Held vi på å byggje vårt eige digitale fengsel?

I eit nyleg intervju med dr. Joseph Mercola, snakkar finansguru Catherine Austin Fitts, grunnleggjar av Solari Report, om korleis korrupsjon og bedrag er drivkreftene bak Covid-«pandemien». Ifølgje ho starta denne prosessen so tidleg som 1990-talet, ved at billionar av dollar forsvann frå pensjonsfond i det ho kallar «eit finansielt statskupp». Etter dette finansielle statskuppet, sit kort fortalt sentralbanken med bukta og begge endane, og regjeringa har blitt heilt avhengige av dei. 1998 reknar Fitts som året då dette statskuppet skjedde. Som ein konsekvens har dei mektige bankane, som er privateigde, teke kontroll over skattepolitikken – og dermed landet.

Enkelte, blant andre Naomi Wolf, meiner at sentralbankane bruker «pandemien» til å innføre eit system med skattelegging utan representasjon, altso det å påføre nokon skattar utan at dei har representasjon i regjeringa (slik som til dømes var tilfellet i tidlegare koloniar underlagt den engelske trona). Fullstendig økonomisk kontroll er berre ein del av reknestykket. Med innføring av vaksinepass, og vidareføring av det som allereie er digital avhengigheit, vil dette tyde slutten på fridommen til menneske i den vestlege verda.

Ein vil få eit finansielt transaksjonssystem der dei som er «ulydige», kan risikere at sentralbankane kan ta pengar rett ut av kontoen deira, eller stoppe dei frå å utføre transaksjonar. Velkomen til den nye verdsordenen!

Fitts kjem med fleire andre døme. Sentralbanktilsette (les: dei totalitære som styrer heile verda) vil ikkje at du skal vere i stand til å reise. Dei vil ha deg nøyaktig der du er, på same måte som fengselsvaktene vil ha fangane i cellene sine. I dette planlagde systemet kan dei enkelt oppnå dette ved å til dømes programmere den elektriske bilen din til å slutte å fungere eit visst tal kilometer frå heimen din. Naturlegvis vil dei òg ha full kontroll over pengane dine, sidan alt no skal fungere digitalt. Dei kan leggje føringar på kva du skal få lov å bruke dine eigne pengar på. Den digitale mynteininga som sentralbanken genererer, kan i ditt tilfelle til dømes berre brukast på hermetikk eller tørrvarer. Om du ytrar eit skeivt ord om marionettane i regjeringa, kan dei til dømes bestemme at du ikkje får kjøpe øl fredag ettermiddag.

Desse mørke kreftene har lurt menneskeheita til å byggje vårt eige fengsel. Dei fleste av oss har gjennom «pandemien» gjeve opp vesentlege delar av fridommen vår i byte mot sokalla «tryggleik». Dei fleste av oss har godteke isolasjon, sosial avstand og tap av inntekt mot å bli «beskytta» mot eit virus med ein overlevingssjanse på over 99% for dei aller, aller fleste.

Dette er eit digitalt, mentalt fengsel som ved fyrste augnekast kan sjå både effektivt og beleilig ut. Husdører som låser seg opp på kommando, elbilar du kan starte med ein app på mobilen slik at du kan setje deg inn i ein varm bil, bruk av tenester som Vipps slik at du slepp å drasse på kontantar. Det høyrest ut som ein forlokkande draum frå det 21.hundreåret. Heile livet ditt får plass på din eigen smarttelefon. Alt dette hadde vore fantastisk, om det ikkje var for at dei same som tilbyr deg denne teknologien, òg kan overvake deg. Og du aner ikkje deira intensjonar. Dei kan i teorien samle all slags informasjon om deg, og bruke det mot deg når du minst ventar det. Til dømes om du kjem med ytringar dei ikkje likar.

Hadde denne same overvakingsmoglegheita blitt fortalt nokon tilbake på 1980-talet, hadde dei sagt at det var henta frå ein dårleg spionroman. Overvaking av folk i sine private heimar utan deira godkjenning og utan at dei visste om det, var slikt som CIA og andre etterretningsbyrå dreiv med. Og dette betaler faktisk folk for no i 2021! For ikkje å snakke om at overvakingsteknologi er langt meir avansert no enn han var tilbake under den kalde krigen. For alt du veit (og spesielt om du bur i eit smarthus), kan det sitje ein fyr i E-tenesta i andre enden av landet og spionere på deg medan du dusjar, et frukost, køyrer Teslaen din på sundagstur – eller har sex med sambuaren din.

Dette får meg til å tenkje på ein Rema 1000-reklame som gjekk for nokre år sidan, om ein fyr som eigde eit smarthus. Han hadde vore hjå tannlegen og fått lokalbedøving, som hadde gjeve han mellombelse talevanskar. Smarthuset hans nekta å sleppe han inn frå pøsregnet, og når han fyrst kom seg inn, fekk han ikkje til å dempe stereoanlegget eller lage seg mat. Det enkle er ofte det beste, var moralen.

Det enklaste er rett og slett å ha ein vanleg husnøkkel og ein drivstoffbil. Staten kan nemleg ikkje stengje deg ute frå din eigen heim eller bil om desse to ikkje er del av «smart-nettet». Og han fyren frå E-tenesta som sit og spionerer på deg vil ikkje kunne finne ut av dine toalettvanar eller underlege sexfetisjar.

Fitts har ikkje eit fullt so humoristisk syn på dette digitale overvakingssamfunnet. Ho spår at det i næraste framtid til oppstå eit globalt fengselssystem der ingen er fri. Dei gode nyheitene er at folket sjølv må byggje veggane i fengselet. So fort du ser kva denne digitale draumeverda eigentleg er, vil sunn fornuft og sjølvopphaldingsdrift få deg til å slutte å byggje veggane.

Saman med Fitts vil eg kome med følgjande oppfordring: Kom deg av smart-nettet so fort som du kan. Dette er eit overvakingsnett som har som intensjon å fange deg for alltid. Om du jobbar i eit firma som utviklar slik teknologi, sei opp. Slutt å bruke overvakingsverktøy slik som Facebook og Google. Slå av GPS-sporinga på smarttelefonen din. Om du synest dette høyrest ut som ein konspirasjonsteori, er det fordi du har blitt hjernevaska til å tru det av dei som ønskjer full kontroll over deg. Dei vil sjølvsagt nekte for at dei overvakar deg!

Kva er so det endelege målet til denne teknokrat-eliten? Transhumanisme, den nifse idéen at menneske skal integrerast med teknologi heilt til ein ikkje kan sjå kor mennesket sluttar og teknologien byrjar. Om dei får det som dei vil, kan vi risikere at vi kjem til eit punkt der heile menneskesinnet kan lastast opp i ei «sky», der vi blir 100% udødelege data-avatarar som denne vondsinna eliten kan bruke og misbruke etter kva dei sjølv finn for godt. I motsetnad til i dag, vil sjølv døden då bli teken ut av dette diabolske reknestykket.

2 comments

  1. Hei. Mykje bra skriveri på bloggen/sida di. Eg vil nemne ein annan ting som er verdt å tenkje på, kvantedatamaskinar er ikkje alt for langt unda. Privatlivet forsvinn. Det moderne big brother vil verte å fylje med dei som går i honningfella og installerar smartheim med kamera og anna beleileg utstyr. Innbrot utan skadeverk vil aldri bli enklare.
    Elles kan denne karen vere verd eit besøk, han formidlar hjelp til å avstå frå big techs auger:
    https://www.youtube.com/channel/UCYVU6rModlGxvJbszCclGGw

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s