Helsesjukepleiar i Bergen roser Margrethe Salvesen si bok «Koronarebellen»

Om ein les lokale nyheiter frå Bergen og omeign, kan ein fort få inntrykket av at eit overveldande fleirtal ikkje berre støttar, men lovpriser «tiltaka» som har vore brukt mot den fabrikkerte korona-«pandemien» sidan mars 2020. Spesielt i helsesektoren er det viktig for den offisielle forteljinga å få fram at «alle» kneler framfor Covid-alteret og tek mRNA-sprøyta i solidaritet med dei svakaste i samfunnet. Og dei som ikkje vil ta sprøyta, får ver so god finne seg i å bli utestengt frå fellesskapet og henvist til den sikre død!

Der finst heldigvis døme på at den stadig aukande motstand mot dette diktaturet kjem fram. Ein helsesjukepleiar i Bergen, Anne Marie Ulvolden, leverte nyleg ein rosande omtale på Steigan om Margrethe Salvesen si viktige bok «Koronarebellen – i kamp mot lockdown for rettsstat og demokrati». Helsesjukepleiar er det nye, kjønnsnøytrale namnet på yrket som tidlegare vart kalla helsesyster.

Ulvolden skryter over denne fritalande, modige sjukepleiaren og kallar ho ein forkjempar «for vår frihet og demokrati». Salvesen skriv i denne boka – som eg sjølv har lese – at Noreg og resten av verda er i ferd med å innføre eit koronadiktatur, og at det i praksis har blitt starta ein krig der «statsmakten med politikere i spissen og media har tatt side mot befolkningen». Ein har ulogiske reglar som stadig blir endra, uriktige påstandar og dobbeltkommunikasjon. Dette blir kombinert med at nordmenn flest er lydige og konforme, at dei berre gjer det dei får beskjed om frå styresmaktene. Eg er heilt einig i dette. Noreg er ein nasjon av feige nikkedokker. Underkasting blir belønna, motstand blir drakonisk straffa.

Salvesen har heilt sidan starten på regimet 12.mars 2020 «stått i front hele veien, som en uredd krigerinne», trass at hennar fiendar ustanseleg har prøvd å utslette ho. Ho skjønte fort at den offisielle forteljinga sin endelause skremselspropaganda om massedød berre var fabrikkerte løgner – blant anna frå det digre PR-byrået Hilton + Knowles. Denne globale hjernevasken har no ført til at eit fleirtal av den vestlege verda trur på denne svadaen. Som ein konsekvens, lever vi no i «forvirringens tidsalder, vi vet ikke lenger hva som er sannhet eller løgn av det vi blir fortalt». Ulvolden skriv vidare at:

«En tung sky av melankoli og angst har lagt seg over landet og verden. Hvilken kostnad vil dette få for generasjoner framover?»

Kommentar frå saksyndig: Eg sjølv har desse dystre spådommane, basert på tendensar vi allereie ser i dag:

Ettersom fleire og fleire blir injisert med mRNA-sprøytene frå Bill Gates, Anthony Fauci og resten av den globalistiske eliten, vil ein sjå fleire og fleire tilfelle av alvorleg sjukdom og død. Dette vil akkumulere seg etter kvart som folk sluker åtet og tek «oppfriskningsdosar». Den mest dystre prognosen spår massedød utan historisk sidestykke.

Etter kvart som barn og spedbarn heilt ned i seks månaders alder òg vil bli injiserte, vil ein sjå ein drastisk oppgang i barnedødsfall. Dei som overlever, vil lide av varige mein. Gravide som tek sprøyta vil anten oppleve dødfødslar eller barn fødd med misdanningar.

Den globalistiske eliten vil, under påskot av stadig nye «variantar» av Covid (til dømes «omicron-varianten», som dei no skrik om på innpust og utpust) fremje krav om ny mRNA-injeksjon kvar sjette månad for å beskytte mot slike og framtidige «variantar». Om ein mot formodning skulle overleve denne jamnlege tvangsvaksineringa, vil ein bu i eit samfunn som vilkårleg stengjer ned og opnar opp, alt etter kva regimet finn for godt. Innføring av «koronasertifikat» vil føre til at ein har valet mellom å ta «oppfriskningsdose» eller få inndrege privilegiar som reise, handling, sosialt samkven og til og med førarkort.

På toppen av det heile, vil ein på grunn av uvitskaplege og tåpelege munnbindpåbod få ein generasjon av barn og unge som vil vere ute av stand til å lese ansiktsuttrykk. Nonverbal kommunikasjon er kritisk for utviklinga, og folk som er ute av stand til å tolke slik kommunikasjon, blir som regel diagnostisert med autisme i dag. Ein spår eit oppsiktsvekkjande fall i IQ på grunn av mangel på denne viktige evnen. I tillegg vil konstant bruk av munnbind føre til mangel på oksygen til hjernen, som i ytste konsekvens kan føre til hjerneskadar.

Ein vil til sjuande og sist få ei verd av Covid-zombiar, der eit uvaksinert mindretal rett og slett går under jorda og dannar parallellsamfunn medan dei ventar på betre tider.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s