Urovekkjande funn av koppeprøvar i amerikansk laboratorium

Henta frå Natural News.

Koppar, eller variola (engelsk smallpox), er ein svært smittsam og farleg virussjukdom som var vanleg i verda fram til den vart erklært utrydda ved hjelp av vaksinar i 1979. Den frykta sjukdommen gjorde dei fleste vansira på grunn av dei store, væskefylde blemmene som etterlét arr i huda, og mange vart òg blinde på grunn av infeksjonar i hornhinnene.

Nyleg oppdaga ein arbeidar i eit laboratorium utafor den amerikanske byen Philadelphia i delstaten Pennsylvania 15 prøveglas, der fem var merkte «smallpox» og dei ti andre var merkte «vaccinia». FBI, CDC og andre føderale byrå sette visstnok i gang ei etterforskning. Dette har vekt frykt i enkelte miljø.

Berre to laboratorium i heile verda er autorisert til å lagre koppeprøvar. Laboratoriet i Philadelphia er ikkje eit av dei. So korleis kan det ha seg at dei tilfeldigvis hadde heile femten prøvar av koppar liggjande i ein frysar? Kor har dei fått tak i dei? Laboratoriet er eigd av selskapet Merck & Co.

Desse nyhenda blir av somme kopla med to andre hendingar frå nyare tid:

  1. Department of Health and Human Services under Biden-administrasjonen brukte i september 2021 112,5 millionar dollar [over ein milliard kroner] på eit legemiddel kalla TPOXX, som blir brukt for å behandle koppar. Kvifor bruker dei so mykje pengar på eit legemiddel mot ein sjukdom som offisielt er utrydda?
  2. Gates har snakka om faren for at terroristorganisasjonar kan skaffe seg prøver av koppar, som dei deretter vil bruke som biologisk våpen. Dette temaet tok han tilfeldigvis opp på sin «Event 201», pandemi-simuleringsøvinga som fann stad i New York i oktober 2019, like før hovudstraumsmedia fyrst byrja å snakke om Covid-19.

Saman med nyheitene om funn av koppeprøvar, blir dette av somme frykta som «djupstaten» sin neste plan for å utrydde menneskeheita. I motsetnad til Covid, er koppar faktisk farleg. Eit utbrot av denne svært smittsame og vansirande sjukdommen på til dømes ein flyplass vil få katastrofale konsekvensar for ei verd som allereie er utmatta av den ustanselege psykologiske krigføringa relatert til Covid. Når styresmakter og media har ropt «ulv, ulv» i nesten to år, vil nok dei fleste berre riste på hovudet – og helvete vil bryte laust.

Kommentar frå saksyndig: Dersom globalistane og deira medskuldige massemedia vil skape verdsomspennande panikk rundt nok eit smittsamt virus, hadde dei truleg gjort det for lengst i skrivande stund. Dei hadde brukt same strategien som med Covid-19 og spydd ut skremselspropaganda ustanseleg i alle kanalar døgnet rundt. Åtak med biologiske våpen har funne stad tidlegare, til dømes åtaka med miltbrann (anthrax) for ein del år tilbake. Originale pandemiplanar som dei fleste land har, er laga spesifikt for å slå ned utbrot av verkeleg farlege virus. I motsetnad til Covid-19-«strategien», er desse planane utarbeidd på grunn av vitskap og erfaring frå tidlegare situasjonar med virusutbrot. Noreg hadde ein slik plan, men gjekk fullstendig vekk frå den i mars 2020, slik som alle andre vestlege land. Å bruke ein slik «strategi» overfor ein genuint farleg smittsam sjukdom vil essensielt tilinkjegjere samfunnet slik vi kjenner det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s