og opprettar eigen praksis på legekontor. Der finst ikkje eit legekontor i landet der det jobbar vernepleiarar, og der er gode grunnar til det òg! Sjukepleiaren og hjelpepleiaren blir derimot igjen, og dei lid begge under det inkompetente styret til sin nye sjef – avdelingsleiaren med høgskuleutdanning. Det viser seg fort at dei treng vernepleiaren like mykje som dei treng eit hòl i hovudet, for fyren viser seg å vere lite nyttig. Han deltek knapt nok i omsorga til pasientane, for det han med forakt kallar «miljøarbeid» byr han i mot. Dette er eit paradoks, ettersom vernepleiarane sjølv kallar seg «miljøterapeutar». Akkurat som ingen japanar kallar seg japanar, kallar ingen vernepleiarar seg for vernepleiarar. Sjølve ordet «vernepleiar» er eit eksonym, eit namn alle andre enn dei sjølv kallar seg.

Vernepleiaren sit på kontoret som tidlegare tilhøyrde legen, slurpar kaffi og raslar med skjema. Han ser på økonomien til avdelinga, og finn ut at ho går med tap so det ljomar. Det faktum at alle helseføretak går med tap, vel han å totalt ignorere. Her må det strammast inn, og det litt brennkvikt, før han får kjeft av sine overordna!

Han byrjar med å kutte stillingsprosentane til hjelpepleiarane og dei ufaglærte, for dei skal sovisst ikkje jobbe i fulle stillingar! Sjukepleiarane kan han ikkje røre, for dei har prominente kontaktar i fagforeininga si. Til slutt er det berre han sjølv og dei to sjukepleiarane på avdelinga som jobbar hundre prosent. Resten av gjengen er tilsett i småstillingar med tre desimalar i seg for at turnus skal gå opp. Han har tre hjelpepleiarar tilsett i stillingar på høvesvis 58,334%, 45,489% og 42,432%. Han har ein haug med assistentar tilsett i helgestillingar og som er tilsett som ringjevikarar – populært kalla «ring-og-spring»-vikarar. Dei er dei som jobbar mest, best og hardast, for dei er avhengige av godviljen til sjefen for å ikkje bli fjerna frå vikarlista. Dei slepp alt dei har i hendene – om det so er sitt elleve månader gamle barn – og møter på jobb på timen, på kostnad av alt anna i livet sitt. Alle er kvinner, utlendingar eller begge delar. Valet av kjønn og etnisitet er gjort med føremål, for desse er lette offer å utnytte, ettersom dei ikkje kjenner rettigheitene sine. Arbeidsmiljølova har dei aldri høyrt gjete om.

På papiret ser alt strålande ut, men det er ein svikefull byråkratisk illusjon. Drifta av avdelinga kunne ikkje ha vore verre. Assistentar og hjelpepleiarar jobbar ræva av seg, og får berre kjeft tilbake. Sjukepleiarane blir handsama som om dei var skuleungar, og blir frårana alle viktige oppgåver. Avdelingsleiar sjølv sit på ræva på kontoret og slurpar kaffi og raslar med skjema. Søler han kaffi, ventar han i tre timar på vaskekjerringa, for reinhald er ikkje ein del av hans arbeidsoppgåver! Dei andre må berre ta han på hans ord, for kva som faktisk er hans arbeidsoppgåver, er det berre han sjølv som veit.

Etter kvart som tida går, seier sjukepleiarane og hjelpepleiarane opp sine stillingar og søkjer jobb andre stader. Kor som helst, berre ikkje der – før jobbar dei heller på psykoseavdelinga på eit psykiatrisk sjukehus! Avdelingsleiar skjøner ikkje bæret. Han kan for sitt berre liv ikkje forstå kvifor der er mannefall i personalgruppa, og kvifor han berre får inn ufaglærte i småstillingane som han lyser ut. Til slutt endar han opp som einaste helsefaglege autoritet, skremmande nok. Alt går til helvete, men i det minste får han brukt sine teoretiske verktøy!

Enden på visa blir at han tilset ein haug med framandspråklege ufaglærte som knapt nok kan å vaske ei ræv. Der er kaos på avdelinga, og pasientane er heldige om dei overlever opphaldet. Einingsleiar – sjefen hans – roser han for at avdelinga omsider går i pluss. Avdelingsleiar er sjeleglad for at hans evner kjem til sin rett, so får det heller våge seg at ingen andre sine evner gjer det!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s