Kommunal heksejakt på frittenkjande helsepersonell

Bilete henta frå Wikimedia.

Det går i desse mørke vinterstider føre seg ein heksejakt rundt om i Noregs kommunar, der helsepersonell som vågar å utfordre løgnene til den offisielle forteljinga blir møtt med alt anna enn toleranse og medmenneskelegheit. Sunn fornuft og evne til kritisk tenking blir møtt med fordømming og ønske om død og dommedag av det hjernevaska fleirtalet.

I ein kommune i Gudbrandsdalen er rådmannen på krigsstien etter at ein fastlege har uttrykt skepsis til mRNA-injeksjonane på sin private Facebook-profil. Stridens kjerne ligg i at legen sin arbeidsgjevar meiner synet hennar på desse tvilsame sprøytene ikkje er foreinleg med hennar rolle som lege. Dei meiner til og med at spreiinga hennar av «desinformasjon» (les: sanninga) kan få folk til å vegre seg mot å ta sprøyta. Trass stor støtte på sosiale media, må legen etter eit møte med arbeidsgjevar fjerne vaksinekritiske innlegg frå den private Facebook-sida si. I dette konkrete tilfellet bestemte altso kommunen seg for at ytringsfridommen ikkje gjeld dersom du er fastlege. Med andre ord kan arbeidsgjevar ha benytta seg av den ikkje-lovfesta lojalitetsplikta ein tilsett er forventa å ha mot dei som betaler lønna hennar.

Vi får diverre fleire og fleire historier frå helsepersonell som møter motstand og fiendtlegheit i jobbsamanheng. Hemali publiserte nyleg ein artikkel om den 42 år gamle uvaksinerte jordmora «Anne», som til slutt slutta i jobben sin på grunn av utilbørleg handsaming frå arbeidsgjevar. Frå å måtte bruke munnbind (truleg som den einaste i personalgruppa), måtte ho til slutt sitje framfor sine gravide pasientar i fullt smittevernutstyr, inkludert visir. Eg vil tippe hennar fullvaksinerte kollegaer ikkje trong å bruke noko smittevernutstyr, sjølv om vaksinerte smittar like mykje som uvaksinerte. Etter noko som eg trur var reine mobbemøtet med personalsjef og leiar, valde «Anne» å slutte i jobben. På toppen av det heile måtte ho anbefale dei gravide pasientane sine å ta vaksine, noko som truleg vil få nifse konsekvensar for dei seinare om dei valde å følgje rådet hennar.

Ein mannleg helsefagarbeidar mista jobben, dama, stesonen og nesten livet (!) då han uttrykte usemje med koronatiltaka på den kommunale sjukeheimen han jobba på i Bergen. Historia hans om kriminell neglisjering av eldre på sjukeheim under «pandemien» er langt frå unik. Dei har alle til felles at arbeidsgjevar har ålt seg unna ansvar, og anten orsaka seg med at dei følgde ordrar, eller at dette var einaste måten å unngå smitte og massedød. Dei eldre døydde likevel, men av tapt livsgnist, underernæring og rein og skjer omsorgsforsømming; nesten ingen døydde av sjølve Covid-viruset.

Desse tre historiene er berre tre døme som eg fann i forbifarten. Der finst mange fleire, og berre dei færraste når faktisk ut i media. Kanskje skuldast det at det berre er alternative nettstader som publiserer desse viktige historiene; folk flest kjenner berre til hovudstraumsmedia, som aldri publiserer slike saker. Den mest sannsynlege årsaka kan derimot vere at helsepersonell som står fram og varslar om desse kritikkverdige forholda, vil bli offer for represaliar frå arbeidsgjevar.

For vi ser i desse dystre, dystopiske tider korleis arbeidsgjevar utan nåde øydelegg livet til dei som ikkje har den rette trua. Om du ikkje har vore vitne til slik totalitær bølleoppførsel frå eit mektig konglomerat av hjernevaska psykopatar, so kan eg love deg at det er ei oppleving du vil hugse resten av livet ditt. Om ein arbeidsgjevar fyrst bestemmer seg for å fjerne ein «brysam» tilsett, vil han bruke kvart eit simpelt triks i boka. Då blir Arbeidsmiljølova beleilig ignorert, jus og arbeidsrett blir nærast avfeia som feilinformasjon og konspirasjonsteoriar, og dei frikjøpte tillitsvalde blir om til servile kujonar som er livredde for å bli offer for vreiden til sin eigentlege herre. Er du frikjøpt tillitsvalt som har opphavleg arbeidsstad i NN kommune, jobbar du etter mitt syn framleis i NN kommune – det er der du har din eigentlege lojalitet.

Hugs at arbeidsgjevar ikkje er din venn. Du er fyrst og fremst ein ressurs som han kan bruke (og misbruke!) etter kva han finn for godt.

Stoda i helsevesenet er nattsvart, og ikkje berre på grunn av dårleg leiing eller den giftige isfronten mellom pro- og anti-sprøyte-gruppa. Den aude sjukeheimen eg jobbar på, har for tida skyhøgt sjukefråvær, mest på grunn av at sprøytene openbert fører til uhelse i ei tidlegare frisk og førleg personalgruppe – dei fleste som jobbar der, er yngre enn eg. Helgebemanning er meir regelen enn unntaket; seinast 15.desember var vi berre to personale på avdelinga på ei travel dagvakt. Fleire og fleire i personalgruppa har no teke tredje dosen av dr. Faucis skumle giftsuppe av nano-barberblad og dødbringande genredigeringsverktøy. Alle bortsett frå uvaksinerte meg går rundt og hostar, nys og snufsar, bleike som lik i ansikta.

No må alle bruke munnbind igjen; fram til den oppdikta omikron-varianten kom, var eg den einaste som gjekk med denne «slavemaska». No er ikkje lenger vaksinestatusen min synleg for gud og kvarmann som måtte stikke nasen inn dørene.

Hurtigtestar er umogleg å oppdrive i regionen; ein har for lengst gått tom sidan alle renn ned legekontor og andre helseføretak for å panikkteste seg i tide og utide. Difor kan eg ikkje gjennomføre det tvilsame testregimet som berre gjeld for meg (testing to gonger i veka trass fullstendig fråvær av symptom, medan ingen krev at mine openbert sjuke trippelvaksinerte kollegaer testar seg). Det ser ikkje ut som leiinga bryr seg, ettersom dei har meir enn nok å tenkje på for tida. Noverande styrar har tenkt å rømme til havs ved årsskiftet – ho har tydelegvis fått nok av tre-fire nattevakter i veka pluss leiarstilling sidan det ikkje er personale å oppdrive. Erstattaren blir ho som no er nestleiar, og ei til. Dei er begge i tjueåra, etter mitt syn altfor unge til å ha noko som liknar på leiaransvar.

Ei av nattevaktene snakka nyleg stygt om ein kollega av seg. Kollegaen skal ha uttrykt stor skepsis over mRNA-injeksjonane, og kome med «lange utgreiingar» om kvifor ingen bør ta desse sprøytene. «Ho er uvaksinert!» nærast snerra den trippelvaksinerte nattevakta medan hatet ein augneblink gløda i dei små griseauga hennar. Eg aner kimen til nok ein kommunal hekseprosess der frittenkjande individ med sunt bondevit blir jaga ut or helseføretaket med faklar og høygaflar av flokkar med vaksineskadde skrømt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s