Internasjonalt anerkjent tysk kjemikar død etter oppsiktsvekkjande funn av grafénhydroksid i Covid-«vaksinar»

Dr. Andreas Noack var ein tysk kjemikar som var anerkjent i heile verda. 23.november la han ut ein video der han avslørte førekomsten av grafénhydroksid (engelsk graphene hydroxide) i Covid-19-«vaksinane». Tre dagar seinare døydde han under mystiske omstende. Mystikken oppstod då Noacks gravide kone etterpå la ut ein video der ho sa at same dagen som han la ut videoen sin om grafénhydroksid, utvikla han pustevanskar og døydde tidleg på morgonen 26.november 2021.

Følgjande utdrag er henta frå Natural News sin artikkel om hendinga, der kona hans fortel med eigne ord kva som skjedde (omsett av saksyndig):

«Det var den dagen grafénhydroksid-videoen vart publisert og intervjuet med herold Thiers fann stad,» forklarte Noacks kone på tysk. «Deretter gjekk han opp trappa til galleriet; vi slappa av, prata, lo og fortalde kvarandre kor mykje vi elska kvarandre.»

«Deretter ville han gå ned på kjøkkenet og hente seg noko å ete på, og vanlegvis bruker han ikkje meir enn eitt minutt der, so eg gjekk ned og sa på spøk ‘du et alt opp for meg igjen’. I den augneblinken byrja han å vaie fram og tilbake, og eg trudde han dreiv meg opp i ap – det såg ut som han spelte.»

Det som skjedde etterpå, var endå meir sjokkerande:

«Akkurat då gjekk straumen og det heile hende 20-30 minutt etter intervjuet, og deretter kollapsa Andreas i armane mine,» heldt ho fram med å forklare. «Han byrja å stønne, og hadde store smerter.»

«Kroppen hans vart heilt stiv, og plutseleg kunne han ikkje snakke lenger. Fyrst trudde eg han hadde blitt forgifta fordi det høyrdest ut som han skulle kvelast. Eg gav han Sole [vatn med salt], deretter spydde han opp alt han hadde ete den dagen, noko som ikkje var mykje. Eg kunne rett og slett ikkje gjere noko.»

Noack var lamma ei stund. Deretter kunne han gå opp til andreetasje for eiga maskin. Pustevanskane heldt fram, før han igjen vart lamma.

«Han kunne ikkje puste lenger, og eg byrja å skrike,» erindrar ho. «Eg skreik til han at han måtte kome ut av denne tilstanden og kome tilbake til meg. Eg skreik og han prøvde å roe meg. Eg sytte føre at Andreas kunne puste godt.»

Akuttpersonale prøvde å hjelpe Noacks kone med å gjenopplive han over telefon for noko som ho sa kjendest ut som fleire timar. Til slutt dukka seks av dei opp og kopla han på maskinar, so vel som ein respirator. Dei sa til kona at han kunne bli redda, men det gjekk ikkje slik. Han vart frakta til sjukehuset, der han døydde. Legane sa at «den store hjarteklaffen hadde slutta å fungere» på grunn av eit hjarteinfarkt.

Nettstaden Needtoknow.news fortel meir om innhaldet i sjølve videoen som Dr. Noack la ut kort tid før sin eigen mystiske død:

Dr. Noack hevda at Covid-19-vaksinane inneheld grafénhydroksid, som han skildra som tynne, kvasse fragment i nanostorleik. Nett som barberblad kan dei skjere opp overflate-epitelet i blodkar og forårsake død. Han sa at grafénhydroksid er spesielt farleg om det blir injisert direkte i blodåra og kjem inn i det kardiovaskulære systemet. Det er ein stabil substans som ikkje blir broten ned i kroppen. Den offisielle forteljinga ser ut til å avvise sjølve eksistensen av grafénhydroksid, og avviser det som ein konspirasjonsteori.

Eitt år før han publiserte videoen (seint i 2020), raida væpna politi heimen hans, noko som kan sjåast i denne videoen. Grunnen til at dei trengte seg inn i heimen hans (og braut det som fanst av tyske lover rundt tryggleik frå tilfeldige arrestasjonar), skulle visstnok vere at han hadde brote smittevernlova. Dr. Noack var ein velkjent motstandar av den hovudlause Covid-«politikken» som Tyskland og andre vestlege land sette i verk i mars 2020.

Noacks kone sa seinare i ein video at han kan ha blitt offer for eit «energi-åtak» med eit «teknologisk våpen». Påstanden har enno ikkje blitt verifisert.

Omstenda rundt dødsfallet til denne tyske kjemikaren og motstandsmannen er merkelege. Som helsefagarbeidar beit eg meg merke i at akuttpersonale brukte uvanleg lang tid på å rykkje ut til dr. Noacks heim. Kona hans sat på telefonen i fleire timar når mannen vitterleg hadde alvorlege pustevanskar, ein potensielt livstrugande tilstand som krev rask undersøking av profesjonelt helsepersonell. Lamming er òg særs alvorleg, og ikkje eit symptom ein tek lett på. Ambulanse burde ha rykt ut og kome og henta han so fort som mogleg. I staden for valde dei altso å instruere den vitskremde kona i gjenoppliving – over telefon, over eit uhyggjeleg langt tidsrom. Dette høyrest ikkje ut som forsvarleg helsehjelp i mi bok. Det høyrest meir ut som alvorleg tenesteforsømming med dødeleg utfall.

Det høyrest nesten ut som om dei ville at dr. Noack skulle døy.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s