Ein helsefagarbeidar møter veggen – ei fiktiv historie om sjukemelding

Følgjande fullstendig oppdikta historie tener som eit typisk døme på kva som kan skje når ein dyktig, hardtarbeidande helsefagarbeidar møter veggen og må sjukemeldast. Og i den norske helsesektoren skjer dette ofte – det er ein grunn til at sjukefråværet er blant dei høgaste i heile offentleg sektor. Her tek vi igjen fram Janne, den fiktive, 30-årige helsefagarbeidaren som har møtt opp på jobb i alle år og gjort sitt gode miljøarbeid for kva enn målgruppe ho var med.

Janne hadde svikta seg sjølv. Ho hadde ikkje behandla seg sjølv like bra som ho behandla brukarane. Her snakka ein alvorleg omsorgsforsømming. I motsetnad til dei sokalla «overgrepa» som vernepleiarane dreiv og glefsa støtt og stadig om at skjedde med brukarane, so var det Janne hadde gjort eit verkeleg overgrep mot seg sjølv. Kriminell forsømming. Ho hadde gått på akkord med seg sjølv i alle år, og aldri teke omsyn til signala kroppen heile tida sendte ut. Kunne ho sjå den vesle jenta som ein gong var ho sjølv i auga og forklare ho kvifor ho var so stygg med ho? Kunne ho starte på nytt med blanke ark, og møte seg sjølv på nytt og late den vonde fortida liggje bak seg? Det var eit uhyre langt lerret å bleikje for ei som i alle år hadde levd på nåden til psykopatiske kommunale mellomleiarar.

Sola verka alltid å skine då ho var lita. Ho pla alltid å sitje ute ved det vesle vatnet og teikne, lese eller skrive. Ho nynna alltid når ho var ute og gjekk. Alle sa ho alltid smilte. Ho hadde all grunn til å smile, for ho hadde det fantastisk. Dette var lenge før ho stifta kjennskap med vernepleiarane, farlege brukarar og vonlaust inkompetente leiarar. Det var før ho byrja å handle mot sin natur. Ho hadde aldri vore so lukkeleg sidan. Barnet i ho hadde blitt mishandla. Var den vesle, nynnande jenta der inne framleis? Kva var igjen av ho? Ville det bli eit fint syn? Eit gledeleg gjensyn? Kva ville den vesle jenta seie til vaksne Janne?

«Kvifor gjorde du dette mot meg?» ville den vesle jenta spørje. Ho ville sitje der ved det vesle vatnet med teikne- og skrivesakene. Noko mørkt ville ha dukka opp i auga hennar. Noko anklagande. Noko skuffa. Noko sint. – «Eg kunne ha blitt kva som helst. Kvifor lét du dei gjere dette med meg?»

«Det er slik verda fungerer,» sa Janne, ho hadde sett seg ned ved sida av vesle-Janne. Jenta såg på ho med forakt – det verka som om ho ikkje trudde på ho. – «Ein kan ikkje bli kva ein vil. Ein må jo ha ei inntekt. Skulle eg ha levd frå hand til munn som ein lutfattig kunstnar, forfattar eller ballerina?» Janne greip til halmstråa, for å sitje slik å bli sett på med forakt av barndommens seg var ikkje til å halde ut.

«Det verka ein dag som du berre gav opp å prøve,» sa vesle-Janne. – «Som om du berre godtok at dei skulle få lov til å behandle deg dårleg.» Ho var i ferd med å teikne ein katt. – «Helsefagarbeidar? Ringjevikar? Deltidslakei? Eg hadde hatt det betre som tiggar på gata!» Ho heiv teikneblokka i det solvarme graset. Janne skvatt til. – «Du har øydelagt livet mitt! Eg hatar deg!»

Vaksne Janne reiste seg opprørt. Vesle-Janne tok opp ei bok og byrja å bla i ho. Barneauga hennar lynte i sinne. Vaksne Janne byrja å grine, tårene trilla, ho hiksta høglytt. Kor lenge sidan var det sidan sist at ho grein? Ho kunne ikkje hugse det.

«Kva skal eg gjere, Janne?» spurde ho sitt yngre seg. – «Kva skal eg gjere slik at du sluttar å hate meg? Korleis kan eg få deg til å like meg igjen?»

«Det er for seint,» sa vesle-Janne utan å sjå opp frå boka. – «Eg er død. Du har teke livet av meg.» Ho bladde om. – «No skal eg lese. Lat meg vere i fred.»

Janne byrja å grine igjen.

«Kan du nokosinne tilgje meg?» spurde ho fortvilt. Vesle-Janne heldt fram med å lese, ho svarte ho ikkje. Vaksne Janne var ikkje verdig eit svar. Hadde ho greidd å tilgje nokon som hadde gjort det ho hadde gjort? – «Eg skal… Eg skal late deg lese i fred, Janne. Eg er so lei meg…»

Ho gjekk i frå det vesle vatnet og gjennom den store hagen. Ho kasta blikk tilbake på den vesle jenta som sat ved vatnet og las. Ei fantastisk eventyrverd som ho hadde late bli regelrett valdteken av arbeidslivets kyniske fallos. Ei fortært, utbomba øydemark. Eit redselsfullt forstadslandskap fylt til randa av psykopatar. Nitriste høgblokker, sjølve monumenta som stod der som manifestasjonar på burettslagregime av håplaus gjeld.

Dei var enorme gravsteinar som markerte gravene til medkjensle, empati og fantasi. Den største gravsteinen av dei alle var det livet som kunne ha blitt. Om Janne ikkje hadde mist trua på seg sjølv og ikkje gjeve opp.

**

Dagen etterpå møtte Janne opp på legekontoret med det same dei opna. Ho måtte ha ein hastetime. So fortvilt og vitskremd såg ho ut, at dama bak skranken fekk ordna time til ho om ein halvtime. Janne sat ute i venterommet. Det stod eit bord fullt i blad framfor ho, men ho orka ikkje å lese, sjølv om fleire av blada var vitskapsmagasin, som ho vanlegvis elska å lese. Ho kjende seg daud. Som om ho hadde mist si kjæraste venninne. Tom og daud innvendig. Barndommens Janne hadde forvist ho frå verda si, ho ville ikkje tilgje ho for det sviket ho hadde påført ho. All lidinga. All angsten. Alt slitet. Alle draumane som vart knuste langs ein steinete kyst og vaska i land på stormpiska strender. Ho ville ikkje ha unt det sin verste fiende, og no såg det ut som hennar verste fiende var ho sjølv. Hendene hennar skalv, men elles var ho ganske so apatisk. Ingenting spelte lenger noka rolle. Ho hadde ingenting. Ho var heilt åleine. Ein levande daud.

Fastlegen sat der djupt alvorleg og høyrde på Janne ause ut av seg kor forferdeleg ho hadde det. Ho hadde blitt omplassert med tvang frå ein jobb ho meistra til fingerspissane, og blitt kasta inn i eit helvete på jord der ho overhovudet ikkje meistra arbeidsoppgåvene sine. Ho var ingenting anna enn ein helsefagarbeidar som hadde teke livet av eit barn. Iallfall metaforisk sett. Ho hadde møtt veggen so hardt at ho hadde brast tvers gjennom den. Fastlegen såg på ho lenge, før han utan å nøle skreiv ut ei tovekers sjukemelding. Janne var i sjuande himmel over å sleppe å måtte fare på jobb, ho greidde omtrent ikkje å skjule det. Fastlegen oppfordra ho på det sterkaste å finne ein annan jobb. Det var mildt sagt lettare sagt enn gjort.

Janne gjekk frå legesenteret som på skyer. To veker fri! Det hadde ho knapt hatt sidan ho byrja i yrket ti år tidlegare. Med ein so lang friperiode, ante ho rett og slett ikkje kva ho skulle fordrive tida med. Utan noko betre i sinne, spaserte ho bort til bussterminalen og tok fyrste og beste buss til sentrum. Det var overskya, regn og to grader ute, men der og då brydde det ho fint lite. Ho slapp å fare på jobb!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s