Tyske skuleungar offer for audmjukande ritual: Tvinga til å dele vaksinestatus med heile klassen

Av Cristina Laila, The Gateway Pundit. Omsett av saksyndig.

Barn i Tyskland må gjennomgå den rituelle audmjukinga å gå fram til tavla i klasserommet og dele vaksinestatusen sin.

Dei vaksinerte får applaus.

Dei uvaksinerte må forklare kvifor dei ikkje har teke sprøyta.

Journalist Alex Story rapporterte om den rituelle audmjukinga av barn i Tyskland.

Sist månad vart det rapportert at ei 12 år gammal jente i Cuxhaven-distriktet i Tyskland døydde to dagar etter at ho tok Pfizer-vaksinen.

På grunn av dødsfallet til barnet, trekte styresmaktene tilbake obligatoriske sprøyter for barn.

Sist torsdag [9.desember 2021] avdekte Angela Merkel og Olaf Scholtz, visekansleren som nettopp erstatta Merkel, dei nye Covid-forskriftene og innførte ei nedstenging for uvaksinerte:

«Obligatoriske Covid-sprøyter for sjukehus- og sjukeheimstilsette. So mange som 30 millionar vaksinedosar skal setjast før jul. Auke talet menneske som kan gje vaksinane. Tilgang til restaurantar og teater berre for vaksinerte, og dei som har blitt friske. Tilgang til ikkje-essensielle butikkar berre for vaksinerte, og dei som har blitt friske. Strengare kontakt-restriksjonar for uvaksinerte. Nattklubbar stengt i område med høge smittetal. Grenser for tal menneske på store offentlege arrangement. Utvida kriseeining for å koordinere føderal, regional handling.»

Kommentar frå saksyndig: Ein lesar ved namn «informed dissent» hadde følgjande å seie om denne artikkelen:

«Ærleg tala trur eg dei veit nøyaktig kva dei gjer, som er avfolking. Den kriminelle eliten har snakka og skrive om dette i fleire tiår no. Teknologi har blitt so avansert at dei kan utføre det løgnaktig (ein ny ‘pandemi’, men vi har ‘kuren’) under plausible deniability [at dei kan nekte at det skjer noko ulovleg under påskot av å ikkje vete om det; oms.an.], so dei gjer det (del av denne ‘Store nullstillinga’ [Great Reset]. Og no kjem dei for å ta barna, når barn statistisk sett har null risiko for Covid. Men igjen, tenk på det store biletet, dette handlar ikkje om eit virus eller helse, gjer det…»

Ein lesar ved namn «Borders Protect Constitution» skriv dette:

«‘Eg har ikkje teke gifta.’

‘Eg har ikkje fått dødssprøyta.’

Lær ungen din korleis ein kan snu dette sirkusshowet til sin eigen fordel.»

At den globalistiske eliten har ein agenda rundt avfolking av planeten, verkar meir og meir sannsynleg. Kvifor skal dei elles utføre psykologisk krigføring mot uvaksinerte skulebarn for å «motivere» dei til å late seg injisere mot eit virus som ikkje er farleg for dei? Som vi ser meir og meir dokumentasjon på, er mRNA-sprøytene langt farlegare enn sjølve Covid. Kva fysiske og psykiske effektar Sirkus Korona får på barn som veks opp i dag, kan ein berre ane konturane av i skrivande stund.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s