Mystisk halssjukdom har råka Mike Adams: Ute av stand til å spele inn dagleg podcast

I dag var følgjande Situation Update å sjå på sida til Mike Adams, The Health Ranger, på Brighteon (saksyndig si omsetjing):

«Kva som enn råka meg førre torsdag har no spreidd seg til halsen min og har mellombels øydelagt stemma mi. Eg vil ikkje vere i stand til å spele inn nokon Situation Updates eller intervju på minst ei veke, kanskje to. Eg trur ikkje dette er omikron, delta eller nokon vanleg Covid-stamme, fordi dei to siste åra har eg gjentekne gonger vore blant veldig sjuke menneske, og i enkelte tilfelle pleia dei. Likevel ‘fekk’ eg aldri noko og viste aldri nokon som helst symptom. Eg har sterk mistanke om at dette er ein ny stamme, eller at eg vart treft av eit giftig nanopartikkel-åtak slik som Steve Quayle. Steve døydde nesten av det åtaket, men kom seg heldigvis gjennom det. Eg har funne ut at ivermectin slår denne greia ut svært effektivt, so eg er på 15 mg ivermectin dagleg akkurat no, og det har late meg for det meste slå denne greia tilbake, og late meg operere med 100% kognitiv kapasitet. Dersom stemma mi ikkje hadde svikta, ville eg spele inn podcasten som vanleg, men strupehovud-infeksjonen vil trenge tid til å helast.

Medan eg ikkje kjem til å spele inn nokon nye podcastar til dette lækjer seg, vil eg publisere ein artikkel på NaturalNews.com kvar dag med ein analyse av dagens viktigaste nyheiter.

Takk for tolmodet ditt. Eg kan ikkje vente med å kome tilbake i vigør, fordi at det å ikkje ha stemme syg.»

I tillegg til å eige nettstaden Natural News og straumetenesta Brighteon, er Adams i tillegg vitskapsmann som eig eit laboratorium der han mellom anna utfører massespektrumsanalysar. Han er òg gardbrukar, og eksperimenterer for tida med hydroponisk dyrking av grønsaker.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s