Derimot.no blir anklaga for å spreie feilinformasjon og konspirasjonsteoriar

Knut Lindtner, ansvarleg redaktør i den populære nettavisa derimot.no, fekk nyleg ei henvending frå nettstaden kampanje.com, der ein journalist ved namn Ragnhild Aarø Njie serverte påstandar frå Marius Karlsen i Helt Digital og forfattar John Færseth. Påstandane gjekk ut på at Lindtner «via sine nettsider konsekvent sprer desinformasjon om koronapandemien, klimakrisen og mediebransjen».

Han blir av denne Marius Karlsen kalla ein «ekstremkommunist» som vart kasta ut av Norges Kommunistiske Parti fordi «han av ledelsen ble oppfattet som en trussel mot ‘den rådende virkelighetsoppfatningen’.»

Derimot.no er den tiande største nettsida i Noreg målt i engasjement på Facebook og Twitter. Dette er i klasse med Bergens Tidende, Document.no, Rights.no, Dagens Næringsliv og Dagbladet.

Karlsen antydar at Medietilsynet burde gripe inn, og truleg (slik eg har mistanke om) sensurere eller «de-plattformisere» derimot.no.

Forfattar John Færseth anklagar derimot.no for å spreie «russiskvennlige synspunkter, og mange av de same konspirasjonsteoriene som spres av propagandakanalen Russia Today». Færseth meiner i tillegg at det er «skummelt» at derimot.no «sprer konspirasjonsteorier om koronaviruset».

Journalist Ragnhild Aarø Njie, etter å ha konfrontert Knut Lindtner med påstandane, stiller so følgjande spørsmål:

  1. Kjenner du deg igjen i kritikken?
  2. Hvor henter du informasjonen du deler på nettsidene dine fra?
  3. Vil du fremover ta noen grep for å sikre at informasjonen du deler på nettsidene dine er riktig?

Lindtner skriv i sitt tilsvar at det at Karlsen og Færseth (som han ikkje kjenner personleg) hevdar at derimot.no spreier konspirasjonsteoriar, tydar at dei to mennene sjølv har «fasiten på sannheten». Ingen har total oversikt over kva som er fakta og kva som er fantasi. Kven som helst kan late seg lure til å tru at påstand A er sant, medan påstand B er løgn. Konspirasjonar finst overalt. Difor er kjeldekritikk og evna til sjølvstendig tenking spesielt viktig i våre dagar.

Kjenner Lindtner seg igjen i kritikken? Nei.

Kor hentar derimot.no informasjonen sin frå? Det står oppgjeve i kvar artikkel. Meiningsartiklar treng ikkje oppgje kjeldene sine på same måte som ein saksartikkel.

Kjem derimot.no til å ta grep framover for å sikre at informasjonen som dei deler er riktig? Dei vil halde fram på same måte som no. Kjem noko frå ei påliteleg kjelde, vurderer dei det som godt nok. «Faktasjekking» er det ikkje rom for, og dersom nokon er ueinige i noko som står i ein artikkel, har dei naturlegvis tilsvarsrett. Og dersom dei er ueinige i meiningane til forfattarane, er dei velkomne til å ytre sine eigne meiningar. Slik fungerer sunn meiningsutveksling og ytringsfridom.

Verken Karlsen eller Færseth har kome med konkrete døme på kva som er feil i derimot.no sine saksartiklar.

Derimot.no, sidan Lindtner starta nettstaden i 2015, har hatt ein eventyrleg vekst. Nok til at hovudstraumsmedia og den offisielle forteljinga byrjar å skjelve i buksene. Du veit du har lykkast når representantar derifrå prøver å sverte deg ved hjelp av «faktasjekk», slik mellom andre Steigan og Hemali har blitt utsett for. Utan slike alternative nettstader hadde mediasituasjonen i Noreg vore særs fattig, og ingen alternative synspunkt hadde fått sleppe til.

Som ein alternativ, uavhengig nyheitsblogg støttar saksyndig slike nettstader.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s