Dama som dansa seg i hel

I 1973 gav den amerikanske gruppa Eagles ut albumet Desperado, der tittelkuttet «Desperado» vart ein hit. Denne vakre, rolege, piano-baserte balladen er ei oppfordring til nokon som har valt feil veg i livet om å vende tilbake til fornufta. Songen byrjar med linjene «Desperado, why don’t you come to your senses?». Kvifor kjem du ikkje til fornuft? Eg veit at du har dine grunnar. Desse tinga som gjev deg nyting kan på eit eller anna vis skade deg. Dette er ei omsetjing av teksten til songen som vart skriven av Don Henley og Glenn Frey, hovudlåtskrivarane i denne populære 1970-talsgruppa.

Songen sluttar med følgjande linje: «You better let somebody love you before it’s too late».

Du bør late nokon elske deg før det er for seint.

Og når er det for seint? Det er når du på grunn av dine handlingar og haldningar har avvist alle velmeinte forsøk på å hjelpe deg. Når du har avvist all hjelp og til og med fiendegjort dei som berre vil deg vel og som i fortviling ser deg gå til grunne. Som ser deg «danse» i veg mot den sikre død. Klart, døden er sikker for alle, men ein treng ikkje å framskunde det som uunngåeleg vil skje.

Eg jobba i fire år på eit ambulerande team som tilbaud tenester til heimebuande psykisk utviklingshemma i to bydelar i ein større vestlandsby. På den arbeidsstaden vart eg som helsefagarbeidar gjeve administrative oppgåver av sjefen min, som eg hadde eit godt forhold til. Eg hadde ansvar for å leggje inn vikarvakter i datasystemet arbeidsgjevar nytta. Eg var òg primærkontakt for fleire brukarar og hadde i tillegg ansvaret for å dokumentere utgifter som eg og kollegaene hadde i arbeidstida, mellom anna innkjøp av kaffi til administrasjonen og bruk av drosjerekvisisjonar for personale som ikkje hadde førarkort.

Ei anna oppgåve eg hadde var å lære opp sommarvikarar. Eg hjelpte òg sjefen min med å finne eigna kandidatar for denne jobben. Det var gjennom denne prosessen at eg vart kjent med «Vanessa», som var systera til ein sommarvikar som hadde jobba på dette teamet i fleire år. Systera snakka gode ord om Vanessa til meg, og gav meg telefonnummeret hennar. Etter å ha konferert med sjefen min, ringde eg Vanessa og arrangerte eit jobbintervju med meg, sjefen min og ein tillitsvalt frå den dominerande fagforeininga i kommunen.

Vanessa møtte opp på jobbintervjuet, som fann stad i byrjinga av mai, ulasteleg kledd i ein mørkeblå kjole. Ho hadde eit lekkert sølvsmykke rundt halsen med eit lite kors; smykket følgde perfekt kvar ein kontur av den perfekte halsen. Ho var 24, noko som er rekna som den perfekte biologiske alder for ei dame. Ho hadde lett krøllete blondt hår som rakk halvvegs ned halsen. Ho hadde isblå, livlege auge og perfekte tenner som glitra like vakkert som smykket. Ho fortalde med herleg skarre-r at ho i grunnen ikkje hadde so mykje erfaring innan miljøarbeid med utviklingshemma. Ho hadde jobba mest som modell og vikarlærar. Brysta hennar var store og stod herleg ut der ho sat med rak rygg og tilbakeretta skuldrar.

Etter at Vanessa (og hennar fantastiske puppar) sprada ut frå det vesle kontoret, snudde sjefen min seg mot meg og spurde meg:

«Du likar ho, ikkje sant?»

Eg svarte ja. Då sa sjefen min:

«Di godkjenning er meir enn nok for meg. Eg ordnar arbeidsavtale i dag.»

Dermed byrja Vanessa å jobbe som sommarvikar basert på lite anna enn sin fotogene utsjånad. Det viste seg at ho var god i jobben, noko som ærleg tala ikkje skulle so mykje til. Ho vart etter kvart ein mykje brukt ringjevikar, òg når sommaren var over. Ho dukka ofte opp på jobb, ettersom eg var ein av dei som hadde ansvar for å ta inn vikarar ved sjukefråvær. Vanessa var alltid den eg ringde fyrst. Sidan ho jobba som lærar og modell ved sidan av, var det ikkje alltid ho kunne ta ei vakt. Ho tok som regel seinvakter, sidan ho underviste på dagtid, og fordi modelloppdrag ofte skjedde om natta. Nøyaktig kva slags «modelloppdrag» ho eigentleg påtok seg, veit eg ikkje den dag i dag. Ein gong eg spurde ho om dette, vart ho sprutraud i ansiktet og vreid seg i stolen. Eg skifta med éin gong samtaletema.

Etter kvart tyda mykje på at hennar vakre utsjånad var meir ei forbanning enn ei velsigning for ho. Det var visse mannlege utviklingshemma brukarar ho vegra seg for å gå til. Faktisk ville ho ikkje fare på køyreoppdrag med nokre av dei. Dermed bestemte sjefen min (i dialog med meg) at Vanessa skulle fritakast frå enkelte oppdrag. Ho vart primært sendt til kvinnelege brukarar. Vi skjønte ho so altfor godt, ettersom enkelte av dei mannlege brukarane ikkje var særleg flinke til å skjule kor kåte dei var på ho. Dei visste ikkje betre på grunn av si utviklingshemming, som dei naturlegvis ikkje kunne hjelpe for.

Vanessa hadde sannsynlegvis sine demonar, noko som eg snart fatta mistanke om. Når eg ringde ho for å tilby ho ledige vakter, høyrdest ho alltid stressa og anspent ut, som om ho alltid var på veg vekk frå noko. Og på jobben såg ho aldri ut til å slappe heilt av, spesielt ikkje når ho var i ferd med å forlate arbeidsstaden etter kveldsvakt. Ho hadde eigen bil, men likevel var ho redd for å forlate bygningen. Eg sjølv gjekk eit kvarter til næraste busstopp og hadde difor større grunn til å «frykte» eventuelle åtak frå vondsinna vesen.

Ein sommar hadde eg eit avstandsforhold til ei nær venninne av Vanessa, ei som eg her kallar «Ursula». Ho budde på det sørlege Vestlandet, men hadde budd fleire år med Vanessa i ein nabokommune til den eg jobba i på den tida. Ursula var ei høgt intelligent ung dame på Vanessa sin alder, 24, og var særs talentfull på fleire område. Ho hadde nettopp byrja på ei prestisjefylt utdanning og framtida hennar såg roseraud ut. Eg ville svært gjerne vere ein del av den framtida.

Ursula fortalde meg at Vanessa var «over snittet» interessert i gutar. Ho hadde vore i fleire forhold, som stort sett hadde gått den vegen høna sparka. Ifølgje Ursula var Vanessa kåt som dagen var lang, og gjorde difor ukloke val når det gjaldt mannfolk. Ho gjekk ofte inn i forhold med single menn som hadde ungar. I slutten av 2018 gjekk eg sjølv inn i eit slikt forhold med ei dame som hadde ein liten gut, som eg var stefar til i halvanna år. Eg gjorde det derimot ikkje fordi eg var «kåt», men på grunn av omstende som var fullstendig tilfeldige. Vi forelska oss i kvarandre og ting skjedde. Eg oppdaga derimot at det ikkje var berre-berre å bli kjærast med ei dame som nettopp hadde skilt seg frå ein mann som ikkje på nokon måte ville godta at det var slutt. I tillegg sleit kjærasten min psykisk, og kan faktisk òg ha hatt trekk av personlegdomsforstyrring utifrå åtferda og handlingane hennar. Vanessa sleit openbert med det same, tenkjer eg no i ettertid. Å gå inn i forhold etter forhold, berre for å oppleve at det ikkje fungerer, gjer utan tvil noko med sjølvbiletet og psyken.

Ursula følte seg meir og meir framandgjort frå barndomsvenninna. Ho skildra Vanessa som ei som prøve å «danse» seg vekk frå sine eigentlege problem, sine private demonar. Ursula valde ikkje dansemetaforen tilfeldig. Vanessa var nemleg profesjonell dansar som deltok på konkurransar. Hennar favorittantrekk var kvit silkedrakt med ballettskjørt. Ho prøvde i si tid desperat å bli ballerina, men tærne hennar tillét det ikkje. Ho hata alltid seg sjølv for at ho ikkje greidde å danse ballett, som var hennar store draum. Vanessa sleit psykisk, men lét ingen, sjølv ikkje familie og venner, hjelpe seg. Magen hennar rumla konstant av svolt på jobb, og ho åt ingenting anna enn salat og «Rett i koppen».

Vanessa var dømt til å danse seg i hel. Og dei som elska ho og brydde seg om ho kunne ikkje gjere noko for å stanse undergangen.

Ho hadde gjeve menn frikort til å bruke og misbruke ho etter kva dei fann for godt. Som tidlegare tillitsvalt hadde eg aldri tillate nokon å skrive under på ein slik «arbeidsavtale». Eg hadde heller varsla Arbeidstilsynet.

Eg såg fortvilinga lyse i auga til Ursula. Ho ville so gjerne hjelpe si kjære venninne, men det gjekk berre ikkje.

Seinare den sommaren eskalerte den mangeårige svertekampanjen som ein misunneleg vernepleiar på jobben hadde sett i verk mot meg. Ho hadde lenge klaga over at eg som helsefagarbeidar fekk kontoroppgåver, noko ho meinte eg ikkje var kvalifisert for. Det faktum at ho sjølv nekta å utføre dei same oppgåvene, og sjefen min difor hadde delegert dei til meg, ville ho ikkje vedkjenne seg. Ho jobba ei arbeidshelg med Vanessa, der ho utan tvil serverte si eiga feilaktige tolking av min natur. Som ein konsekvens ønskte ikkje lenger Vanessa å jobbe på teamet, og ho formidla min kollega sine løgner til Ursula. Forholdet vart avslutta av ei redd og engsteleg Ursula. Eg såg ho aldri meir igjen.

Vanessa jobba aldri meir i helse og omsorg. Ho heldt seg til den uføreseielege jobben som vikarlærar og eit og anna danseoppdrag. Det finst videoar av ho på Internett. Ho vrir og vrikkar seg som om ho har masse små maur under huda. Ho hiv etter pusten medan brysta står rett ut og småristar. Ho trivst ikkje i sitt eige skin. Ho vil berre ut og vekk. Ho vil danse, danse og atter danse.

Ho vil ingenting anna enn å danse seg i hel. Og ingen kan gjere noko for å stoppe ho.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s