Eivind Berge: Oppviglar eller forkjempar for menns naturlege rettar?

Ytringsfridommen nedfelt i Grunnlovas §100 gjeld for alle – eller gjer den det berre dersom det passar enkelte?

Eivind Berge frå Bergensområdet kallar seg på sin engelskspråklege blogg ein «sex-positiv aktivist for menns rettar», på engelsk kalla sex-positive men’s rights activist. Mannleg seksualitet er, som han kallar det, ein ideologi som går saman med seksualitet medan den samstundes respekterer menneskerettar for alle. Dei kjempar for ein reformasjon av sex-lovene, i tillegg til å ha eit sjølvhjelpsaspekt der dei er einige om å sky porno og onani som pesten (kalla No Fap) for å realisere deira høgste seksuelle potensial. Dei er opptekne av korleis menn kan oppnå kjærleik og forståing i ei verd som tydelegvis vil gjere sitt beste for å hindre at slikt kan oppnåast. Mannleg seksualitet ser ut til å bli kriminalisert, medan det motsette er tilfelle for damer.

Eg personleg støttar Berge og hans likesinna sine refleksjonar rundt dobbelt-standarden som ser ut til å gjelde for mannleg og kvinneleg seksualitet. Ereksjonar blir sett på som høgst uønskte med mindre dama sjølv vil at det skal skje, medan kvinnelege symptom på opphissing (til dømes stive brystvorter eller lukta av våt vagina) gjerne er gjenstand for det ein i beste fall kan kalle nasegrus beundring – same kor mykje dama sjølv vil det. Det er berre mine personlege observasjonar, og eg har all grunn til å tru at aktivistar for menns rettar har observert det same. Menn og damer blir i aller høgste grad differensiert når det kjem til det ein på god nynorsk kallar kjæte (og som på bokmål blir kalla «kåthet»). Ei kåt dame er nærast berettiga til sex, medan ein kåt mann som eksplisitt eller implisitt ber om det same blir brennemerka som ein seksualforbrytar.

Dette er naturlegvis ein grov urett overfor dei som er so «uheldige» å bli fødd som menn med fungerande penisar og normal kjønnsdrift. Lysta til forplanting er like framtredande som lysta til å drikke og ete. Tilfredsstilling er ikkje berre eit spørsmål om å få tømme seg, det er eit spørsmål om å overleve. Mat, drikke og forplanting er inngravert i DNA-et til menneske og alle andre organismar som formeirar seg ved forplanting.

Menneske er dei einaste dyra som kan etterlikne samleie gjennom porno og ymse onani-teknikkar (deriblant «sjømannsbruder» eller flesh-lights, som det heiter på engelsk). Det skin raskt gjennom at dette berre er ei etterlikning. Ekte seksuell glede kan ein berre oppnå gjennom ekte sex, eller andre seksuelle handlingar med ein genuint interessert, like genuint ekte partner.

Og ekte sex må ein naturlegvis gjere seg fortent til. Problemet oppstår so fort nokon høglytt og aggressivt erklærer seg som talspersonar for kven som «fortener» sex. Alle damer? Ja! Menn? Nja… I utgangspunktet nei, med mindre dei godtek visse samfunnsmessige, sosiale og private føringar, som visse talspersonar innfører over natta etter kva dei sjølv finn for godt. Som Mads Larsen skreiv i Pornopung-håndboka tilbake i 2004, blir menn forventa å sjå på sin eigen seksualitet (til dømes den erigerte penis) som noko skite. Som noko ibuande gale og moralsk forderva.

Under slike problematiske forhold er det ikkje rart at dei fleste menn med sunn fornuft ristar på hovudet og himlar med auga. Om eg hadde fortalt dette til faren min, som er berre 25 år eldre enn eg, hadde han ledd høglytt. Han ville ha sagt, medan han tappa meg og seg sjølv eit glas av sin eigne heimelaga øl, at damer blir tiltrekt av menn som kan tilby dei heim, mat, omsorg og tryggleik. Han ville deretter ha kasta eit blikk på fisken og krabbane som han har fanga, reinska og vakumpakka på eiga hand – alle inne i huset han bygde sjølv for førti år sidan. Djupare sagt vil alle ha nokon som kan tilby dei noko dei ikkje klarer å skaffe seg på eiga hand. So enkelt var det, og so enkelt burde det vere.

Diverre har det 21.hundreåret sett ein stoppar for dette. Alt er ikkje slik det var på 1980-talet. Det ein ser no for tida i stadig sterkare grad, er at politiet ikkje er din venn. Dei henlegger tjuveri- og valdtektssaker medan dei samstundes står i vegen og bøteleggjer bilistar som manglar ei lyspære eller køyrer lite grann for fort. No i plandemitida oppsøkjer dei folk sine private heimar og skriv ut skyhøge bøter dersom det er 11 gjester i staden for 10 der. Og går ein utan munnbind i eit tomt kjøpesenter, snakkar ein i beste fall ei månadsløn i bot – om det då er snakk om ei forskrift og ikkje ei anbefaling (og det skiljet finn stad frå eine dagen til hin, etter nok ein pressekonferanse). Milde himmel!

Politiet var ikkje noko betre for ti år sidan. Som tidlegare nemnt, driv Eivind Berge sin eigen blogg, og publiserer innlegg som er del av debatten rundt menns rolle i denne katastrofale kjønnsteorien som ikkje på nokon måte er samfunnsmessig berekraftig. Politiet fekk med rette sine pass påskrivne av han. 22.april 2010 publiserte han eit innlegg der han uttrykte glede over at ein politibetjent hadde blitt drepen i teneste under eit rutineoppdrag i Mo i Rana. Politiet hadde rykt ut for å pågripe ein psykisk sjuk mann i 60-åra, men denne mannen hadde gått til dødeleg åtak på politibetjenten. Politiet hadde brote seg inn i leilegheita til den psykisk sjuke mannen utan ransakingsordre. Like etter publiseringa av innlegget, fekk Eivind Berge ei melding frå ein politimann på sin Facebook-konto. Personen skreiv:

«Hei du. Jeg har lest bloggen din og hva du skriver om en drept kollega av meg.

Anmoder deg om å fjerne det. Vanligvis greier ikke slike stygge misfoster som deg å provosere meg, men akkurat deg kjente jeg at jeg fikk lyst å smelle inn trynet på. For øvrig håper jeg du blir offer for en av de du kaller for helter. Jævel.»

Identiteten til politimannen er tilgjengeleg på bloggen til Eivind Berge. Saksyndig har valt å ikkje publisere den.

I 2012 (ifølgje Berge sin blogg) vart han arrestert medan han var ute og jogga. Han vart tiltalt for «oppvigleri» (oppfordring til vald/staffbare handlingar, tilsvarande engelsk incitement). Strafferamma laud på åtte års fengsel. Berge skreiv i same innlegg at Gulating lagmannsrett hadde bestemt at bloggen hans var lovleg. Ingen av Berge sine ytringar var i strid med norsk lov på den tid. I same innlegget følte han at han hadde blitt behandla som ein ekstremt farleg fiende av den norske stat. Som han sjølv skreiv i det same innlegget på sin engelskspråklege blogg (saksyndig si omsetjing):

«Det har vore litt av eit eventyr å bli behandla som ein ekstremt farleg fiende av staten, og eg vil ha mykje meir å seie om fengselserfaringa mi seinare. No må eg prøve å samle saman livet mitt igjen, noko som er vanskeleg fordi politiet stal alle datamaskinene mine og lagringseiningane, osv. og rota veldig med resten av eigendelane mine. Sjølvsagt, med mine kontroversielle meiningar, veit eg betre enn å oppbevare noko som helst ulovleg heime hjå meg, men det stoppar ikkje politiet frå å dikte opp konspirasjonsteoriar basert på kva enn slags kvardagslege gjenstandar dei måtte finne.»

Mellom anna konfiskerte politiet kaktusar, og eit kompendium kalla The Harlem Renaissance [renaissance = gjenføding; oms.an.], som dei seinare feilaktig kalla The Harlem Resistance [resistance = motstand; oms.an.]. Dei feiltolka dette som terroristplanar. Bøker om eksplosivar som Berge fekk i militæret vart av politiet presentert som bevis til retten og media på at han var svært farleg og måtte bli sperra inne:

«Då dette tullet vart avslørt, byrja dei å gå til åtak på mi mentale helse, ved å portrettere meg som psykisk ustabil før eg hadde snakka med ein psykiater som kom til motsett konklusjon og erklærte meg psykisk frisk.»

I august 2012 fann den norske høgsteretten omsider ut at Berge sin blogg trass alt var lovleg. Politiet hadde ingen lovleg grunn for å tiltale han. Berge hadde då tilbragt tre veker i fengsel, berre på grunn av ytringar han hadde gjort på sin eigen blogg. I innlegget kalla han seg sjølv ein politisk fange, på bakgrunn av at han hadde blitt fengsla på grunn av sitt politiske syn.

Seinare skreiv han at «eit kor av lærde» meinte at lova måtte bli endra slik at sånne som han kunne bli straffa, altso bloggarar som uttrykte meiningar som kunne bli definert som kriminelt oppvigleri (etter Straffelova §140). Dette kalla han spøkefullt for «Lex Berge», der «lex» er det latinske ordet for lov. Lova gjaldt om ytringar på bloggar skulle bli sett på som offentlege. I november 2012 gav politiet opp å straffeforfølgje Berge. I mai 2013 vart «Lex Berge» gjort gjeldande. Frå og med 24.mai 2013 vart òg bloggar og forum «offentlege», altso at rundt 20 eller 30 personar måtte vere kommuniserte til for at ytringa skulle vere offentleg.

Eivind Berge sine ytringar fekk han ikkje berre fengsla og forsøkt dømt til fleire år i fengsel. Det gjekk òg utover familien hans. I eit innlegg på bloggen sin datert 19.november 2012, fortel Berge i hjarteskjerande detalj om korleis familien hans, spesielt hans eigen far, prøvde å framstille han som psykisk sjuk under avhøyr med politiet. Som Berge sjølv skriv (saksyndig si omsetjing):

«Min eigen far var den verste. Under sitt eige avhøyr uttrykte han fyrst letting over at eg hadde blitt fengsla, og han sa at han håpte eg ville bli idømt ei straff sjølv Breivik hadde blitt skåna: tvinga psykisk helsevern. Og deretter gjekk han over til å snakke skit om meg over 13 sider, der han viljug utleverte bisarre og uriktige grunnar stort sett tekne ut av sin eigen fantasi om kvifor han meiner at eg er ‘sjuk’. Alt dette til trass for at ingen, sjølv i autoritære Noreg, kan bli tvinga til å vitne mot nære familiemedlemmar.»

Ifølgje Berge ville heile familien at han skulle bli fanga av psykiatrien. Meiningane hans som mannsrettsaktivist plaga dei, so dei trudde dei kunne få alt til å forsvinne ved å fantasere om psykisk sjukdom. Faren hans konkluderte at sidan Berge sat bak mørke gardiner, måtte han vere sjuk. Berge hadde på det tidspunktet ikkje budd med faren sidan 2005, og dette var i 2012. Skulle ein liksom vere psykisk sjuk om ein ikkje sit med solskin på PC-en, når ein er ute i sola elles? Anklagane mangla mildt sagt årsaksforhold.

Trass alvorlege påstandar og forsøk på karakterdrap frå sin eigen far, vart Berge erklært psykisk frisk av ein rettspsykiater som besøkte han i Bergen fengsel. Berge seier om den hendinga:

«Det var særs vanskeleg å avgjere for meg om eg skulle samtykkje til å snakke med psykiateren dei sende til Bergen fengsel, men eg bestemte at sidan eg ikkje hadde noko å skjule, ville det vere best å vere fullstendig open om det og få det overstått, som ville skje om psykiateren var tilrekneleg sjølv. Og det var han. Vi kan le av det no, men stemninga var verkeleg intens på den tida. Situasjonen var eit spørsmål om liv eller død. Berre førestill deg korleis du ville føle deg dersom tvinga psykisk helsevern ville bli brukt mot deg for å endre ideologien din. Ville du ha ofra integriteten din og tillate deg sjølv å bli forgifta av kjemikaliar, og late som om du endrar sjølve sinnet ditt slik at du til slutt slepp ut, eller vil du kjempe til døden (og miste forstanden medan du kjempar)? I møte med denne situasjonen var dette ein realitet, og dersom familien min hadde fått det som dei ville, hadde eg ikkje vore her i dag.»

Berge held fram:

«Folk slik som min far respekterer ikkje at eg har ei uavhengig meining. Dei trur at dei kan tvinge meg til å ta til meg kva enn meining dei ser på som passande. […] Personleg ville eg ikkje vurdere å påtvinge meiningar sjølv på mine verste fiendar, sjølv om det var mogleg. Om du er ein sømeleg person, vinn du ikkje debattar ved å sjukleggjere dine motstandarar. Det vil vere eit barnsleg verdssyn. Verda er ikkje ein koseleg stad der du har rett i alt og alle som er ueinige i deg er sjuke. Ekte, hjartefølt hat finst i denne verda, og same kva slags syn du har, vil nokon hate deg djupt for det. Dei har rett til sine meiningar. Uforsonleg usemje finst, og dei kan legitimt føre til vald og krig, men aldri psykiatri.»

Eivind Berge fekk til slutt oppreisningserstatning for urettmessig straffeforfølging.

Kommentar frå saksyndig: Som Berge sjølv gjer, forsvarer eg til døden alles rett til å ytre seg, sjølv om eg føler eit visst ubehag over måten han sjølv gjorde det på. Han uttrykte skadefrygd over at ein politimann hadde blitt drepen, og det synest eg personleg er litt i overkant. På den andre sida meiner eg at ingen nokosinne bør utsetjast for straff eller fengsling på grunn av sine meiningar eller ytringar. Langt mindre bør dei påførast psykiatriske diagnosar som ikkje er reelle. Det er i strid med alt ein kan forvente i eit samfunn som er tufta på Grunnlova og ytringsfridommen. Dette gjeld òg ytringar ein sjølv er ueinig i. Alle har rett til sine meiningar, og til å ytre dei utan frykt for represaliar. Eivind Berge er ei viktig stemme i ein debatt mange vegrar seg for å ta del i.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s