Førti tusen døydde i amerikanske sjukeheimar av isolasjon og omsorgsforsømming berre i dei fyrste ni månadene av hysteri og nedstenging

I staden for å prioritere sjukeheimar og strø ressursar over dei, rana Covid-politikken dei for personale og hjelp frå familien.

Av Matt Sedensky, Anti-Empire. Omsett av saksyndig.

Notat frå redaktøren: I staden for å ha ein fokusert Covid-respons der fyrsteprioriteten burde vere å gje sjukeheimar kvar moglege ressurs, gjekk ‘meg-meg-meg’-samfunnet den narsissistiske ruta og fekk eit virus som aldri truga folk flest til å handle om dei sjølve. Dette innebar å proklamere eit sinnssjukt, universelt, obligatorisk zombie-apokalypse-aktig regime av maksimal isolasjon, som på sjukeheimar skapte ei enorm uttynning av personale som ikkje kunne kompenserast for, og stengje tilgang for familiar som ofte hadde rolla som uoffisiell hjelp. Kvifor var der ikkje ei elv av PCR-negative vaktarar, friviljuge og betalte hjelpetroppar klare for å marsjere inn på sjukeheimane og avlaste personalet som var utestengt som Covid-kontaktar? Eller sjenerøse subsidiar for personale som ville ha vore viljuge å bli verande i lokala døgnet rundt når det var utbrot, med valet for familiemedlemmer å vere i karantene med dei òg?

Då Covid-19 raste gjennom sjukeheimen til Donald Wallace, var han ein av dei få heldige som unngjekk smitte.

Han døydde ein forferdeleg død likevel.

Frå å ha vore kjernesunn og lykkeleg før pandemien, vart den 75-årige pensjonerte lastebilsjåføren frå Alabama so underernært og dehydrert at vekta raste ned til 44 kilo; for sonen sin såg han ut som om han hadde vore i ein konsenstrasjonsleiar. Septisk sjokk antyda ein ubehandla urinvegsinfeksjon, E-coli i kroppen frå hans eiga avføring hinta til dårleg hygiene, og aspirasjonspneumoni indikerte at Wallace, som trong hjelp ved måltid, mest sannsynleg hadde blitt kvelt av sin eigen mat.

«Han kunne ikkje eingong halde hovudet oppe fordi han hadde blitt so svak,» sa sonen hans, Kevin Amerson. «Dei stoppa å ta seg av han. Dei forlét han.»

I det meir enn nitti tusen av landets langtidspasientar på sjukeheimar har døydd i ein pandemi som har tøya personalgrupper til brestepunktet, seier forkjemparar for eldre at ei bølgje av død skilt frå viruset stille har kravd fleire titals tusen fleire liv, ofte fordi overbelasta arbeidarar ikkje har vore i stand til å gje dei den omsorga dei treng.

Sjukeheims-vaktbikkjer blir overfløymde av rapportar om bebuarar som ligg so lenge i skitne bleier at huda deira fell av, forlatne med trykksår som går heilt inn til beinet, og etterlatne for å visne hen av svolt eller tørste.

Utover dette avslører intervju med dusinvis av menneske i heile landet eit veksande tal av ikkje fullt so openberre dødsfall som legar trur har skjedd ikkje på grunn av omsorgsforsømming, men av ein mental tilstand av desperasjon på grunn av langvarig isolasjon – som enkelte dødsattestar kallar «failure to thrive» (omtrentleg omsetjing: «ute av stand til å trivast»; dei mista rett og slett livsgnisten, kan ein òg seie).

Ein sjukeheimsekspert som analyserte data frå landets 15 000 institusjonar for The Associated Press estimerer at for kvart to Covid-19-offer i langtidsomsorga, er det éin til som døydde prematurt av andre årsaker. Desse «overtalsdødsfalla» over den normale dødsraten i sjukeheimar kan til saman kome på meir enn førti tusen sidan mars.

Desse ekstra dødsfalla er omtrent 15% meir enn du kunne forvente på sjukeheimar som allereie opplever fleire titals tusen dødsfall kvar månad i eit normalt år.

«Helseomsorgssystemet opererer so å seie på kanten, akkurat på mergen, so dersom det oppstår ei krise, kan vi ikkje gjere noko,» seier Stephen Kaye, professor ved Institute on Health and Aging ved University of California i San Francisco, som leia analysen. «Der er ikkje nok folk til å ta seg av sjukeheimsbebuarane.»

Ved å samanlikne dødelegheitsrater i heimar råka av Covid-19 med dei som vart sparte, oppdaga Kaye òg at dess meir viruset spreidde seg i ein heim, dess større var talet registrerte dødsfall av andre grunnar. I heimar der minst tre av ti bebuarar hadde viruset, til dømes, var raten for død på grunn av andre årsaker enn viruset, det dobbelte av kva ein kunne forvente utan ein pandemi.

Dette føreslår at omsorga til dei som ikkje fekk viruset kan ha blitt påverka av at helsearbeidarar heller brukte tid og krefter på Covid-19-sjuke bebuarar, eller rett og slett jobba med underbemanning etter kvart som pandemien gjorde dei tilsette sjølve sjuke.

Kronisk underbemanning på sjukeheimar har vore eit av særtrekka til pandemien, der nokre heimar til og med vart tvinga til å evakuere pasientane fordi so mange arbeidarar anten testa positivt eller var vekke med sjukdom. I tjue delstatar der virustilfelle no er stigande, viser føderale data at nesten eitt av fire sjukeheimar rapporterer om personalmangel.

På New Yorks Long Island såg Dawn Best dette på nært hald. Før Covid-19 kom til Gurwin Jewish Nursing Home, var ho fornøgd med omsorga som hennar 83 år gamle mor Carolyn Best fekk. Ho var med på aktivitetar, frå tai-chi-klassar til besøk av ein ponni, og fekk mykje kjærleik og merksemd av personalet.

Men då lockdown starta og viruset byrja å spreie seg på heimen, følte Best at personalet ikkje kunne takle det dei hadde fått i nevane. Andre gongen mora hennar, ei pensjonert telefondame, viste seg på skjermen for ein planlagt FaceTime-samtale, såg ho frykteleg ut, ho lukka auga medan ho stunde, veiva armane sine over hovudet og sa «nei» gjentekne gonger. Best bad innstendig om at ein lege såg på ho.

Nokre få timar seinare ringde legen, tilsynelatande oppkava, og sa at ho berre hadde ein augneblink til å snakke.

«Covid er overalt,» hugsa Best at ho sa. «Det er i kvar avdeling. Legane har det, pleiarane har det, og mora di kan ha det.»

Til slutt ville 59 bebuarar på Gurwin bli drepne av viruset, men Bests mor fekk det aldri. I staden døydde ho av dehydrering, sa dottera hennar, fordi personalet var so opptekne av å ta seg av Covid-19-pasientar at ingen forvissa seg om at ho drakk.

 «Frå tre veker gjekk mora mi frå å bli fantastisk teken vare på til å vere død,» sa Best, som la fram medisinske dokument som skildra mora si dehydrering. «Dei hadde gapt over meir enn dei kunne svelgje meir enn nokon kunne førestelle seg.»

Representantar for Gurwin sa at dei ikkje kunne kommentere Best sin sak. Styrar på sjukeheimen, Joanne Parisi, sa «Covid-19 har påverka oss alle,» men at «personalet på Gurwin har gjort ein heroisk jobb».

West Hill Health and Rehab i Birmingham, Alabama, der Wallace budde før hans død 29.august, sa at han vart «ivareteken med største medkjensle, entusiasme og respekt». Sonen til Wallace la fram medisinske dokument som la vekt på tilstandane som han skildra.

Då institusjonar stengde ned over heile landet i mars, vart forkjemparar og inspektørar rutinemessig stengt ute òg, medan bekymringsmeldingar rann inn, ikkje berre om alvorlege skadar frå fall eller alvorleg helsemessig forfall, men om tilsynelatande banale problem som utgjorde alvorlege helseproblem for dei sårbare.

Mairead Painter, Connecticuts langtidsomsorg-ombudsmann, sa at ettersom tannlegar vart stengde ute, vart ikkje dårleg tilpassa tannprotesar (gebiss) fiksa, noko som spelte ein faktor i eit veksande tal tilfelle av underernæring, og med fotterapeutar vekke vart ikkje tånegler klipte, noko som i sin tur førde til smertefulle tilstandar hjå diabetespasientar.

Noko som var endå meir vidspreidd, var at når pårørande ikkje fekk kome inn på heimane, forsvann kritisk hjelp med mating, bading og påkledning av bebuarane. Børa fall på assistentar som allereie jobba tunge skift for dårleg betaling.

«Eg trur ikkje nokon verkeleg såg kor mykje tid venner og familie, friviljuge og andre folk brukte på sjukeheimar og bidrog med den bebuarnære omsorga,» sa Painter.

Strenge reglar rundt besøk held fram på mange sjukeheimar, men etter kvart som familiar og forkjemparar har kjempa seg tilbake tomme for tomme, har dei ofte blitt lamslegne av det dei har funne ut.

Då June Linnertz kom tilbake til sin fars rom på Cherrywood Pointe i Plymouth, Minnesota i juni for fyrste gong på tre månader, vart ho treft av ein blest av varme og ein veggtermostat som viste 29 grader (celsius; 85 grader Fahrenheit i originalartikkelen, oms.an.). Sengekleda hans var gjennomvåte av sveitte, håret låg kilstra til hovudet og han var dekt av sår som Linnertz seinare fann ut skuldast minst eit halvt dusin fall. Neglene hans hadde vekst seg so lange at dei krølla seg over fingertuppane og der var so mykje størkna tårer i auga hans at han ikkje kunne opne dei.

Faren, 78 år gamle James Gill, skreik; han trudde han hadde blitt blind, og Linnertz greip tak i ein assistent i panikk. Ho fjerna bleia og avdekte genitaliar som var mørkeraude og hud som var skrapt av.

To dagar seinare døydde Gill av Lewy-body-demens, ifølgje ein kopi av sin eigen dødsattest. Linnertz rekna alltid med at faren kom til å døy av den tilstanden, som forårsakar eit framskridande tap av minne og rørsle, men ho trudde aldri at han ville ende sine dagar i so mykje unødvendig smerte.

«Det pandemien gjorde var å avdekkje kva som verkeleg skjedde i desse institusjonane. Det var dårleg før, men det vart eksponentielt verre fordi du hadde presset frå pandemien,» sa Linnertz. «Om vi ikkje hadde vore i ein pandemi, hadde eg vore der … Dette ville ikkje ha skjedd.»

Aldersheimens farselskap, Ebenezer, sa: «Vi benektar på det sterkaste påstandane gjort om omsorga av denne bebuaren», og la til at dei følgjer «strenge personalretningslinjer» som lova krev.

Cheryl Hennen, Minnesota sin langtidsomsorgs-ombudsmann, seier at dusinvis av klagar har runne inn om trykksår, dehydrering og vekttap, og andre døme på neglisjering på diverse institusjonar, sånn som ein mann som vart kvalt medan han ikkje vart passa på under måltid. Ho fryktar at mange fleire historier om misbruk og omsorgsforsømming vil dukke opp når personalet hennar og familiar no kan vende tilbake til heimane.

«Dersom vi ikkje kan kome inn der, korleis veit vi kva som verkeleg skjer?» sa ho. «Vi veit ikkje om det vi ikkje kan sjå.»

Den gnagande skuldkjensla frå unødvendig død er noko Barbara Leak-Watkins forstår. Det var so nyleg som februar at hennar 87 år gamle far, Alex Leak, var til legetime og fekk svar på prøver som fekk Leak-Watkins til å tru at militærveteranen, bygningsentreprenøren og bonden ville vere med ho lenge enno.

«Du kjem til å overleve oss alle,» hugsa Leak-Watkins at legen sa.

Ettersom det vart fleire og fleire utbrot av Covid-19 på sjukeheimar, bad Leak-Watkins til Gud om at han måtte bli spart. Bønna vart svart, men Leak vart likevel funnen bevisstlaus på golvet på Brookdale Northwest i Greensboro, North Carolina, med auga rulla bak og tunga stikkande ut.

Etter at han kom til sjukehuset, ringde ein lege der Leak-Watkins og sa: Faren hennar hadde gått so lenge utan vatn at nivåa hans av kalium hadde gått i taket og nyrene hadde byrja å svikte. Han døydde to veker seinare av laktisk acidose, ifølgje dødsattesten, ei dødeleg oppsamling av syre i kroppen når nyrene sluttar å fungere. Ettersom han i militæret hadde blitt so grundig drilla i kor viktig det er å drikke nok vatn, og difor alltid hadde ei flakse vatn for handa, hadde dottera aldri tenkt tanken at han kunne gå rundt og tørste.

«Institusjonen er underbemanna, underbetalt og overarbeidd,» sa Leak-Watkins. Dersom dei «ikkje kan forsyne deg med drikke og væske for å oppretthalde væskebalansen, er det noko gale.»

Dottera vurderer å saksøkje, men ei North Carolina-lov som gjev langtidsomsorgsinstitusjonar brei immunitet frå saker rundt neglisjering ved skader eller død under pandemien, kan sette ein stoppar for planane hennar. Liknande lover og direktiv har blitt sett i verk i meir enn to dusin delstatar.

Eigaren av faren sin institusjon, Brookdale Senior Living, sa at dei ikkje kunne kommentere enkeltsaker, men at «helse, lykke og velvære til kvar og ein av våre bebuarar vil alltid vere vår prioritet.»

Rundt om i landet gjentek hjartesorga seg, ikkje berre blant familiar som allereie har gravlagt ein medlem, men òg dei som føler at dei ser på ein saktegåande katastrofe.

I Hendersonville, Tennessee, fekk Tara Thompson sjå mor si for fyrste gong på meir enn seks månader då ho vart lagt inn på sjukehus i oktober. 79-åringen hadde gått ned rundt ni kilo, auga hennar var innsunkne og beina såg meir ut som armar. Legane ved sjukehuset sa at ho var underernært og hadde muskelsvinn. Der var trykksår på rygg og bak og eit ope sår i panna frå eit fall på sjukeheimen. Ordforrådet hennar hadde skrumpa inn til nesten ingenting, og ho hadde teke til seg vanen å dra eit teppe over hovudet på seg.

Heimen som mora til Thompson hadde budd på, hadde blitt oppslukt av virusutbrot, der meir enn halvparten av bebuarane hadde testa positivt, og fleire dusin tilsette hadde blitt smitta òg. Mora fekk det aldri, men forferda over mangelen på omsorg, overførte Thompson ho til ein annan heim.

«Det har ingenting med viruset å gjere. Ho har forfalle fordi ho har hatt absolutt ingen kontakt med nokon som bryr seg om ho,» sa ho. «Det einaste dei har å leve for er familiane sine, og på slutten av livet tek du vekk det einaste som betyr noko for dei.»

«Failure to thrive», tap av livsgnisten, var blant dødsårsakane til Maxine Schwartz, ein 92 år gammal tidlegare konditor, der familien før lockdown hadde blitt oppmuntra av kor bra ho hadde tilpassa seg sjukeheimen, Absolut Care i Aurora Park, i delstaten New York. Dottera hennar, Dorothy Ann Carlone, brukte å overtale ho til å ete i matsalen kvar dag og dei song songar og åt kaker på rommet hennar. Fleire gonger i veka gjekk Schwartz ned korridoren som trim.

Då lockdown byrja 13.mars, frykta Carlone kva som ville skje når ho sjølv ikkje var der. Ho trygla personalet: «Dersom de ikkje slepper meg inn for å mate ho, vil ho ikkje ete, ho vil svelte.»

25.mars, då ein tilsett ved heimen sendte eit bilete av Schwartz, vart Carlone sjokkert over kor tynn ho var. Carlone vart fortalt at mora ikkje hadde ete, og at ho til og med hadde avvist sine favorittkaker.

To dagar seinare fekk Carlone over telefon beskjed om å kome til sjukeheimen umiddelbart, og då ho kom dit, var mora si hud flekkete, ho heiv etter pusten og ansiktet var so drege at ho knapt var gjenkjenneleg. Ein time seinare døydde ho.

Dawn Harsch, ei talskvinne for selskapet som eig Absolut Care, bemerka at ei delstatleg undersøking ikkje avdekte noko kritikkverdig, og at «den naturlege utviklinga til ein pasient som Mrs. Schwartz, som hadde framskriden demens, er å nekte å ete.»

Carlone er ikkje overbevist.

«Det gjekk so bra med ho før dei stengde oss ute,» sa Carlone. «Kva tenkte ho då eg slutta å kome? At eg ikkje elska ho lenger? At eg hadde forlate ho? At eg var død?»

Før lockdown brukte Carlone si mor å vente ved ein heis på at ho skulle kome kvar dag. Ho tenkjer på mora si stå der og vente når besøka stoppa, og veit at smerta frå isolasjonen måtte ha spelt ei rolle i hennar død.

«Eg trur ho gav opp,» sa ho.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s