Fauci, Gates, Schwab og fleire har blitt klaga inn til Den internasjonale forbrytardomstolen for folkemord og brotsverk mot menneskeheita: Ein detaljert gjennomgang av tiltalepunkta

6.desember 2021 leverte ifølgje The Desert Review ein advokat og sju andre eit 46-siders dokument til Den internasjonale forbrytardomstolen i Haag, på engelsk kalla The International Criminal Court (ICC). Der er 16 prominente figurar i «pandemien» skulda for brot på fleire paragrafar i både Nürnberg-kodeksen og Roma-statutten, som regulerer brotsverk mot menneskeheita og krigsbrotsverk. Blant dei 16 som står på tiltalelista er dr. Anthony Fauci, dr. Peter Daszak, Bill Gates, Melinda Gates og direktøren i Verdas helseorganisasjon, Tedros Adhanhom Ghebreyesus. Andre namn inkluderer direktørane i vaksineselskapa Pfizer, Moderna, AstraZeneca og Johnson & Johnson. Den britiske statsministeren Boris Johnson står òg på lista, og det same gjer Christopher Whitty og Matthew Hancock. Dei to har i Storbritannia omtrent same rolla som Bjørn Guldvog og Espen Rostrup Nakstad her i Noreg.

Ein annan person som står på lista, er presidenten i World Economic Forum, Klaus Schwab.

Klagen er levert inn på vegner av det britiske folk. Ein av dei som er med på denne klagen er dr. Mike Yeadon, tidlegare visepresident i Pfizer. Allereie i april 2021 gjekk han offentleg ut med bekymringar om at mRNA-sprøytene var ein del av ein vondsinna avfolkingsagenda. Dette sa han i eit intervju med Planet Lockdown.

Som dr. Joseph Mercola skriv om ICC i den aktuelle artikkelen:

«Den internasjonale forbrytardomstolen (ICC) er ein mellomstatleg (engelsk intergovernmental) organisasjon og internasjonalt tribunal som har sete i Haag i Nederland. Deira aktitivetar er styrte av ein internasjonal avtale kalla Roma-statutten, som har blitt ratifisert av meir enn 120 land, inkludert USA.

ICC er ein permanent, uavhengig domstol som etterforskar brotsverk som har med det internasjonale samfunnet å gjere, slik som påstandar om folkemord, krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskeheita og aggresjonsbrotsverk (engelsk crimes of aggression). I teorien skal medlemsstatar samarbeide med domstolen, men det skjer ikkje alltid.

Dersom det krevst, kan domstolen opprette og føre sak mot individ som er blitt anklaga for desse typane av brotsverk, men den vil typisk berre gjere dette dersom medlemsstaten mislykkast i å ta dei rette juridiske grep mot gjerningsmannen, som kan skje dersom ein stat prøver å skjerme gjeldande individ frå strafferettsleg ansvar.»

Personane bak denne klagen skriv at dei gjentekne gonger har prøvd å få saken køyrt gjennom det britiske rettssystemet, men utan å lykkast. Straffestyresmaktene ville ikkje eingong ta i mot anmeldinga. ICC fører saker berre dersom ein stat ikkje kan eller ikkje vil utføre etterforsking og påtale sjølv.

ICC er likevel avhengig av at den aktuelle staten handhevar desse lovene og arresterer dei mistenkte, so ein medlemsstat kan framleis begrense domstolen si evne til å ta ein forbrytar til retten. ICC har ikkje sitt eige politi som kan utføre arrestordre. I dette tilfelle er dei mistenkte spreidde over fleire land.

Klagen seier at dei 16 anklaga har brote Nürnberg-kodeksen og fire artiklar i Roma-statutten. Roma-statutten ser på Nürnberg-kodeksen som del av internasjonal lov, og likestiller den med andre internasjonale avtalar som er anerkjent av sokalla «siviliserte nasjonar».

Dei mistenkte har ifølgje artikkel 6 av Roma-statutten gjort seg skuldige i folkemord, som statutten definerer som handlingar som går ut på å øydeleggje heile eller delar av ei nasjonal, etnisk, religiøs eller rase-gruppe. I dette tilfellet gjeld det folkemord på heile det britiske folket og ved utviding heile verda, der dei starta med eldre, kronisk sjuke og handikappa.

Folkemord er mellom anna: drap [vaksinar som fører til plutseleg dødsfall, til dømes hjarteinfarkt blant atletar; saksyndig sin kommentar], forårsake alvorleg kroppsleg eller mental skade [vaksinar og sokalla «koronatiltak»], innføre tiltak som har som intensjon å redusere fruktbarheit [igjen vaksinar, som har ført til alvorlege menstruasjonsforstyrringar blant damer i alle aldrar], å med vilje innføre livsvilkår som er kalkulert å medføre full eller delvis øydelegging [til dømes nedstenging av samfunnet]. Sistnemnde brot ser ein gjennom at små- og mellomstore bedrifter har gått konkurs på grunn av nedstenging medan dei største bedriftene har fått lov å halde opne (overføring av rikdom til dei rikaste på kostnad av dei mindre rike). Ein ser det òg i form av skade på folks immunforsvar og generelle helsetilstand gjennom å nekte tidleg behandling med effektive medisinar som ivermectin og hydroksyklorokin, munnbindpåbod og ikkje minst det å tvinge menneske til å ta vaksine.

Brotsverk mot menneskeheita inkluderer frårøving av menneskerettar gjennom portforbod, internering i karanteneleirar og segregering ved at uvaksinerte ikkje får gå på restaurant, fare med fly eller ta offentleg transport.

Når det gjeld anklagar om krigsbrotsverk, er dette dekt i artikkel 8 av Roma-statutten. Klagen skriv at «ein skjult krig har blitt sett i verk mot det britiske folket (og verda) gjennom å sleppe ut det biologiske våpenet SARS-CoV-2 og tilleggsbiovåpenet mRNA-genterapi-«vaksinar».» Dei mistenkte har òg begått sokalla mens rea, som tydar intensjon om å begå eit brotsverk. Dei mistenkte jobbar med vit og vilje på vegner av denne mørke globale avfolkingsagendaen. Brotsverka består mellom anna i å drepe menneske med overlegg ved hjelp av eksperimentelle Covid-sprøyter, og bruk av dødelege dosar med legemiddelet midazolam på sjukeheimsbebuarar med Covid-diagnose, og det å inkludere grafénhydroksid i sprøytene.

Dei forlangar ei full etterforsking av førekomsten av grafénhydroksid i sprøytene, i tillegg til ei full etterforsking av dødsfallet til den tyske kjemikaren og graféneksperten dr. Andreas Noack, som dei mistenkjer er eit attentat.

Munnbindpåbod og bruk av nasetestar med kreftframkallande kjemikaliar, reknar dei som tortur. Dei mistenkte har gjennom dette regimet påført stor liding og alvorleg skade på kropp og helse. Andre døme er stenging av legekontor, Covid-sprøytepåbod, bruk av psykologisk krigføring, bruk av økonomisk krigføring, bruk av biologisk krigføring, nekting av effektive medisinar, undertrykking av alternative behandlingsmetodar, bruk av respirator trass bevis på skade og å begå eutanasi på eldre Covid-pasientar med midazolam.

I tillegg listar dei opp omfattande øydelegging og frårøving av eigedom, som ikkje kan rettferdiggjerast ut frå militære behov.

Dei mistenkte har òg utført direkte åtak mot sivile, òg dei som ikkje har teke direkte del i fiendtlege handlingar.

Åtaket med SARS-CoV-2 og mRNA-sprøytene har forårsaka tap av liv, skade på sivile, skade på sivile gjenstandar og/eller vidtomrekkjande, langsiktig og alvorleg skade på miljøet.

Det siste brotsverket kallar dei crimes of aggression, aggresjonsbrotsverk, og om dette skriv dei følgjande:

«Dette er ein global, kriminell konspirasjon som har vore planlagt i fleire tiår. Det er no openbert at ‘planen’ involverer dei ultrarike og leiarane av dei fleste nasjonar, med få unntak.

Det er òg klart at mektige tenkjetankar, inkludert WEF [World Economic Forum] i Davos, so vel som Roma-klubben, og andre NGO-ar som WHO og GAVI blant andre, er i sentrum av denne drakoniske kriminelle konspirasjonen. Under det offisielle slagordet ‘BUILD BACK BETTER’, brukt av presidenten av WHO, presidenten av USA, so vel som presidenten av WEF, den britiske statsministeren i tillegg til tallause andre verdsleiarar.

Målet med denne aktiviteten er å skape ein ny verdsorden, gjennom FNs Agenda 2030, ved å ta frå kvarandre alle dei demokratiske nasjonalstatane, steg for steg, kontrollert av ein u-valt elite og å øydeleggje fridommane og den basale menneskerettane til jordas folk.

I tillegg til dette, er målet å øydeleggje små- og mellomstore bedrifter, å flytte marknadsandelane til dei største konserna, eigd av Den globale elite. Å fullbyrde dette målet vil mest sannsynleg føre til full slavebinding av menneskeheita.»

Dei manar til rask og umiddelbar handling gjennom å stoppe utrullinga av Covid-vaksinar, innføringa av ulovlege vaksinepass og alle andre typar ulovleg krigføring nemnt i klagen gjennom ei rettskjenning.

I tillegg har dr. Reiner Füllmich og hans koronaetterforskingskomité funne bevis på at vaksineprodusentane har brukt ulike serienummer på «vaksinane» som kode for kva av dei som berre er saltvatn, kva av dei som er mRNA-injeksjonar, og kva av dei som er giftsprøyter meint å forårsake død kort tid etter injeksjonen. Ifølgje Füllmich ser det ut som eit eksperiment for å avgjere kva dose som er nødvendig for å drepe eller lemleste menneske. Dei ymse partia inneheld ulik dosering og til og med ulike ingrediensar. Dr. Wolfgang Wodarg bekreftar funna til dr. Füllmich og hans komité: ei undersøking frå slutten av 2021 viste at berre 5% av sprøytepartia var ansvarlege for 100% av dødsfalla som skjedde kort tid etter injeksjonen. Wodarg hevdar òg at han har data som viser at vaksineprodusentane ser ut til å ha koordinert og synkronisert eksperimenteringa, slik at berre éin av dei slepper ut eit potensielt dødeleg parti om gongen.

Her kan ein sjølv søkje opp dødelegheita til dei ymse partinummera.

Mercola skriv avslutningsvis at å få dei mistenkte dømt for desse brotsverka mot menneskeheita vil utan tvil bli vanskeleg, ettersom det er so mange mektige menneske som samarbeider i denne globale konspirasjonen:

«Likevel må vi gjere det vi kan for å oppnå rettferd, og halde dei ansvarlege for alt dei har gjort med økonomien, levebrødet, familien, helsa og ikkje minst framtida til barna våre.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s