Rotlaus ungdom lèt seg lokke over i kollektivistiske ideologiar som lover meir enn dei kan halde

Ifølgje det notorisk upålitelege hovudstraumsmedia, vender i dag ein stor prosentdel av tenåringar og unge vaksne seg mot kollektivistiske system for å finne vern frå det som dei sjølv ser på som ein vondskapsfull og urettferdig æra som er ugjestmild mot deira eigen framgang og kjenslemessige tryggleik. Dei føler at generasjonane før dei skumma all fløyta og stakk av med alle verdiane dette landet har å tilby, og at det er ingenting igjen for dei sjølve. I somme tilfelle har dei rett, i andre tilfelle har dei blitt utspekulert villeia.

Dette skriv Brandon Smith i ein nyleg artikkel på Alt-Market.us. Han kallar denne tendensen til å søkje seg mot kollektivistiske system for ei tilbakevending til den episke kampen mellom dei unge og uerfarne som ein dag vil arve jorda, og dei egoistiske og obsternasige «boomer-ane» som visstnok øydela alt for dei. Ein slik kamp mellom klassar og generasjonar er like gammal som sjølve den menneskelege sivilisasjon – der er ikkje noko nytt under sola.

Ein har i dei seinare år sett ei aggressiv forskyving blant unge menneske vekk frå tradisjonelle konsept som fri marknad (det som venstreorienterte kallar «kapitalisme») og individualisme og over til sterkt sukra sosialisme. Det rare ifølgje Smith er at mange «millennials» og Generasjon Z er meir mistruiske til staten enn nokon generasjon før dei. Paradoksalt nok trur meir enn halvparten av dei at sosialisme (som i praksis er detaljstyring og overformynderi frå statens side) er å «opponere» mot korrupte og overstyrande statleg påverknad. Korleis kan dei trekkje ein slik rar konklusjon? Kva er det med ungdommar og sosialisme og kollektivisme? Kvifor vel dei fellesskapet på kostnad av individet? Kvifor samlar dei seg rundt ein politisk ideologi som aldri har fungert i praksis?

Det rådande systemet i verda er plassert langt ute til venstre politisk sett. Dei kollektivistiske rørslene som oppstår i dette politiske klimaet likar å presentere seg sjølv som «revolusjonære» og som nokon som kjempar for «dei på botnen». Dei har illusjonen av å vere grasrotrørsler – iallfall i byrjinga. Ein kan lett sjå kven av dei som er ekte vare og kven som berre er posørar ved å undersøkje kven som finansierer dei. Ikkje overraskande nyter det politiske venstre godt av ein endelaus straum av pengar frå globalistiske institusjonar og digre, ideologisk likesinna selskap. Dei som reknar seg som konservative ser tydeleg at dei er dei som ungdommane blir oppmuntra til å øydeleggje, fordi dei er i reell opposisjon til systemet.

BLM og andre venstreorienterte organisasjonar har fått sjenerøs støtte frå den ultrarike eliten, dei same som venstreorienterte påstår at dei kjempar for å få fjerna. Blant anna har Ford Foundation, Rockefeller Foundation og George Soros og hans Open Society Foundation gjeve fleire hundre millionar dollar til desse organisasjonane. I tillegg er amerikanske colleges den ideelle arenaen for eliten å indoktrinere (les: hjernevaske) ungdommen til å ta på seg rolla som sinte aktivistar. Her i Noreg finn vi mange slike ideologisk villfarne ungdommar i til dømes MDG, der dei kjem med absurde forslag som til dømes å forby drivstoffbilar, gjere parkering so vanskeleg som mogleg eller innføre personlege flykvotar.

Grunnen til at denne villeiinga frå eliten fungerer so altfor godt, har med kjerneverdiane til dagens ungdom å gjere. Kjenslestyrte gutar og jenter samsvarer godt med assosieringa kollektivistiske rørsler har med empatiske saker – fakta og sunn fornuft må vike for kjensler. Det vesle dei har av livserfaring skriv seg frå at dei heile livet har hatt foreldre som støtta dei på alle måtar og gav dei omsorg – dette blir i vaksenlivet forsøkt vidareført som statsfinansiert veldedigheit. Ungdommane kjenner berre til denne måten å leve på, og dei finn det igjen i ideologiar som sosialisme. Når dei so kjem ut i vaksenlivet og oppdagar at dei må klare seg sjølv utan slikt eit veldedig nettverk som syr puter under armane på dei, blir dei aldeles himmelfalne. Dei blir innhenta av livets nådelause realitet.

«Løysinga» blir vanlegvis å ta meir utdanning og opparbeide seg eit digert studielån. Studielivet blir då eit slags framhald av den trygge barndommen. Dei er ikkje å klandre, for eg gjorde dette sjølv då eg som 18-åring flytta heimafrå. Gjennom studiar på universitetet, fekk eg lån og stipend, og dette vart «løna» mi medan eg tenkte på kva i alle dagar eg skulle gjere ut av livet. Denne «planen» skaffa meg ingenting anna enn eit studielån og ein meir eller mindre ubrukeleg master. Den einaste grunnen til at eg i dag (enn so lenge!) jobbar som helsefagarbeidar og ikkje universitetslærar, er at eg tilfeldigvis fekk meg jobb i eit kommunalt bufellesskap som ein lettvint måte å tene pengar på. So tok eg til slutt fagbrev. Det er over ti år sidan eg tok mastergrad ved universitetet, og eg har ikkje vore i nærleiken av å finne og få relevant arbeid. Mange ungdommar i dag er i same situasjonen. Å ta utdanning i mangel av ein konkret plan, blir då som å pisse seg ut for å halde på varmen. Det fungerer so lenge du pissar heile tida! Når den metaforiske blæra so er tom, og livets harde realitetar nok ein gong innhentar deg, står du der som ein tosk med eit digert studielån som ligg som ein møllestein rundt halsen på deg.

Eit raskt stigande tal unge menneske bur hjå foreldra sine til dei bikkar 30. Når mamma og pappa ikkje lenger er di hovudinntektskjelde, leitar du etter det som liknar mest på dei. Då ser den sosialistiske staten ut som ein verdig erstattar.

Dette er den uheldige konsekvensen av velmeinande foreldre som har prøvd å skjerme barna sine frå ansvar og konsekvensar. Dei har sendt hordar av slike barn ut i vaksenlivet, der stakkarane er fullstendig uførebudd på alle fallgruvene som lurer rundt kvart eit hjørne. Sanninga er at barndommen tek slutt, saman med avhengigheita av andre si omsorg og veldedigheit – ein må kunne fungere utan konstant hjelp, eller møte sikkert nederlag. Sosialisme/kommunisme og globalisme/kollektivisme, skriv Smith, kjem alle med lovnader om at under deira nye system, kan du forbli eit barn resten av livet, og bli teken vare på av staten. Dette er ei løgn. Staten er ikkje din venn.

Som Smith skriv so treffande:

«Kollektivistiske system har for vane å gjere folk flest likestilte, i at vi alle blir gjort like fattige og arme. Den utopiske visjonen om ei verd utan arbeid eller bekymringar har alltid med seg ein skjult prislapp òg. Å ofre personleg fridom er handelen, og medan nokon ikkje ser på dette som ein negativ ting, er dei fleste av dei enno ikkje gamle nok til å forstå kva dei taper.»

Ungdommen som veks opp i dag har skyhøge forventingar men ekstremt lite initiativ og ambisjonar. Drøymejobben for mesteparten av dei er å vere YouTube-stjerner og «påverkarar» (engelsk influencer) – og eit samfunn med slike deltakarar vil uunngåeleg gå den vegen høna sparkar! Dei har totalt urealistiske forventingar om å jobbe minst mogleg og tene mest mogleg. Sosiale media er fundert på denne falske forteljinga, og individet baserer sin «suksess» på kor mange som følgjer han eller ho – sjølv om den personen ikkje har oppnådd noko som helst anna i livet sitt.

Slike YouTube-prinsesser og «soya-gutar» vil nok få sitt livs sjokk når dei oppdagar at dei fleste jobbar er eit dagleg slit for å skrape saman nok pengar til å betale husleige, straumrekning (ikkje minst no for tida!), mat, klede og andre essensielle utgifter. Dei fleste bruker mesteparten av tjueåra for å stake seg ut ein veg i livet, og å samle seg opp midlar. Sjølv var eg 30 før eg hadde råd til å kjøpe mi fyrste leilegheit, og endå eldre då eg kjøpte min fyrste bil.

Livet er ein nådelaus test på kven vi er og kva vi kan bli. Det er djupt urettferdig av gode grunnar. Som ein av lærarane mine sa på vidaregåande: «Livet er ikkje berre ein orgasme – du må pule òg!» Dette var ein vulgær, men treffande, måte å seie at å oppnå noko gjennom hard, ærleg eigeninnsats er betre enn å få det opp i nevane.

Smith skriv vidare:

«Kollektivistiske portvakter vil veve fantastiske forteljingar om ei framtid fri frå ubehag og fri frå ansvar. Alt du må gjere, er å gje opp all fridommen din, og belønninga vil vere evig barndom. Det høyrest fint ut, men det er særs vondskapsfullt i sitt design. Å infantilisere eit samfunn er fyrste steg på veg mot å slavebinde det. Å vere avhengig av staten vil seie å gje total kontroll til staten; staten blir forelderen, og ikkje alle foreldre elskar barna sine.»

Dette kollektivistiske regimet er sjølve antitesen til eit meritokratisk samfunn, der du blir lønt etter innsats. I dette nye systemet er den enklaste måten å oppnå ting, å anten utrope seg til eit offer, eller å rett og slett kjenne dei rette folka. Eigeninnsats blir i verste fall irrelevant. Du puler og puler utan å kome, og kven gidd det i lengda?

Det er heilt andre føringar som ligg bak kven som greier å klatre til toppen i denne «nye verdsordenen». Vondskap er like tolerert (og oppmuntra til) som det er uunngåeleg. Dei få som faktisk er sømelege, lever i den villfaringa at dei kan bruke statens enorme kontrollvåpen i det godes teneste. Akkurat som ringen i Ringanes Herre vil statleg makt korrumpere sjølv den mest godhjarta samaritan. For dei fleste (om ikkje alle) er idéen at dei enkelt kan knuse sine fiendar, rett og slett ikkje til å motstå. Det er vel gjerne den tanken som tiltrekkjer dei som ikkje vil nøle eit sekund med å bringe død og dommedag over ekte (og innbilte) motstandarar. Faktisk blir narsissistar og psykopatar favorisert nettopp på grunn av sine ibuande karakteravvik. No som land etter land går over i totalitære regime, får desse djevlane fritt utløp for sine mørkaste sider. Dei har ingen samvit og inga skam. Dei vart sjølv nemleg offer for manipuleringa til sine forgjengarar då dei var ungdommar.

Vi er vitne til psykopatisk statsforvalting på eit historisk uhøyrt nivå, kombinert med ein heil generasjon av rotlause, villfarne ungdommar som aldri torer å ta det endelege steget ut i det usikre, men frie vaksenlivet. Som menneskelege sauer søkjer dei til «tryggleiken» i flokken som er på veg til slakteriet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s