Stengt sjukeheim: «Smittetilfelle», men ingen symptom

Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg, fekk den aude sjukeheimen eg jobba på eit sokalla «smittetilfelle» sundag 2.januar, då ein kollega testa positivt på ein hurtigtest. Den nytilsette leiinga fekk panikk og stengde ned sjukeheimen nærast på timen, og det vart innført testregime både for personalgruppa og bebuarane. Alle vart isolerte på si eiga avdeling, og eg frykta med rette det verste. Det vart kjøpt inn eit lite fjell av hurtigtestar, og eit mykje mindre fjell med dei langt dyrare PCR-testane. Resultatet vart at tre av bebuarane testa positivt, både på hurtigtest og PCR-test. To til i personalgruppa testa òg positivt på PCR-test – trass fråvær av symptom vart dei sendt i karantene. Resten av personalgruppa, inkludert meg sjølv, testa oss deretter med hurtigtest kvar dag før jobb.

Eit anna tiltak var at alle i personalgruppa måtte gå med munnbind under heile arbeidstida. Før var det ei differensiering mellom vaksinerte og uvaksinerte, der uvaksinerte måtte gå med munnbind i sokalla «bebuarnære relasjonar». Denne kontroversielle og uvitskaplege forskjellsbehandlinga kom i slutten av mai 2021; eg trur målet var å gjere det lettare for leiing, kollegaer og pårørande å sjå kven i personalgruppa som ikkje ville «gjere si plikt» og ta mRNA-injeksjonane. Det var òg ein måte å utøve utilbørleg sosialt press på folk for å få dei til å ta sprøyta, slik at dei dermed slapp å gå med munnbind. I desember 2021 kom det rundskriv frå uhelseminister Ingvild Kjerkol at uvaksinerte skulle levere to negative hurtigtestar i veka uavhengig av symptom; eg trur at målet der var å prøve å generere positive hurtigtestar berre hjå dei uvaksinerte, og igjen å utøve utilbørleg press på folk for å få dei til å ta sprøyta, slik at dei dermed slapp å teste seg støtt og stadig. Det var berre det at uvaksinerte heller gjekk med munnbind og testa seg to gonger i veka, enn å øydeleggje liv og helse med dei utesta mRNA-injeksjonane.

Til slutt kraup den offisielle forteljinga til korset og vedgjekk at «vaksinane» ikkje på nokon måte hindra i å bli smitta eller å smitte andre – og dette har uavhengige ekspertar heile tida påpeikt, for deretter å ha blitt kansellert, oppsagt, utfrosne eller utsett for «Andreas Noack-behandlinga». Og dersom uvaksinerte er kloke nok til å takke nei til mRNA-injeksjonane trass mobbing, gruppepress og psykologisk krigføring frå alle kantar, er vi for syne meg òg kloke nok til å vedlikehalde immunforsvaret slik at vi ikkje blir sjuke sjølv midt i verste forkjølings- og influensasesongen!

Til mi store positive overrasking valde sjukeheimen i samråd med smittevernoverlegen å opprette ei eiga «koronaavdeling» for dei tre bebuarane som hadde testa positivt på PCR-test. For éin gongs skuld vart det innført eit smitteverntiltak som faktisk har hald i vitskap, sunn fornuft og erfaring: i tradisjonell pandemihandtering har ein alltid isolert dei sjuke medan resten av samfunnet har gått som normalt. Smittevernoverlegen handla i samsvar med vitskap og sunn fornuft, men truleg i strid med agendaen til sine eigentlege overordna.

Dette tiltaket ser ut til å ha fungert. Trass at heile personalgruppa og bebuarane har vore under hurtigtestregime so godt som kvar dag dei siste 17 dagane, har alle levert negative testresultat igjen og igjen. Bebuarane har i tillegg blitt testa med PCR gjentekne gonger – utan nokon openberr grunn, riktig nok – og der har det òg utan unntak vore negative resultat. Det kan frå min ståstad sjå ut til at den offisielle forteljinga har gått ut av sitt gode skin for å forsøke å generere positive testar og dermed illusjonen av eit «smitteutbrot». Diverre for dei fungerte ikkje dette, men eg føler ikkje akkurat sympati med dei for å seie det mildt!

På bakgrunn av dette er det no blitt bestemt at sjukeheimen skal opne opp for «ferdsel mellom avdelingane», fellesaktivitetar, tenester frå frisør, fysioterapeut og fotpleiar, og ikkje minst opne opp for at pårørande igjen kan besøke sine kjære. Om ein ser på skrekk-sesongen 2020-2021, er tre vekers nedstenging heilt klart det minste av to vonde. Mellom mars 2020 og juni 2021 var sjukeheimane berre unntaksvis opne for eit begrensa tal besøk av pårørande, og på bestemte klokkeslett. Alle fellesaktivitetar var avlyste på ubestemt tid. No ser det ut til at alt vil vere som normalt igjen frå og med neste veke.

Med rette såg eg føre meg at eg igjen ville vere hjelpelaust vitne til at bebuar etter bebuar mista livsgnisten og døydde under endelaus nedstenging, isolasjon og frårøving av sosialt samvær med sine kjære. Det ser per dags dato ikkje ut til å ville skje denne gongen. Eg er glad for at eg spådde feil.

So skal det òg seiast at det er ei heilt anna haldning blant personalgruppa, leiinga, administrasjonen og sjølv smittevernoverlegen. Ingen er lenger livredde, forvirra og fanga i stats- og mediepåført massedanningspsykose. Det er temmeleg openbert for dei fleste at koronavirus ikkje er det fæle dødsviruset som den offisielle forteljinga skremde oss frå sans og samling med tilbake i mars 2020. Omikron-varianten er so mild at ingen har symptom.

Og snakkar ein om symptom… Dei tre bebuarane som var i karantene på «koronaavdelinga» i ti døgn viste ikkje på noko tidspunkt kliniske symptom på luftvegsinfeksjon. Hadde det ikkje vore for dei positive testane, hadde ingen med vit og forstand skildra dei som «sjuke». Sjølv smittevernoverlegen var sarkastisk i stemma då han karakteriserte dei som «asymptomatiske koronapasientar». Han tok seg ikkje eingong bryet med å undersøkje dei, men meldinga frå personalgruppa var klar: Dei var iaugefallande friske til å vere sjuke! Og dei tre personalmedlemmane som hadde testa positivt hadde heller ingen symptom. Ifølgje dei no «frisleppte» kollegaene, hadde det vore «to vekers betalt ferie der vi drog oss på sofaen, gafla i oss snop og runda Netflix!».

Etter møte med smittevernoverlegen, vart det onsdag 19.januar bestemt at alle i personalgruppa skulle gå over til å teste seg to gonger i veka. Ved manifeste symptom på luftvegsinfeksjon skal vi teste oss utanom desse to gongene. Før sjukeheimen stengde ned 2.januar, var det berre uvaksinerte som skulle teste seg to gonger i veka uavhengig av symptom. No føreligg det ikkje lenger ei slik differensiering.

Alle skal bruke munnbind «inntil vidare» – utan nokon spesifikk helsefagleg grunn. Sikkert berre eit psykologisk verkemiddel for å minne alle på at vi framleis er inne i ein «pandemi av ein allmennfarleg sjukdom med stor dødelegheit» (ja, særleg!).

Alt i alt ser ein ut til å ha gått vekk i frå differensiering mellom vaksinerte og uvaksinerte. Kan dette tyde på at fleire og fleire vaknar opp og byrjar å ta til fornuft? Når sjølv smittevernoverlegen faktisk innfører tiltak som går imot den offisielle forteljinga, er det håp i enden av tunnelen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s