Offisielle statlege britiske data antydar at fullvaksinerte britar vil utvikle AIDS innan slutten av februar 2022

Artikkelen er henta frå The Exposé, og skriven av ein anonym person. Artikkelen inneheld ei rekkje skjema, som kan sjåast i originalartikkelen. Omsett av saksyndig.

Dei ferskaste tala frå UK Health Security Agency Vaccine Surveillance Report viser at oppfriskningsdosar massivt aksellererer nedbrytinga av immunforsvaret og at dei fleste dobbel-/trippelvaksinerte i Storbritannia kan utvikle ei ny form for Covid-19-vaksine-påført erverva immunsviktsyndrom innan slutten av februar 2022. [På engelsk heiter dette syndromet acquired immunodeficiency syndrome, betre kjent som AIDS; oms.an.]

Av ein bekymra lesar.

UK Health Security Agency (UKHSA) publiserer kvar veke ein “vaksineovervakingsrapport» som inneheld statistikk om Covid-19-tilfelle, sjukehusinnleggingar og dødsfall utifrå vaksinestatus i England over ein periode på fire veker.

Ved å samanlikne dei to tidlegare publiserte rapportane, har vi vore i stand til å kalkulere den reelle effektiviteten av Covid-19-injeksjonane over ein periode på seks veker so vel som immunforsvar-oppfriskninga eller nedbrytinga blant alle over 18 i England.

Her er link til rapporten, som viser immunforsvars-oppfriskning/nedbryting i kvar aldersgruppe mellom veke 47 og 50, 2021, ifølgje UKSHA Vaccine Surveillance Report – Week 51.

Desse tala viser ein absurd alarmerande rate av øydelegging av immunforsvaret. […] Ein vaksineeffektivitet på -100% tydar at vaksinane har fullstendig øydelagt immunresponsen din til Covid-19. Du er forsvarslaus mot det når ein samanliknar deg med ein uvaksinert (altso nokon som framleis har ein immunforsvarsrespons). Dei vaksinerte vil bli dømte til å bli gjen-infisert på ubestemt tid, slik som den trippelvaksinerte Labour-leiaren Sir Keir Starmer.

Det er viktig å innsjå at dette er ikkje vaksinar som mislykkast i å fungere eller som har minkande effektivitet. Det vil berre føre til 0% vaksineeffektivitet. Dersom vaksinane berre mislykkast i å fungere, ville effektiviteten deira nærme seg frå over effektiviteten av uvaksinertes immunforsvar. Men dei gjer ikkje det. Vaksinerte tilfelle er fleire gonger verre enn dei uvaksinerte tala tilfelle. Vaksinert effektivitet dukkar milevis under uvaksinert effektivitet. Desse tala er ein katastrofe for vaksinerte.

Vaksinane minkar ikkje, og ei heller vil dei auke i framtida. Kvar celle som dei infiserer byrjar å produsere patogenske piggproteinar. Immunforsvaret ditt gjenkjenner dette (sjølv om du ikkje gjer det) og sender draps-T-celler for å øydeleggje desse cellene. Fordi ulikt den noverande generasjonen av politikarar, farmasøytiske seljarar og NHS-byråkratar, prøver immunforsvaret desperat å halde deg i live. Dess fleire oppfriskningsdosar du tek, dess fleire piggproteinar vil du lage, dess fleire celler vil du miste, og dess større vil delen av din begrensa immunforsvarrespons bli brukt i ein sjølvforårsaka borgarkrig mot vaksinerte celler.

Du vil kanskje ikkje sjølv gjenkjenne vaksinar som framande, som farlege og som dødelege for kroppen din, men immunforsvaret ditt er ikkje einig med deg. Akkurat no øydelegg det absolutt kvar einaste vaksinerte celle i kroppen (dersom du er vaksinert).

Det er immunforsvaret som held deg på beina, som lèt deg puste og som stoppar deg frå å krepere av myokarditt, ikkje vaksinane. (Tilfeldigvis for alle dei som har trudd på løgna om mild myokarditt, ver vennleg å lese den siste delen av denne artikkelen.)

Desse mest nylege UKHSA-tala er ein katalog av progressiv vaksineøydelegging av immunforsvaret ditt som vi fyrst identifiserte og publiserte i The Exposé 10.oktober 2021.

Desse vaksinane reprogrammerer immunforsvaret ditt til å feile, og til difor å krevje meir legemiddel frå Pfizer og Moderna, akkurat som ein HIV-AIDS-pasient. Ingen ekte vaksine vil nokosinne ha negativ effektivitet. Desse vaksinane er immun-forstyrrarar forkledd og selde som immun-oppfriskarar. Dei har ingen direkte effektivitet mot omikron i det heile. So denne varianten tilsynegjer deira sanne natur som gift for immunforsvaret. Dette kan vere kriminelt bedrag. Mange som bryr seg har prøvd å avsløre dette i fleire månader. Men no har UKHSA gjort jobben vår for oss.

Desse tala viser at Pfizer og Moderna har som forretningsmodell å marknadsføre og selje immun-forstyrrarar som vaksinar.

Det einaste spørsmålet som no gjenstår er kor mykje av vårt immunforsvar som vil ha blitt 100% øydelagt innan slutten av februar? Kor mykje av den immune responsen mot Covid-19 treng ein for å kjempe mot kreft, bakteriell sepsis, sopp-sepsis, andre virus, autoimmune sjukdommar, osv., osv.?

Dersom du stoppar å forgifte kroppen din, vil han kome seg. Dersom du held fram å forgifte han, vil han ikkje.

Alt det raude blekket i vaksineeffektivitets-skjemaet erklærer at vaksinepassa er det nøyaktig motsette av kva som krevjast for å kjempe mot denne pandemien. Det er dei vaksinerte som spreier omikron, ikkje dei uvaksinerte, og dess fleire vaksinar du har teke, dess fortare vil immunforsvaret ditt bli brote ned.

The Exposé påpeikte i oktober at oppfriskningsdosar gjev deg kortvarig immunforsvar-stimulering som snart vil følgjast av endå raskare forfall av immunrespons. Dette var i Herrens namn ei underdriving – ei immunforsvarsnedbryting på 70% for aldersgruppa 70-79?

Her er kva vi publiserte 30.oktober.

«På den andre sida av aldersskalaen, opplevde 80+-gruppa ei stor forbetring i Veke 42, på grunn av oppfriskningar som vil kjøpe dei eit par månader med forbetra covid-immunitet som vil gøyme den framhaldande, gradvise nedbrytinga av immunforsvaret. Desse oppfriskningane er dei same som dei originale vaksinane (fordi inga anna sprøyte har enno blitt godkjent og fordi legemiddelselskapa har so lengt berre fått juridisk immunitet mot dei originale vaksinane). So bekymringa er at medan Covid-19-immunitet kan ha blitt forbetra i eit par månader, går deira generelle immunitet no tilbake enno raskare enn den ville ha gjort dersom oppfriskingane ikkje hadde blitt tekne. Vi vil sjå om dette viser deg å vere tilfelle utifrå framtidige data.»

Vel, no har vi dei framtidige dataa, og diverre kan vi sjå at dette var tilfellet.

Dr. Steve James frå King’s College-sjukehuset i Sør-London

Vi må sitere dr. Steve James ved King’s College-sjukehuset i Sør-London her, der han responderer til den britiske helseministeren Sajid Javid og seier: «So, eg har hatt Covid på eit eller anna tidspunkt, eg har antistoff og eg har jobba på ein Covid-akutt sidan byrjinga. Eg har ikkje teke vaksine, eg vil ikkje ha vaksine. Vaksinane reduserer overføring i berre rundt åtte veker for delta, og med omikron truleg mindre. Og for det, vil eg bli oppsagt dersom eg ikkje har vaksine? Vitskapen er ikkje sterk nok,» sa James.

Tala frå UKHSA bekreftar det han seier. Og vi må gje Sajid æra for å stille spørsmålet som fekk legen til å svare. Dr. James heldt fram:

«Dersom du ikkje har teke vaksinen, ikkje ta den, fordi beskyttelsen eg fekk frå smitte tilsvarer nokon som er vaksinert.»

«Ja,» svarte helseministeren, og la til, «men på eit eller anna tidspunkt vil det minke òg.»

«Men dersom du ønskjer å tilby beskyttelse med ein oppfriskningsdose, må du injisere alle kvar einaste månad,» poengterte James. «Dersom beskyttelsen mot smitte er vekke etter to månader, har du framleis ein viss beskyttelse etter éin – men dersom du ønskjer å framleis ha beskyttelse, må du gje oppfriskingsdosar til personalet kvar einaste månad, noko du ikkje kjem til å gjere.»

Desse siste kommentarane er nøkkelen, og har ikkje blitt breitt rapporterte. Men dette er ein akutt-hjartelege ved eit større Sør-London-sjukehus, som seier at ein ikkje må ta vaksinen.

Myokarditt har 56% dødsrate innan 4,3 år ifølgje American Heart Association

Dr. Anthony Hinton, ein konsulterande kirurg med 30 års erfaring innan Storbritannias National Health Service (NHS), har åtvara at Wuhan-koronavirus (Covid-19) «vaksine»-relatert myokarditt har 20% dødsrate blant barn etter to år, og 50% dødsrate etter fem år.

I ei Twitter-melding forklarte Hinton at viral myokarditt «er ikkje mild», og la til at «det er død hjartemuskel». Å til og med føreslå at myokarditt på nokon måte er mild, er det same som å seie at ein person er «lite grann gravid», la den skotske TV-programleiaren og forfattaren Neil Oliver til.

American Heart Associations medisinske tidsskrift Circulation forklarer at myokarditt resulterer I ein 56% dødsrate på 4,3 år. Storcelle-myokarditt har 80% dødsrate på fem år.

Myocarditis Treatment Trial rapporterte dødsrater for biopsi-bekrefta myokarditt på 20% og 56% på eitt år og 4,3 år, høvesvis. Desse utfalla liknar på Mayo Clinic sine observasjonsdata på 5-årig overlevingsrate som nærmar seg 50%. Overleving med storcelle-myokarditt er betydeleg lågare, med mindre enn 20% av pasientane som overlever fem år.

VAIDS

Innan slutten av februar kan kvar fullvaksinerte person i Storbritannia ha vaksine-forårsaka AIDS ifølgje den britiske staten sine eigne data. Kor mykje av immunforsvaret som no er igjen med evna til å bekjempe omikron, vil vere vekke.

Dette vil forårsake ei massiv bør på NHS og massiv smerte, liding og død, og alt har blitt påført oss av eit korrupt helsesystem. Dette må vere det største sjølvmålet i medisinsk historie.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s