Heilt utruleg: FDA legg tjue år meir til tidslinja for full offentleggjering av Pfizer sine Covid-vaksinedata – ikkje før 2096 no

Av Ethan Huff, Global Research. Omsett av saksyndig.

Hugsar de då det amerikanske Food and Drug Administration (FDA) spurde ein føderal domstol om å gje byrået 55 år til å fullstendig offentleggjere data frå Pfizer-BioNTech si Covid-19-«vaksine»? Vel, no ønskjer FDA 75 år.

FDA har tidlegare gått med på å offentleggjere 500 sider i månaden av dei meir enn 59 000 sidene med data som eksisterer. Derimot seier byrået no at dei treng tjue år meir for ei fullstendig offentleggjering av data, som dei vitterleg ikkje hadde nokon problem med å gå gjennom på berre nokre månader for å gje Pfizer-BioNTech naudgodkjenning for det eksperimentelle legemiddelet.

«Den oppdaginga, og eit ønske for å forvisse seg om at dei kan prosessere andre Freedom of Information Act-førespurnader samstundes, fekk denne ferske førespurnaden til dommaren til å tillate produksjon av rundt 12 000 sider innan 31.januar 2022, og 500 sider per månad deretter,» rapporterte The Epoch Times, som siterte jurist Aaron Siri som arbeider på saken.

«Dersom du opplever det du les som vanskeleg å tru, er dette fordi det er dystopisk for regjeringa å gje Pfizer milliardar, tvinge amerikanarar til å ta produktet deira, forby amerikanarar å søkje skadeerstatning, men likevel nekte å late amerikanarar sjå dei dataa som ligg bak denne godkjenninga,» skreiv Siri på sin Substack-blogg.

FDA seier at deira ti stabsmedlemmar som jobbar på FOIA (Freedom of Information Act) ikkje kan gjennomgå eller offentleggjere Pfizer-data før 2096.

Saken som Siri jobbar med mot FDA vart gjeven han på vegner av Public Health and Medical Professionals for Transparency (PHMPT), ei gruppe som seier at FDA ikkje har viljug samarbeidd innan rimeleg tid med førespurnadene om data.

Dr. Carole Browner, ein forskingsprofessor ved Universitetet i California – Los Angeles’s David Geffen School of Medicine, er del av gruppa, i lag med Peter Doshi, professor ved University of Maryland School of Pharmacy, og dr. Harvey Risch, professor i epidemiologi ved Yale School of Public Health.

Sidan FDA visstnok berre brukte 108 dagar å gjennomgå dei 59 000 sidene for å gje Pfizer-BioNTech-injeksjonen naudgodkjenning, er det ingen grunn til at det skulle ta 75 år å offentleggjere nøyaktig dei same dataa slik at folket òg kan sjå dei.

Dette er spesielt sant ettersom millionar av amerikanarar blir fortalt at dei må ta desse eksperimentelle injeksjonane for å behalde jobbane sine eller for å framleis kunne sende ungane sine til offentlege skular.

Endå verre er det faktum at FDA no har gjeve full godkjenning til Pfizers «Comirnaty»-injeksjon, som visstnok er den same som den naudgodkjende utgåva, sjølv om det herskar ein viss kontrovers rundt kor vidt dei to fysisk og juridisk er den same eller ikkje.

«Heile føremålet med FOIA (Freedom of Information Act) er statleg openheit,» seier Siri.

«I fleire nylege saker, i å oppretthalde FOIA sitt krav om å ‘gjere dokument umiddelbart tilgjengelege’, har domstolar kravd at byrå, inkludert FDA, produserer 10 000 eller fleire sider per månad, og desse sakene involverte langt frå ein so viktig førespurnad – til dømes data som ligg bak autoriseringa av eit skadeerstatnings-friteke produkt som den føderale staten krev at nesten alle amerikanarar skal få.»

Siri heldt fram med å forklare at tidsaspektet er essensielt, og at FDA må svare med éin gong, ikkje om 75 år når dei fleste som lever i dag er døde.

I deira forsvar seier FDA at sitt Center for Biologics Evaluation and Research berre har ti stabsmedlemmar, der to av dei er nye. Dette er tydelegvis ikkje nok til at byrået kan «prosessere» dokumentet på 59 000 sider før år 2096.

Å gå fram fortare, påstår FDA vidare, ville avleie «betydelege ressursar frå prosesseringa av andre FOIA-førespurnader som òg handlar om rettstvist.»

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s