Digital overvaking, puppeunderhaldning og ungdommar som ikkje onanerer

NRK hadde nyleg eit intervju med nokre unge menn som slo seg på ei bølgje som heiter No Nut November. Nut (eigentleg «nøtt») er her slang for ballar, altso testiklar, frå idiomet bust a nut (å oppnå seksuelt klimaks gjennom utløysing, populært sagt «å kome»). Fenomenet er ein del av det internettmytologiske omgrepet No Fap, som tydar å ikkje onanere. Kort fortalt går No Nut November ut på at ein ikkje skal oppnå seksuelt klimaks i heile november. Som intervjuet med dei unge mennene (som sjølv ikkje «kom» på 22 dagar) slår fast, auka sædkvaliteten i den grad at det var fleire sædceller – dei to leverte sædprøve før og etter «eksperimentet». Dei medisinske autoritetane som NRK intervjua frårådde folk i å gå i lengre tid utan å «kome», ettersom dette kunne negativt påverke sædkvaliteten (sæden blir ‘gammal’ om han ikkje slepp ut med jamne mellomrom).

Den offisielle forteljinga ser ut til å ville kople No Fap til «ytre høgre», eit omgrep dei bruker om alle som ikkje er einige med dei sjølve. Kvifor denne demoniseringa? Det kan vere på grunn av at No Fap ofte er knytta til eit langt mørkare fenomen: Incels, eller menn som er i ufriviljug sølibat. Desse blir aggressive og kvinnehatande ettersom dei meiner at damer er skuld i deira eigen misère. Dette kan ofte få valdelege og dødelege utfall. For ein god del år sidan hamna bergensaren Eivind Berge mildt sagt i politiets søkjelys då han på bloggen sin oppfordra til vald og drap mot politifolk. Dette var hans protest mot eit samfunn han ikkje lika utviklinga av, spesielt valdtektslova og sexkjøpslova, som han meinte favoriserte damer og demoniserte menn. Han vart frikjent for ytringane sine i 2012, ettersom blogging på den tida ikkje vart rekna som offentlege ytringar.

I likskap med tilhengjarar av No Fap / No Nut November, er Berge av den oppfatninga at avhengigheit til porno (og til ei viss grad onani) har blitt eit alvorleg samfunnsproblem. Porno er gratis og lett tilgjengeleg på PC, nettbrett og mobil. I ei tid der folk flest er ‘digitalt avhengige’ og alt er eit tastetrykk unna, er det uhyre lett å falle inn i denne malstraumen og aldri kome ut igjen.

Covid-plandemien har forsterka dette, ettersom ein her har den lagnadstunge blandinga av fysisk, lovpålagt isolasjon og ei digital draumeverd av puppar og sex. Dette blir populært kalla «tittytainment» (av titty «pupp» og entertainment). Om dette er direkte sunt, beror fyrst og fremst på eins personlege karakter. Alt er lagt til rette for ein ekte pandemi: Ein pandemi av avhengigheit. Dersom ein ikkje lenger får møte venner og familie (og langt mindre skaffe seg kjærast) på grunn av uvettige Covid-«tiltak», og dersom ein på grunn av plandemien ikkje lenger har ein jobb å gå til, men får «støtte» frå staten – då er vegen kort til avhengigheit til bortimot alt.

Det at representantar frå den offisielle forteljinga ser på det å avstå frå seksuell tilfredsstilling over eit tidsrom, som noko helsemessig tvilsamt/uheldig, sender ut merkverdige signal. Frå min ståstad kan det verke som om dei vil at folk skal sitje heime åleine og runke dagen lang medan dei ser på gratis porno. Slikt kan umogleg vere bra for verken samfunnet eller økonomien!

Og snakkar ein om gratis porno… Nettstaden PornHub er ein av dei største og mest populære nettstadene der ein kan sjå bortimot det ein vil. Under min eigen «journalistiske research» har eg av rein nysgjerrigheit besøkt nettstaden – naturlegvis via VPN. Fleire norske jenter har sine eigne kanalar der inne, der dei filmar seg sjølv medan dei har sex anten med seg sjølv eller andre. Andleta deira er fullstendig synlege, og dei kan lett kjennast igjen på gata. Kva vil deltaking i slike aktivitetar gjere for framtidige arbeidsforhold i ei tid der «alle» ser på porno? Alt som blir lagt ut på Internett er der til evig tid. Sjølv sletta sider blir verande, takka vere tenester som WayBack Machine. Kva om – for å ta eit fiktivt døme – 23 år gamle «Alexandra» ti år frå no av søkjer på stilling som HR-rådgjevar i ein kommune i Trøndelag, og den potensielle sjefen kvelden før har runka til dei eldgamle videoane til Alexandra sitt domina alter ego «MistressSpankYourTits666»? Det kan fort bli eit kleint jobbintervju!

Men, frå spøk til alvor… Vi har eit alvorleg problem, og digital overvaking er ein del av det. Ikkje berre blir folk på grunn av tåpelege Covid-«tiltak» tvinga vekk frå naturleg sosialt samvær og samhandling med ekte menneske og inn i den digitale verda – dei blir òg overvaka av partar ein ikkje aner intensjonane til. Digital informasjon er verdt si hypotetiske vekt i gull. Dersom det frykta sosialkredittsystemet blir innført, og ein vil kunne bruke di eiga Internett-historie mot deg, kva vil då skje når dei finn alt det rare snusket du sat og såg på fleire år tilbake i tid? Då snakkar vi ikkje berre inndraging av alle privilegia i «koronasertifikatet». Då snakkar vi mest sannsynleg militæreskorte til næraste «karanteneleir»!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s