Dr. Harvey Risch: Covid-19 er ein pandemi av frykt «marknadsført» av styresmakter

Av Isabel van Bugen og Jan Jekielek, The Epoch Times. Omsett av saksyndig.

Covid-19-pandemien har vore ein pandemi av frykt, marknadsført av personar i sentrale maktposisjonar då viruset byrja å spreie seg på kloden i fjor, ifølgje Yale-epidemiolog Dr. Harvey Risch.

På eit program på Epoch TV kalla «American Thought Leaders», argumenterte Risch, professor i epidemiologi ved Yale School of Public Health og Yale School of Medicine’s Department of Epidemiology and Publich Health, at i det store og heile har det som har karakterisert heile «kinaviruspandemien», hatt ei «grad av frykt og folk sin respons til frykta».

«Generelt vil eg seie at vi har hatt ein pandemi av frykt. Og frykt har påverka nesten alle, medan smitta har påverka relativt få,» sa Risch.

«Det har i grunn vore ein svært selektiv pandemi, og føreseieleg. Det var ei veldig differensiering mellom unge versus gamle, friske versus kronikarar. So vi lærde raskt kven som var i risikogruppa for pandemien og kven som ikkje var det.»

«Derimot vart frykta marknadsført for alle. Og det som har karakterisert heile pandemien er grada av frykt og folk sin respons til frykta.»

Risch har forfatta meir enn 300 originale fagfellevurderte publikasjonar og var tidlegare medlem i redaktørstyret til American Journal of Epidemiology.

Professoren i epidemiologi føreslo at personar som heldt sentrale maktposisjonar ved oppstarten av pandemien i mars 2020 fyrst spreidde eit langt verre bilete av den «alvorlege naturen» til viruset enn det var grunnlag for.

Dette inkluderte meldinga om at alle var i risikogruppa, at alle kunne døy av å få viruset, og alle måtte bli heime for å beskytte seg sjølv, og, på den måten, beskytte samfunnet.

«Folk vart veldig redde av den beskjeden, som kven som helst ville bli… med regjeringa, med styresmaktene, med vitskapsfolk, forskarar, med medisinske autoritetar i folkehelseinstitutta, alle dei byrja å formidle den same beskjeden frå og med februar, mars i fjor. Og so byrja vi alle å tru på dette, meir eller mindre,» sa han.

I dei fyrste to månadene av pandemien, vart strenge nedstengingar og munnbindpåbod innført for å slå ned Covid-19-smitten i USA og rundt om i verda. Risch sa at typane av beskjedar frå styresmaktene førde til utbreidde høge nivå av angst.

«Alle sine angstnivå gjekk opp, og vi valde alle å i varierande grad redusere kontakt med andre menneske, nokon meir enn andre, men eg trur alle hadde angstnivå som verkeleg påverka korleis dei levde liva sine på den tida,» sa han.

I mellomtida har president Joe Biden sagt at 96 til 98% av amerikanarane må bli vaksinert mot Covid-19 før landet kan «gå tilbake til normalen», og pushar dermed retorikken at uvaksinerte amerikanarar har skulda for at det går sakte for nasjonen å kome seg økonomisk.

Ifølgje data frå det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention, var per 4.desember 2021 litt over 70% av vaksne amerikanarar fullvaksinerte mot viruset, medan 23,9% hadde fått ei oppfriskningsdose.

Heile intervjuet med dr. Harvey Risch kan sjåast i originalartikkelen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s