Anerkjent virolog åtvarar mot «kollaps av helsesystemet vårt» på grunn av Covid-«vaksinar»

Av Patrick Delaney, Global Research. Opphavleg publisert på LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.

Ein anerkjent virolog [virusekspert, oms.an.] og tidlegare senioroffiser i Bill and Melinda Gates Foundation åtvara nyleg mot farane med dei eksperimentelle Covid-19 genoverførings-vaksinane, oppmuntra dei som ikkje har teke sprøyta til å «forbli uvaksinerte» og spådde ein uunngåeleg «kollaps av helsesystemet vårt» på grunn av helsekomplikasjonar blant vaksinerte.

Dr. Geert Vanden Bossche, som brukte å arbeide som senior-programleiar for Global Alliance for Vaccines and Immunization (GAVI), og har blitt sett på som ein av dei mest talentfulle vaksineskaparane i verda, la ut ein video 20.november, «Message to Austria», samstundes med at ein stor protest fann stad i Wien der dei uttrykte motstand mot nye nedstengingstiltak.

Som fyrste prioritet rådde han folket til å «aldri nokosinne tillate noko eller nokon å gripe inn i eller undertrykkje dykkar ibuande immunforsvar,» som er den fyrste forsvarslinja menneske har mot alle infeksjonar.

Ifølgje Vanden Bossche, undertrykkjer «vaksine-antistoffa», som er indusert av dei noverande Covid-19-vaksinane, ibuande immunitet og dei «kan ikkje erstatte den» sidan dei raskt minkar i effektivitet og kan ikkje hindre infeksjon eller overføring av viruset.

Altso bidreg desse eksperimentelle injeksjonane, i motsetnad til ibuande immunitet, «ikkje til flokkimmunitet,» sa han.

Å vaksinere barn er «absolutt uakseptabelt!»

Denne røyndommen er viktigast når det gjeld barn, der deira «ibuande immunsystem lett kan bli undertrykt av vaksine-antistoff,» sidan deira «antistoff er so unge og so naive at dei lett kan bli utkonkurrert av vaksine-antistoff,» sa han.

Og sidan barn er beskytta frå mange sjukdommar av sin ibuande immunitet, inkludert Covid-19, kan det at vaksinane undertrykkjer immuniteten utsetje dei for langt fleire farar, og «kan til og med føre til autoimmune sjukdommar,» åtvara eksperten.

Difor, å injisere barn med desse biologiske agentane er «absolutt uakseptabelt!» sa virologen. «Vi kan ikkje vaksinere barna våre med desse vaksinane.»

Oppfriskningsdoser for dei vaksinerte er «absolutt galskap!»

Då spesialisten i mikrobiologi vende merksemda til dei vaksne vaksinerte, sa han at undertrykkinga av ibuande immunitet allereie har vist seg å vere eit problem i denne befolkningsgruppa. «Dei kjem garantert til å få problem med å kontrollere ei mengd sjukdommar,» inkludert Covid-19.

Likevel, sidan deira ibuande antistoff tidlegare har blitt trena gjennom årevis av tilpassing og mogning, sa han at «dei er vanlegvis meir motstandsdyktige mot vaksine-antistoff,» enn barn er.

Derimot kan denne motstanden bli vidare svekka av tilleggsdoser, og Vanden Bossche åtvarar difor at å gje desse vaksinerte individa oppfriskningsdoser er «absolutt galskap! Det dette vil gjere, er å berre vidare auke presset på vaksine-antistoffa til deira ibuande immunitet.» Altso er oppfriskningsdoser «absolutt tull! Det er farleg og burde ikkje bli gjort!»

Til dei uvaksinerte: «For Guds skuld, forbli uvaksinerte!»

Når det gjeld uvaksinerte, skildrar den belgiske legen kvifor det vil gå mykje betre med dei. Han bryt det ned i tre kategoriar:

  1. Dei som ikkje har opplevd nokon symptom, som «mest sannsynleg er beskytta av deira ibuande antistoff;»
  2. Dei som har opplevd milde symptom, og som ikkje har vore sengeliggjande på noko tidspunkt; og
  3. Dei som vart friske igjen av sjukdommen og som til og med kan ha hatt eit alvorleg tilfelle av den.

På grunn av det kan kalla «det høge smittepresset» til Delta-varianten, vil dei respektive ibuande immunitetssystema til desse uvaksinerte måtte kjempe litt hardare, og difor kan den fyrste kategorien oppleve milde symptom, den andre moderate og den tredje kan få «noko høgare tilbøyelegheit til enkelte andre sjukdommar. Til dømes influensa eller vanleg forkjøling.»

«Men svært, svært viktig, alle er beskytta,» sa han. «Dei er framleis beskytta mot alvorleg sjukdom og fleirtalet av dei vil vere beskytta mot svært mild eller moderat sjukdom.»

Virologen sa at dette er spesielt tilfellet sidan Covid-19 «ikkje er ein sjukdom som friske folk får. Folk som har god helse har eit sunt ibuande immunforsvar som kan takle mange luftvegsvirus utan problem. Desse folka er ikkje berre beskytta mot viruset, men dei kan i mange tilfelle hindre smitte.»

Vaksinerte «tener som ei form for oppdrettsanlegg for viruset»

Difor, for å halde ved like sitt sunne ibuande immunforsvar som beskyttelse mot Covid-19 og mange andre sjukdommar, tilbyr dr. Vanden Bossche følgjande tre krav til uvaksinerte:

  1. «For Guds skuld, forbli uvaksinerte! Dei burde bli uvaksinerte;»
  2. «Ta vare på sin ibuande immunitet, noko som tydar at dei burde ta vare på helsa si… dersom de gjer dette og de er uvaksinerte, vil de bli spart frå alvorleg sjukdom utan nokon vaksine. Snarare tvert imot vil vaksinen gjere det motsette;» og
  3. Dei med underliggjande tilstandar eller sjukdommar «burde vere varsame med kontakt.»

For denne tredje kategorien av dei meir sårbare, sa legen, «Dette er ikkje å diskriminere mot dei vaksinerte, men [dei uvaksinerte] burde spesielt unngå kontakt med vaksinerte på dette tidspunktet.

Vaksinerte er no dei menneska, og det er ingen tvil om det, som verkeleg tener som ei form for oppdrettsanlegg for viruset,» sa han. «Vi må ha ein ekstra beskyttelse for dei som har underliggjande sjukdommar. Ikkje vaksinér dei, men ta faktisk og hindre dei i å bli eksponert for høgt smittepress.»

Helseproblem hjå dei vaksinerte «vil uunngåeleg føre til ein kollaps av helsesystemet vårt»

Han oppmuntra sine austerrikske lyttarar med at den einaste kampen dei har er «kampen for helsa di, [ved å] ikkje bli vaksinert.» Ved å oppnå dette, vil ingen av dei andre tiltaka vere beredyktige.

Han uttrykte riktignok stor bekymring for «dei vaksinerte», ved å seie «vi må hjelpe dei so godt som vi kan fordi dei vil trenge omfattande behandling i mange tilfelle,» han observerte at prosentdelen av denne gruppa som for tida blir innlagt på sjukehus «no aukar jamt og trutt. Medan fleire og fleire, ved hjelp av trening av det ibuande immunforsvaret, med meir eksponering for viruset, fleire og fleire uvaksinerte menneske blir beskytta.»

«Dette vil uunngåeleg føre til – og eg er ikkje ein dommedagspredikant – men dette vil uunngåeleg føre til ein kollaps av helsesystemet vårt. Det kan ikkje bli annleis,» sa han.

«Styrke er funnen i ro»

Virologen hadde derimot ein håpefull beskjed på slutten, ved å fastslå at nedstengingstiltaka «ikkje er berekraftige,» og kan ikkje vare «lenge». Han oppmuntra dei til å «halde dykk rolege,» ved å dele eit tysk ordtak som er omsett som «styrke er funnen i ro.»

Kommenter innlegget