Steve Kirsch sin tale på «Defeat the Mandates»-marsjen 23.januar 2022

Av Steve Kirsch, henta frå hans Substack-konto. Omsett av saksyndig. «Defeat the Mandates» har si eiga heimeside.

Intro: Steve Kirsch er ein tidlegare high-tech-executive frå Silocon Valley som sa opp jobben sin for å vie tida si til å kjempe mot mandata.

Hei. Eg heiter Steve.

Eg er ikkje ein lege. Eg er noko verre. Eg er ein ingeniør med to grader frå MIT.

Eg ser på data. Eg tek avgjerder basert på kva dataa seier, ikkje kva folk ber meg om å tenkje.

Etter at tre slektningar av ein venn av meg døydde rett etter å ha blitt vaksinert, byrja eg å sjå på dataa frå dei kliniske forsøka, frå studiar, frå staten, og frå legar.

Det som dataa sa var urovekkjande. Veldig urovekkjande.

For det fyrste var heile denne pandemien fullstendig unngåeleg.

Vi hadde ein protokoll for tidleg behandling i mars 2020 utvikla av George Fareed og Brian Tyson. Ingen døyr under deira protokoll om dei blir behandla tidleg. Null. Og berre eit fåtal blir sjukehusinnlagt. Likevel, i dag seier NIH ingenting om denne protokollen.

Det er latterleg. Dersom dei skal gjere noko obligatorisk, burde dei gjere deg obligatorisk for deg å byrje på denne protokollen om du får Covid. Men dei gjer ikkje det. I staden kan legar få autorisasjonane sine inndregne dersom dei føreskriv legemiddel for tidleg behandling slik som ivermectin.

Vi treng ikkje munnbind, vi treng ikkje vaksinar, vi treng ikkje mandat, og vi treng ikkje nedstengingar. Det gjorde vi aldri.

Det vi treng å gjere, er å byrje å lytte til dei legane som har behandla tusenvis av Covid-tilfelle med ingen dødsfall. Er det for mykje å be om?

Men NIH nektar å lytte til desse legane. Og i staden fokuserer dei på å skape ein vaksine som beviseleg berre gjer ting verre. Mykje verre. Covid-tilfelle er høgare enn nokosinne.

Vi blir tvinga til å ta ein vaksine for ei samfunnsmessig nytte utan å nokosinne bli vist risk/nytteanalysen.

Det er ein grunn til det. Nytta er negativ. Ifølgje meir enn 12 studiar, drep vaksinane minst 15 menneske for kvart liv som vaksinane var førespegla å redde. Og vi gjer endå fleire skadde for livet. For ungar har eg sett ein risk/nytteanalyse som viser at vi drep meir enn 100 ungar for å redde éin unge frå Covid.

Ingen har rett til å gjere det obligatorisk for meg å risikere livet for å redde andre menneske som eg ikkje kjenner. Det er uetisk og umoralsk. Eg vil ikkje friviljug velje å frårøve barna mine faren sin.

Ingen har rett til å gjere det obligatorisk for meg å ta ein vaksine som sannsynlegvis vil doble risikoen min for å bli smitta. Dataa som no kjem ut av Storbritannia og Skottland viser dette klart. I studie etter studie, dess meir du vaksinerer, dess meir sannsynleg er det at du blir smitta. Nøyaktig det motsette av det vi vart fortalde.

Dette er grunnen til at Boris Johnson i Storbritannia nyleg droppa alle Covid-restriksjonar. «Vi vil stole på vurderingsevna til det engelske folket,» sa han. Endeleg.

Kvifor kan vi ikkje gjere det her?

Folk ser til legane sine for råd om kor vidt dei skal ta vaksinen. Men legane kan ikkje fortelje sanninga. Dersom dei gjer det, vil dei få autorisasjonane sine inndregne for å spreie feilinformasjon. So dei forblir stille. Dette handlar ikkje om kva som er best for pasientane. Dette handlar om å bringe til stillheit pålitelege profesjonelle gjennom skremmetaktikkar. Det er gale.

Den andre tingen som eg fann spesielt urovekkjande var mangelen på gjennomsiktigheit og ansvarleggjering.

Ingen ved CDC, FDA eller NIH ønskte å svare på nokon av spørsmåla mine på kamera.

Min Kongressmedlem er Anna Eshoo. Ho nektar å møte meg eller svare på nokon av spørsmåla mine. Ikkje eit menneske i Kongressen som eg har støtta gjennom åra ønskjer å svare på eit einaste spørsmål eg har.

So eg tilbydde ein million dollar til medlemmane av utekomitéen til FDA og CDC dersom dei ville møte meg berre so eg kunne stille dei nokre få spørsmål på kamera. Alle nekta.

Eg har publisert spørsmåla på min Substack: stevekirsch.substack.com. Eg håper at du vil gå der og lese lista. Spør skulestyra dine, dine Kongressmedlemmar, og dine lovgjevande autoritetar. Krev svar.

Eg vil gjerne dele berre nokre få av spørsmåla mine med dykk no i dag. Dersom du likar desse spørsmåla, vil du like lista av spørsmål på Substacken min endå meir.

  1. Der er meir enn ni studiar som viser at vaksinane gjer det meir sannsynleg (ikkje mindre) at du vil bli infisert med Covid. Gjorde dei ein feil i alle ni studiane?
  2. Nevrologen min har 20 000 pasientar og 2 000 vaksine-skadde. Ho har vore i prasksi i 11 år utan vaksineskade. Denne vaksinen er meir enn 20 000 gonger verre enn andre vaksinar. Dersom vaksinen er so trygg, korleis forklarer du ei 10% skaderate?
  3. Der er no meir enn ein million uventa biverknader rapportert i VAERS-systemet. Ved å bruke CDC sin metodologi veit vi at VAERS er om lag 40 gonger underrapportert. Det er 40 millionar uventa biverknader og meir enn 5 000 tilstandar som er betydeleg forhøga. Korleis kan ikkje CDC sjå eit einaste tryggleikssignal (anna enn myokarditt)?
  4. Maddie de Garay vart skadd i Pfizers fase 3-forsøk. Ho er lam. Kvifor etterforska ikkje FDA det? Det er klinisk forsøksbedrag. Kvifor fortel vi ikkje folk at basert på det kliniske forsøket, er det ein sjanse på 1 til 1000 at ungen din kan bli lamma òg?
  5. Dersom vaksinane er trygge og effektive, kvifor treng so marknadsførarane juridisk immunitet mot skadeansvar?
  6. Dersom vaksinane er so trygge, kvifor aksepterer ikkje organisasjonane som gjer dei obligatoriske noko skadeansvar?

Ingen ønskjer å svare på desse spørsmåla. Eg har meir enn 100 på min Substack akkurat som desse.

Eg stengjer, eg er her for å redde barna mine.

Eg er far til tre ungar. To av dei går på skulen. Dei blir tvinga av skulane sine til å ta oppfriskingsdose. Denne oppfriskningsdosen vil sannsynlegvis gje dei auka risiko for å døy eller bli smitta. Det er gale. Skulane deira vil ikkje svare på nokon av spørsmåla mine. Kvifor ikkje? Kvifor er dei so redde for å bli haldne ansvarlege? Kvifor nektar dei å akseptere skadeansvar for mandata sine?

Medan eg har mislykkast i å få svar på berre eitt av dei spørsmåla, vil de kanskje ha betre hell enn eg har hatt.

Fram til dei svarer på spørsmåla på ein måte som gjer dykk fornøgde, burde de ikkje gå med på mandata deira.

Takk for at de er her i dag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s