Pandemiforteljinga gjer heilomvending

Henta frå ein artikkel av dr. Joseph Mercola. Kommentert av saksyndig.

Som vi har hatt mistanke om den siste tida, er det mykje som tydar på at den offisielle forteljinga om koronavirus og Covid-19 held på å falle saman. Dr. Rochelle Walensky, direktør i det amerikanske CDC (Centers for Disease Control and Prevention), sendte 9.januar 2022 ut ei melding på Twitter der ho oppfordra til å beskytte menneske med underliggjande tilstandar frå alvorleg Covid-19. Altso fokusert beskyttelse, som er akkurat det tusenvis av legar har bede om sidan tidleg oktober 2020 i Great Barrington Declaration. Tradisjonell pandemihandtering har alltid vore å isolere dei sjuke og beskytte dei sårbare, medan resten av samfunnet går som normalt. Dette gjekk land over heile verda samstundes vekk frå i mars 2020, då forteljinga om det fæle, dødelege Covid-19 vart lansert gjennom omfattande skremselspropaganda gjennom hovudstraumsmedia. All opposisjon, inkludert den frå Great Barrington Declaration, vart sensurert, ignorert eller stempla som «feilinformasjon», «desinformasjon» eller «konspirasjonsteoriar».

10.januar innrømte Walensky at Covid-sprøytene ikkje kan hindre overføring av smitte. Dette har sokalla «høgreekstreme konspirasjonsteoretikarar» sagt heile tida. Den offisielle forteljinga har altso gått vekk frå løgna som president Biden kom med i juli 2021: «dersom du tek sprøyta, kjem du ikkje til å få Covid.»

CDC seier no at du ikkje bør teste deg på nytt når du har blitt frisk frå Covid. PCR-testane kan nemleg gje falskt positive resultat i opptil 12 veker etter at immunforsvaret har nedkjempa virusinfeksjonen. Som «det spinnville samansuriet» har sagt heile tida, er PCR-testen ueigna som diagnoseverktøy, ettersom den òg slår ut på virusrestar frå tidlegare infeksjonar.

I tillegg kuttar CDC isolasjonstida frå ti dagar til berre fem. Kan dette vere eit forsøk på å få folk tilbake i arbeid raskare, so ein unngår meir av den pågåande kollapsen av det amerikanske samfunnet, og dermed desperat prøver å gjenopprette Bidens fallande popularitet? Den sitjande amerikanske presidenten har mykje kontrovers og snodige episodar rundt seg. Mellom anna «Let’s go, Brandon»-episoden, der rasande folkemengder under eit billøp ropte «Fuck you, Biden!», og ein reportar frå hovudstraumsmedia feilaktig gjengav ropa som «Let’s go, Brandon», ein hyllest til NASCAR-sjåføren Brandon Brown. Slagordet har sidan blitt eit populært meme, og symbolistisk for den veksande antagonismen mot president Biden. På grunn av forsyningskrisa som Biden-administrasjonen sine uvettige vaksinemandat har skapt, er tomme butikkhyller eit stadig vanlegare syn rundt om i USA. Han har dermed òg fått tilnamnet «EmptyShelvesBiden» («tomme butikkhyller-Biden»).

Bill Clinton vil bli hugsa for Monica Lewinsky-affæren. George W. Bush for å starte «krigen mot terror» i kjølvatnet av 11.september. Donald Trump for å ha visstnok oppfordra sine tilhengjarar til å storme Kongressen 6.januar 2021. Og Joe Biden? Kor skal eg byrje? Senil demens? Det falske Kvite hus-kontoret, der «vindauget» viser busker som står i full blomst midt på vinteren? Ein kan allereie no skrive tjukke bøker om hans regime.

Forteljinga er i tillegg i ferd med å endre kriteria for når noko er eit Covid-tilfelle, og korleis Covid-dødsfall blir talte. Walensky innrømte nyleg at rundt 40% av «Covid-pasientane» testa positivt utan å ha symptom, og at dei vart sjukehusinnlagte av andre årsaker. Ho har òg lovt å gjere tilgjengeleg data om kor mange som faktisk har døydd «av» Covid, og kor mange som døydde «med» det.

Great Barrington-deklarasjonen, som kravde fokusert beskyttelse av sårbare individ i staden for universell nedstenging av samfunnet, møtte stor motstand då den kom ut i oktober 2020. Ein sentral duo for å stoppe deklarasjonen var dr. Anthony Fauci og hans tidlegare sjef, Francis Collins, den no pensjonerte direktøren i National Institutes of Health (NIH; det amerikanske folkehelseinstituttet). Collins skreiv 8.oktober 2020 ein e-post til Fauci, der det stod:

«Føreslaget frå tre epidemiologar frå utkanten […] ser ut til å få mykje merksemd… Det må skje ei rask og øydeleggjande offentleg nedtaking av deira premiss…»

Fauci svarte «uro deg ikkje, eg fiksar det». Seinare dukka det opp artiklar som tilbakeviste løysinga om fokusert beskyttelse, der dei alle kalla løysinga for ei «dødeleg vrangførestilling».

No støttar CDC-direktøren denne «dødelege vrangførestillinga». Klart, dei sokalla «pandemitiltaka» har aldri handla om å beskytte menneske mot eit virus. Det har heile tida lege politiske mål bak plandemien, og det gjer det framleis. Faktisk har Biden-administrasjonen eit forklaringsproblem, i og med at tiltaka har vore fullstendig mislykka. Framgangen i å bekjempe viruset er ikkje-eksisterande, og no grip det politiske etablissement etter halmstrå for å få det til å sjå ut som dei har gjort framgang. Dersom «vaksinane» hadde fungert, ville ein jo ikkje ha sett smitteeksplosjonar over heile verda, spesielt i land med vaksinasjonsgrad på godt over 90%.

No treng den offisielle forteljinga ein måte å under-telje smittetilfelle, medan dei tidlegare i plandemien trong ein måte å over-telje dei. Dei må få det til å sjå ut som «vaksinane» har redda menneskeheita, sjølv om det stikk motsette openbert er tilfelle.

Ein enkel måte å få ned talet tilfelle på, er å begrense testing, spesielt etter at ein har testa positivt med ein ubrukeleg PCR-test, og deretter vore i karantene i det som no plutseleg er fem dagar. Å halvere karantenetida betyr at dei tilsette kan kome tilbake på arbeid fem dagar tidlegare, og dermed bidra til å oppretthalde ein økonomi som går den vegen Covid-høna sparkar. Misforstå oss rett, den offisielle forteljinga vil framleis øydeleggje økonomien, berre ikkje like før 2022-midtvalet! Dette er ein politisk strategi for å gje folket illusjonen om at Biden-regimet har fått kontroll over pandemien og gjenoppretta økonomien.

Walensky sa nyleg at 75% av dei Covid-døde hadde fire eller fleire underliggjande tilstandar, noko som tydar at dei allereie var svært sjuke då dei fekk viruset. Dette har «konspirasjonsteoretikarane» sagt heile tida, men har blitt møtt med alvorlege sanksjonar slik som kansellering, «deplattformisering», sosial utfrysing og det som verre er. Covid-19 er berre dødeleg om du allereie har ein fot i grava! «Vaksinane», derimot… Var det tilbake i 2019 normalt at topptrena atletar kollapsa mest kvar dag, eller at unge, friske damer blødde som slakta grisar frå underlivet i vekevis? Og førekom det støtt og stadig at 7-åringar fekk hjarteinfarkt, «tilfeldigvis» like etter at dei hadde fått sprøyta?

Utifrå den omfattande mengda statistikk som no er tilgjengeleg, er risikoen for å døy av Covid-«vaksinen» langt, langt større enn å døy av sjølve Covid. Berre spør det amerikanske forsikringsselskapet OneAmerica, som har sett ein 40% auke i dødsfall blant personar mellom 18 og 64 år.

Nærmar Sirkus Korona seg slutten? Jeff Childers er advokat og president og grunnleggjar av Childers Law Firm. 10.januar 2022 skreiv han i eit blogginnlegg at «mykje røyndom har brote gjennom [den falske forteljinga] i det siste». Ein føderal dommar beordra nyleg FDA å gje ut Pfizer sine data om Covid-sprøytene, som byrået eigentleg ville bruke 75 år på å gje ut. Mesteparten av dei dataa kjem dermed til å bli tilgjengelege innan 1.mars 2022, tilfeldigvis dagen Biden har sin State of the Union-tale. Childers mistenkjer at Pfizer-dokumenta vil innehalde mykje politisk sprengstoff og «fôr» som motseier den offisielle forteljinga. Dokumenta vil òg danne motvekt til Biden-regimet sin plan om å erklære pandemien for over, slik at Biden kan framstå som frelsaren i eit alvorleg lidande amerikansk samfunn.

Som ein liten digresjon har den britiske statsministeren Boris Johnson sagt at dei fleste pandemitiltak til ta slutt i nær framtid. Aner vi eit liknande trekk hjå Bidens britiske motstykke?

Haldninga i den vestlege verda ser no ut til å vere at Covid er noko vi må leve med. Og det er klart at det er enkelt å leve med ein «sjukdom» som for tida nesten totalt manglar symptom!

Eit anna teikn på at forteljinga anten kollapsar eller er under desperat endring, er at den amerikanske høgsterettsdommaren Sonia Sotomayor nyleg vart «faktasjekka» av Washington Post angåande hennar påstandar om at 100 000 barn var under respiratorbehandling for omikron-varianten. Hovudstraumsavisa gav ho «fire Pinocchio-ar». Som dei fleste veit, voks nasen til Pinocchio kvar gong han laug. Med andre ord laug Sotomayor so det rann av ho.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s