Munnbindpåført oksygenmangel-syndrom tek pusten frå verda

Av S.D. Wells, NewsTarget. Omsett av saksyndig.

Forsking viser at langtidsbruk av Covid-munnbind, heimelaga eller N95, kan forårsake alt frå fem prosent til opp til 20 prosent tap av oksygen, som fører til hyperkapni (for mykje karbondioksid i blodet, ein typisk konsekvens av utilstrekkeleg andedrett), panikkanfall, svimmelheit, dobbeltsyn, øyresus, konsentrasjonsproblem, hovudverk, forseinka reaksjonsevne, anfall, endringar i blodkjemi og kveling på grunn av luftfortrenging (engelsk air displacement).

Leiande ekspert ved Johns Hopkins Center for Health Security seier at å gå med munnbind over lengre tid kan endre blodkjemien

Å puste inn for mykje utpust (som inneheld CO2) kan vere livstrugande, ifølgje ekspertar ved NIH [den amerikanske utgåva av Folkehelseinstituttet; oms.an.]. Til no har meir eller mindre alle erfart denne svimlande, oppskjørta kjensla av å gjenteke puste inn den lufta ein allereie har pusta ut. Dette er berre dei byrjande varselsteikna på langt meir alvorlege helseproblem.

Faktisk kan det å gå med munnbind dag ut og dag inn føre til endringar i blodkjemien, og dette fører til «endringar i nivå av medvit, dersom alvorleg,» ifølgje Amesh A. Adalja, lege og leiande ekspert ved Johns Hopkins Center for Health Security i Maryland.

Det blir verre. Ein tysk nevrolog, dr. Margarite Griesz-Brisson, lege med doktorgrad i farmakologi, som er spesialist i nevrotoksikologi og miljømedisin, åtvarar at oksygenmangel av langvarig munnbindbruk kan føre til permanent nevrologisk skade.

Ho fastslår i forskinga si: «Gjen-innpustinga av utpusta luft vil utan tvil skape oksygenmangel og ei overfløyming av karbondioksid. Vi veit at menneskehjernen er særs kjenslevar for oksygenmangel. Der er nerveceller i til dømes hippocampus som ikkje kan gå lenger enn tre minutt utan oksygen – dei kan ikkje overleve. Dei akutte faresymptoma er hovudverk, søvnigheit, svimmelheit, konsentrasjonsvanskar, nedsett reaksjonstid – reaksjonar i det kognitive systemet.»

Grunnen til at so mange munnbindbrukarar har inga aning at denne kroniske skaden skjer med dei, er den at når ein person har kronisk oksygenmangel, forsvinn alle desse symptoma, fordi personen blir vant til denne mangeltilstanden; likevel forblir effektiviteten deira påverka og mangelen på skikkeleg oksygenlevering til hjernen held fram med å framskride på ein farleg måte.

Dette er grunnen til at folk, etter langvarig munnbindbruk, seier at dei «ikkje har noko i mot det».

Nevrodegenerative sjukdommar utviklar seg over fleire år, men vi er allereie to år inne i denne munnbindpandemien

Media og CDC har overdrive pandemien so mykje, inkludert den so godt som harmlause omikron-varianten, at amerikanarar går med munnbind sjølv når dei er mutters åleine heime hjå seg sjølv, i bilen, på kontoret eller medan dei går eller joggar utandørs. Barn blir tvinga til å gå med munnbind heile dagen på skulen, med eit minimum av eller ingen munnbindpausar, sjølv ikkje i friminutt. Nokre menneske går bokstavleg tala med munnbind medan dei mosjonerer på tredemøller på treningssenter.

Dess meir du trur at du venner deg til å gå med munnbind, dess verre framskrider den degenerative prosessen i hjernen din, ettersom oksygenmangelen held fram, forklarer dr. Margarite Griesz-Brisson. I tillegg er nerveceller ute av stand til å dele seg sjølv på vanleg måte, og skadde nerveceller blir regenererte fordi hjernen ikkje kan «tømme bosspannet».

Munnbindpåført oksygenmangel-syndrom er som CO2-indusert bedøvelse

Dess meir metabolsk aktiv hjernen er, dess meir oksygen treng den, og dette er grunnen til at det er absolutt latterleg for barn å gå med munnbind heile dagen. I tillegg er immunforsvaret deira so tilpasningsdyktig at dei treng «konstant samhandling med jorda sin mikrobiome», seier den tyske nevrologen.

Denne konstante oksygenmangelen, om det so er sakte tortur mellom fem til 20 prosent heile dagen, er ikkje berre ein fare for barne- og ungdomshelse, det hindrar utviklinga av hjernen ved å forårsake uoppretteleg hjerneskade, inkludert permanent nerveskade, ifølgje ein ekspert på feltet. Lat dette søkke inn ein augneblink. Det er munnbindpåført bedøvelse. Det er det diametralt motsette av verdien av å gå på skulen og lære.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s