Dei som klagar over «vaksine»-skadar, blir no rekna som psykisk sjuke

Dei som klagar over «vaksine»-skadar, må no ta psykiatriske legemiddel til dei er «kurerte».

Av S.D. Wells, Natural News. Omsett av saksyndig.

Dei kallar det post-pandemisk stress-liding (engelsk Post Pandemic Stress Disorder; forkorta PPSD), men er i røynda langtidsbiverknader frå Covid-vaksinane, og dei som vågar å klage vil møte dei alvorlege konsekvensane av å utfordre den falske autoriteten til Den kinesiske kommunistparti-administrasjonen (òg kjent som Biden-administrasjonen). Dei fleste har inga aning om at vaksinetvang berre er byrjinga på «kampen» mot pandemien, fordi mentale lidingar forårsaka av vaksinane blir allereie kategorisert som PPSD, og tvinga medisinering for den forma for angst og depresjon kjem deretter.

Blodpropp-boosters og regelmessig administrering av tanke-bedøvande SSRI-ar kjem snart for alle vaksinerte «sauer».

Dersom du trudde at eit stikk eller to for Covid ville «gjere susen» og redde deg, tek du feil, ettersom det er ei rekkje obligatoriske boosters (oppfriskningsdosar) på veg. Dersom du trudde at Covid-vaksinar var slutten på «pandemien», tek du feil igjen. Det handlar ikkje om å stoppe eit virus, det handlar om å kontrollere folket, og legar verda rundt åtvarar at millionar av menneske som har blitt «vaksinerte» for Covid, no har auka risiko for hjartesjukdom, infarkt, nevrologiske lidingar og ja, mentale traume.

Prøver du å hindre vaksinepasset frå å gå ut på dato? Snart må du gå på psykiatriske legemiddel kjent som SSRI-ar for å kvalifisere til pass. Desse legemiddela er laga for å adressere sinnstilstanden din og hindre deg frå å bli (meir) galen, sjølv om vaksinane er årsaka til trauma. Det er ikkje PPSD, det er PVBD (engelsk post-vaccine brain disorder; vaksine-indusert hjerneliding, omtrentleg omseting); hjerneliding forårsaka av vaksinane. Det er verkeleg VAIDS – (vaccine-induced auto-immune disorder/syndrome; vaksine-indusert auto-immun-liding/syndrom) – so mange menneske lid av no, men det er dekt over av hovudstraumsmedia, CDC og FDA.

Dersom du erfarer forferdelege biverknader frå Covid-vaksinane og byrjar å fortelje folk om det, vil regjeringa, massemedia og sosiale media få deg til å halde kjeft.

Ingen amerikansk borgar får nokosinne skulde på eller klage over vaksineskadar. Ifølgje den amerikanske regjeringa, finst ikkje noko slikt. Alle vaksinar er alltid 100% trygge og 100% effektive til ei kvar tid, ifølgje FDA og CDC, sjølv om vitskapen har bevist at Covid-sprøytene er so godt som ubrukelege mot å få og overføre Covid-19 og variantane.

Har du fått nevrologiske lidingar berre nokre dagar etter at du fekk Fauci-influensa-sprøyta? Det er berre noko du innbiller deg, seier Big Pharma. Du treng psykotropiske legemiddel for ditt «innbilte» problem, at du har blodproppar og plutseleg ikkje kan gå. Det blir kalla PPST. Du treng legemiddel for tankane dine, fordi du openbert ikkje kan takle stresset over å tenkje på den skremmande varianten omikron (som ikkje er farlegare enn vanleg forkjøling).

Mesteparten av stresset ditt kjem frå å gå med eit oksygen-røvande munnbind heile dagen og bli sprøyta full i Covid-vaksinar som òg hindrar oksygenflyten til hjernen. Dette er grunnen til at Big Pharma og CDC treng ein syndebukk, og det litt brennkvikt. Faktisk har Journal of the American Medical Association (JAMA) og British Medical Journal (BMJ) allereie publisert ein sverteartikkel som skuldar Covid-vaksineskadar på «bio-psykososiale» problem i folk sine hovud. Du kan ikkje dikte slikt sprøyt opp. Dei kallar det Functional Neurological Disorder (FND; «funksjonell nevrologisk liding») for å bortforklare kvifor kjernesunne menneske som får Fauci-sprøyta plutseleg ikkje kan gå skikkeleg, har alvorlege muskelspasmar heile dagen og livs-endrande skjelvingar.

Det blir kalla ei psykisk liding, og tvinga psykotropisk medisinering er neste ting ut for amerikanarar som har frekkheita til å klage over vaksineskade. Gjer deg klar. Du kan ikkje liggje framfor vaksineindustrikomplekset, ettersom dei allereie held på å leggje ut dekkhistorier for vaksine-indusert blodbad og død, og det kjem berre til å bli verre og verre.

Kommentar frå saksyndig: Dette er vel eit perfekt døme på hersketeknikken som går ut på å sjukeleggjere din motstandar – her bokstavleg tala.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s