Ein ny fase i Sirkus Korona: Ukritisk massetesting

Medan store delar av 2021 vart vigd til ukritisk og uvørden massevaksinering av yngre og yngre (og friskare og friskare) aldersgrupper som godtok det i desperasjon etter å få slutt på alle dei livsøydeleggjande tiltaka, ser 2022 ut til å bli året der ukritisk massetesting finn stad. Og her snakkar vi ikkje om å teste menneske som faktisk har kliniske symptom på luftvegsinfeksjon. Her er det dagleg testing, same om dei har symptom eller ikkje. Ei av dei åtte covid-løgnene er nemleg at covid kan smitte òg frå personar som ikkje har symptom. Før Sirkus Korona hadde si internasjonale lansering i mars 2020, vart asymptomatiske for det meste kalla friske menneske.

Ikkje berre er massetesting av heile befolkninga ressurskrevjande og totalt unødvendig, det er òg dyrt. Regjeringa har no tenkt å bruke heile fem milliardar på å skaffe testar, ut av ein pakke på 9,5 milliardar for å visstnok motverke koronasmitte. Dette er stikk i strid med blant anna analysar som er gjort av dei tre medisinske ekspertane Mette Kalager, Magnus Løberg og Michael Bretthauer. I beste fall fører denne massetestinga ifølgje dei tre til falsk tryggleik, i og med at ein negativ test kan vere falskt negativ. I verste fall fører det til at personar feilaktig trur dei er «sjuke», og dermed held seg heime frå jobb med ein falsk positiv test, med alle ulempene det medfører både for dei og for arbeidsplassen. For elevar vil ei slik ordning kunne føre til so mykje fråvær at det vil påverke læringa.

Dette vil koste samfunnet dyrt, både sjølve «test-pakken» på fleire milliardar, og dei astronomiske utgiftene dette vil koste arbeidslivet i form av auka fråvær. Økonomisk kompensasjon for sjukefråvær blir riktig nok dekka, men pengane må jo kome frå ein stad. Og kva gjer arbeidsgjevar om fråværet er so stort at drifta blir uforsvarleg? Då må heile arbeidsplassen stengje ned, og dette kan få konsekvensar for liv og helse om det er ein sjukeheim eller sjukehus som må stengje fordi alle dei tilsette er i karantene med «positive» testar.

9,5 milliardar ville ha kome særs godt med i å oppruste helsesektoren, slik at den ikkje skal bli «overvelda» av dei mange tusen smittetilfella som den offisielle forteljinga har spådd skal finne stad dei neste vekene. I staden vel ein heller å blåse av milliardane på testing opp og ned i mente. Målet er naturlegvis å få opp talet «tilfelle», slik at Sirkus Korona kan halde fram med sine nedstengingar, munnbindpåbod og rasering av små og mellomstore bedrifter innan kultur og uteliv. Og ikkje minst vil (i Steigans ord) «koronaregimets Knoll og Tott, Guldvog og Nakstad» kunne halde fram med å fremje sin propaganda om smittetal og vaksinering.

Alle tiltaka som byrja i mars 2020 over mesteparten av verda, hadde som mål å gjere menneske desperate nok til å godta injeksjon med «vaksinar» som på ingen måte var skikkeleg testa (om dei var testa i det heile). Når so «vaksinane» vart panegyrisk utropte som den store frelsaren av menneskeheita frå fæle Covid-19, var det få som ikkje lét seg overbevise. Dette høyrdest for godt ut til å vere sant: To stikk i armen, so ville vi få fridommen tilbake! Ein fridom som ingen stat hadde rett til å ta i fyrste omgang. Når so enkelte lét seg injisere med det som i byrjinga berre var «to stikk» og vart alvorleg sjuke og døydde, vart det å påpeike kor farlege injeksjonane var, bryskt avfeia som «konspirasjonsteoriar», og dei som ytra det vart kansellerte, trakasserte, oppsagte og i ekstreme tilfelle likviderte (slik som til dømes den tyske kjemikaren Andreas Noack). Kort fortalt var tiltaka middelet den offisielle forteljinga nytta for å nå målet: at flest mogleg skulle ta mRNA-sprøytene.

No, i 2022, har flest mogleg gjort dette. Dei som enno ikkje har teke sprøyta, kjem heller aldri til å gjere det. Sjølv ikkje utilbørleg åtferd frå staten, slik som Bidens vaksinemandat, eller Australias medisinske kidnapping av uvaksinerte og deira internering i Covid-leirar, kan no oppfylle denne mørke elitens mål. To år med skremselspropaganda og statsautorisert bølleåtferd har ikkje gjeve dei globalistiske psykopatane det dei ønskjer. Løysinga: massetesting for å kunne generere meir «smittetilfelle» og med det meir panikk blant den hjernevaska delen av befolkninga. Dei er diverre utafor alt håp, og ingen kan redde dei.

Akkurat no ser det derimot ikkje ut til at dei vil lykkast. Nokre land, slik som Storbritannia, ser ut til å ha mist trua på koronasertifikatet, og Færøyane har avskaffa det. Noreg ser ut til å kvi seg for å innføre det, for ettersom omikron-varianten enkelt smittar sjølv trippelvaksinerte, vil ikkje då grunnlaget for å segregere mellom vaksinerte og uvaksinerte falle bort?

Lat oss håpe denne fasen i Sirkus Korona er sluttfasen. Og lat oss håpe våre fiendar blir desperate nok til å tabbe seg ut so mykje at sjølv dei mest håplause oppdagar kva som eigentleg har skjedd.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s