Den offisielle forteljinga grip etter halmstrå: Bruk munnbind – få sex!

Det er for tida meir og meir som tydar på at Covid-korthuset held på å falle saman. Forteljinga har etter kvart so mange hòl at ho ikkje lenger kan haldast saman, sjølv ikkje av fienden sitt enorme propagandaapparat. Den nyaste løgna den offisielle forteljinga no prøver seg med, er denne: Munnbind gjer menn meir attraktive. Iallfall ifølgje 43 kvinner i ein studie utført ved Cardiff University sin School of Psychology. Denne studien er det Kiri i NoNonsenseNews som skriv om. Kjenner eg «vitskapen» rett, vart vel desse førtitals damene handplukka av dei kjøpte og betalte personane som utførde studien. Visstnok skal synet av eit munnbind gje folk assosiasjonar til omsorgsyrket eller medisinske yrke, og dermed gje tryggleik.

I våre dagar kan ein seie mykje om munnbind, mellom anna kor ubehagelege dei er å gå med over tid, at dei umenneskeleggjer oss, at dei er konstante påminnarar på den fæle, dødelege pandemien som har overteke verda (ja, særleg!). Men er det noko dei definitivt ikkje har, so er det sex-appeal! Dei har snarare det motsette. Munnbind vart før 2020 berre brukt under operasjonar (for å mellom anna hindre blod og kroppsvæsker å kome mellom pasienten og dei som opererte), og av sjuke personar som ikkje ønskte å smitte andre når dei var ute i det offentlege rom. Munnbind vart med andre ord sterkt forbunde med sjukdom og smittefare. I kva univers kan nokon finne det attraktivt?

Som Kiri skriv so treffande:

«Kvinnen har til alle tider vært tiltrukket av de hannene som hun oppfatter har best forutsetning for å gi henne et sunt avkom. Munnbind sender signaler til kvinnen om at hannen ikke er frisk og vital, og derfor gir det henne ingen insentiv om å skulle pare seg med ham. I tillegg vitner dette om konformitet, og kvinner ønsker ikke integritetsløse menn ute av stand til å tilby trygghet.»

For å kunne tilby tryggleik, må ein sjølv kjenne seg trygg, både på seg sjølv og på si evne til å takle situasjonar som uunngåeleg oppstår – inkludert innføringa av totalitære regime, der berre folkets motstand (og integritet!) kan stoppe det. Å gå rundt med kirurgiske munnbind i full offentlegheit når du sjølv er frisk som ein fisk, vitnar om det diametralt motsette av indre tryggleik og integritet.

Å bløffe til seksuelt frustrerte menn at det og det vil gje dei draget på damer, er noko tvilsame sjekkeguruar har gjort i ein mannsalder. Det er ikkje berre etisk forkasteleg, det kan òg få den sokalla «beta-hannen» til å utsetje seg for helseskadeleg risiko. Munnbind er ikkje akkurat sunt å gå med, og mot virus beskyttar dei like lite som ein hønsenetting beskyttar mot mygg.

Eit anna interessant fenomen, som Mike Adams snakka om i ein av sine daglege podcastar (sine Situation Updates), er dating og vaksinestatus. Ifølgje Adams har uvaksinerte menn større og større tendens til å velje vekk damer som har teke mRNA-injeksjonane. Ein vanleg biverknad av «vaksinane» er nemleg problem med fruktbarheita i form av menstruasjonsforstyrringar. Kva slags mann vil ha sex med ei dame som konstant blør ut av underlivet? Videoar av sokalla pandemi-babyar har etter kvart òg byrja å dukke opp, og berre ved å kaste eit blikk på dei, vil alle menn instinktivt sjå at her er noko hakkande gale.

Dersom menn som går med munnbind av damer blir vurdert som utrygge og integritetslause, korleis vil menn vurdere unge damer som tek tvilsame «vaksinar» som får dei til å spy endelause elvar med halv-koagulert piggprotein-blod ut av skjeden? Og som risikerer å tilbringe resten av sitt fruktbare liv å lide seg gjennom den eine aborten etter den andre fordi fostera er for skadde av «vaksinane» til å vere levedyktige? Og dersom fosteret mot den største formodning overlever, so vil dei ha svarte auge og sjå ut som romvesen? Eg trur sjølv den kåtaste beta-hann ville ha snudd på hælen og sprunge so fort ei viljug dame hadde sagt at ho var «vaksinert».

Og det hender faktisk at verpesjuke «vaksinerte» damer bløffar til daten sin om at ho er uvaksinert. I område der koronasertifikat er innført, kan dette då få komiske utfall. Til dømes dersom dama gløymer seg og tek han med på ein nattklubb, viser sitt eige koronasertifikat verdsvant til dørvakta, før ho spradar inn. Ho stoppar brått opp og ser tilbake på mannen, som naturlegvis ikkje slepp inn fordi han er uvaksinert. Og mannen ser på ho med eit hånleg flir og himlar med auga, før han snur på hælen og går vekk, for aldri meir å kaste eit blikk på den løgnaktige kjetta. Det er vel det eine tilfellet der desse innanlandske passersetlane kan vere til nytte – å avsløre kåte damer med vaksineanger, som er lei av sterile, impotente, munnbindberande vaksine-mannslingar. Når sprøyta til og med kan få unge atletar til å ramle døde om med hjarteinfarkt, so kan den òg ta frå dei ereksjonsevna.

Ja, tida framover skal bli interessant, folkens. Spesielt for dei som valde feil side i denne krigen mot menneskeheita.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s