Magisk tenking og farane med munnbind

Frå ein artikkel av Dr. Joseph Mercola. Omsett av saksyndig.

Er du førebudd på å gå med munnbind til evig tid? Somme er, men deira positive haldning til munnbind er sannsynlegvis eit resultat av svikefull og villeiande informasjon. Den resulterte magiske tenkinga relatert til munnbind har skapt ein av dei mest polariserte debattane i amerikansk historie og ført til at dei som er imot munnbind blir kalla «bestemor-mordarar».

For å gjere det klart, har U.S Centers for Disease Control and Prevention (CDC) loge so det rann av dei når det gjeld kor effektive munnbind er. 5.november 2021 kom CDC-direktøren dr. Rochelle Walensky med følgjande melding på Twitter: «Munnbind kan hjelpe til med å redusere risikoen din for #COVID19-infeksjon med meir enn 80%.»

Men, som dr.Vinay Rasad, MPH, ein hematolog/onkolog (blodekspert/kreftege) og associate professor ved departementet for epidemiologi og biostatistikk ved University of California San Francisco, sa det på Brownstone-instituttet: «Eg veit ikkje korleis eg skal seie dette på ein høfleg måte, men det er ei løgn, og ei verkeleg utruleg løgn òg… Ideen om at munnbind kan redusere faren for smitte med 80% er rett og slett uriktig, usannsynleg og kan ikkje bli støtta av nokon pålitelege data.»

Munnbind har ørliten effektivitet, om nokon i det heile

Walensky oppgav ingen referansar for påstanden sin om at munnbind reduserer Covid-19-smitte med 80%, men ein stor studie frå forskarar ved Yale, Stanford og University of California Berkeley kom fram til mykje mindre imponerande resultat for munnbind.

Forsøket involverte 342 183 menneske frå 600 landsbyar på landsbygda i Bangladesh frå november 2020 til april 2021. I landsbyar som fekk munnbind, var talet symptomatiske Covid-19-smittetilfelle 9,3% lågare samanlikna med landsbyar utan munnbind, eller 11% lågare i landsbyar som fekk kirurgiske munnbind i staden for munnbind av tøy.

Kvifor har då ikkje Walensky si Twitter-melding blitt merkt som feilinformasjon og blitt eit mål for «faktasjekkarar» som kallar det heile ei openlys løgn? Rasad tok med ei Twitter-meldgin frå Carnegie Mellon University-matematikar Wesley Pegden, som sa:

«Leiaren i etaten som er ansvarleg for å formidle nøyaktig og påliteleg informasjon til amerikanarar om inngrep (som vaksinar) som vi faktisk veit er verkeleg effektive burde ikkje òg kome med fabrikkerte, kvantitative påstandar som støtter dei med dårleg bevismateriale.»

Antibiotika-resistente patogenar lever i munnbind

Medan munnbind held fram med å bli tilrådde eller obligatoriske, har lite blitt sagt om dei ibuande farane ved å dekkje munnen og nasen din med stoff eller anna materiale. Både bomulls- og kirurgiske munnbind samlar patogenar som kan auke risikoen din for smittsam sjukdom – ein faktor som sjeldan er teken med når ein diskuterer kva munnbind er godt for.

Når forskarar ved universitetet i Antwerpen i Belgia analyserte mikrobekoloniar i bomulls- og kirurgiske munnbind frå 13 friske friviljuge etter at dei hadde gått med dei i fire timar, fann dei bakteriar som Bacillus, Staphylococcus og Acinetobacter – 43% av dei var antibiotika-resistente.

For å på best måte reingjere munnbind for å fjerne bakteriar, fann studien ut at å koke dei på 100 grader celsius (212 grader Fahrenheit), vaske dei på 60 grader celsius (140 grader Fahrenheit) med vaskemiddel eller strykje dei med eit dampstrykejarn fungerte best, men berre 21% av informantane i undersøkinga sa at dei vaska munnbinda sine dagleg. Ifølgje forskarane:

«Lagt saman, antydar denne studien at eit betydeleg tal bakteriar, inkludert antibiotika-resistente bakteriar, samlar seg på kirurgiske og endå meir på bomullsmunnbind etter bruk. Basert på resultata våre, burde munnbind bli kasta eller sterilisert etter intensiv bruk. Klare retningslinjer for befolkninga er kritisk for å redusere bakterierelatert biotryggleiksrisiko for munnbind.»

Forskarar frå Tyskland stilte på ein liknande måte spørsmål ved om eit munnbind som dekkjer nasen og munnen din er «fri for uønskte biverknader» og potensielle farar ved kvardagsbruk. Det viste seg at det var dei ikkje, og at dei i staden hadde betydelege biverknader og patofysiologiske endringar, inludert følgjande, som ofte opptrer saman med kvarandre:

  1. Auke i «daudromsvolum»
  2. Auke i pustemotstand
  3. Auke i karbondioksid i blodet
  4. Minke i oksygenmetning i blodet
  5. Auke i hjarterytme
  6. Minke i kardiopulmonær kapasitet (hjarte/lunge-kapasitet)
  7. Kjensle av utmatting
  8. Auke i pustefrekvens
  9. Pustevanskar og kort pust
  10. Hovudverk
  11. Svimmelheit
  12. Kjensle av fuktigheit og varme
  13. Trøyttleik
  14. Minke i empatioppfatning
  15. Avgrensa hudbarrierefunksjon i form av kviser, kløe og hudsår

Munnbind-påført utmattingssyndrom førekjem ofte

Studien referte til denne klynga av symptom som munnbind-påført utmattingssyndrom (engelsk mask-induced exhaustion syndrome, forkorta MIES), og åtvara at barn, gravide og dei som er sjuke eller lid av visse kroniske tilstandar kan vere særleg utsett for risiko ved omfattande munnbindbruk. Medan korttidsbiverknader inkluderer mikrobiologisk kontaminasjon, hovudverk, utmatting, karbondioksid-retensjon og hudirritasjon, kan langtidsbiverknadene føre til kroniske problem:

«Omfattande munnbindbruk kan ha potensialet, ifølgje fakta og korrelasjonar som vi har funne, til å forårsake ein kronisk sympatetisk stressrespons påført av blodgass-modifikasjonar og kontroll av hjernesenter. I sin tur påfører og utløyser dette immunundertrykking og metabolsk syndrom med kardiovaskulære og nevrologiske sjukdommar.»

Vidare, «kan ein anta», skriv det, «at dei potensielle munnbindsbiverknadene skildra for vaksne er desto meir gyldige for barn: … fysiologisk interne, nevrologiske, psykologiske, psykiatriske, dermatologiske, tannhelsemessige, sosiologiske, jobbrelaterte, sosial-medisinske, mikrobiologiske og epidemiologiske svekkingar… Munnbinda som no er i bruk for barn er utelukkande munnbind for vaksne som er laga i mindre geometriske dimensjonar og har verken blitt spesifikt testa eller godkjent for dette føremålet.»

Igjen, ved å ta til seg desse ukjende risikofaktorane – både lang- og korttids – ved å bruke munnbind, er godane svært tvilsame og meint å slå ned ein patogen med ein låg dødsrate for dei fleste grupper i befolkninga:

«Nylege studiar på SARS-CoV-2 viser både ein betydeleg lågare effektivitet og ei betydeleg lågare kasus-dødelegheit enn ein tidlegare trudde, sidan det kunne bli kalkulert at infeksjonsdødelegheitsraten (IFR) var 0,10% på stader med ein gjennomsnittleg lågare global Covid-19-befolkningsdødelegheitsrate. Tidleg i oktober 2020 annonserte òg WHO offentleg at anslag viste Covid-19 å vere dødeleg for omtrent 0,14% av dei som vart sjuke – samanlikna med 0,10% for endemisk influensa – igjen eit tal langt lågare enn venta. På den andre sida, er biverknader av munnbind klinisk relevant.»

«Slavemaska»

Det er klart at beviset i favør av munnbind for fysisk vern mot sjukdom manglar, medan deira potensiale for psykologisk skade er massiv. Brownstone-instituttet kasta lys over historia om folkehelgenen Escrava Anastácia, ein slave av afrikansk opphav som levde i Brasil på 1800-talet.

Ho var tvinga til å gå med ei bissel-liknande maske av metall gjennom livet for å hindre ho i å snakke ut om undertrykkinga og uretten som ho var vitne til. Som skrive av Roberto Strongman, associate professor i departementet for studiar av svarte ved University of California, Santa Barbara:

«Synet av Anastásia på anti-lockdown-protestar representerer ei moglegheit for å forstå det noverande medisinske tyranniet som ei form for slavebinding, og for å smi lenkjer av solidaritet mellom samfunn der fridommen er truga på tvers av alle rasar. Det at ho blir brukt som eit symbol på noko anna enn ho opphavleg var (engelsk cooptation), fortener å bli bragt til syne for eit legitimt krav og kulturell troneovertaking; dette kan lett gå mot å skjere over viktige alliansar i ein splitt-og-hersk-modell. Der er klare spesifikke trekk mellom lidinga til afrikanarar under eit system som såg på dei som eigedom, til den noverande stoda at sivile rettar blir fråtekne borgarar flest rundt om i verda; Anastásia minner oss om visse transhistoriske konstantar i prossesen rundt dehumanisering og undertrykking av folkegrupper gjennom kneblinga av kroppane deira for å kvele protestane deira.»

[Litt enklare forklart, meiner Strongman at det er ein klok strategi å bruke Anastásia si slavemaske som eit symbol på dagens munnbind; munnbindet fungerer ikkje berre som ei fysisk tildekking av halve ansiktet, det er òg eit symbol på den omfattande sensuren og det at folk blir truga til å halde kjeft.]

Strongman peikte på fleire unektelege grunnar til at munnbindpåbod verkar som symbol på slaveri. Munnbind:

  1. Fører til frårøving av oksygen og fremjar ein tilstand av fysisk og mental veikskap.
  2. Er symbol på underkasting og brukt som del av ein meister-slave-dynamikk.
  3. Forsterkar danninga av ein fengselskultur
  4. Slettar personlegdom og homogeniserer massane – «Den kollektive bruken av munnbind resulterer i ein handheva uniformitet der individet gjev plass til det namnlause kollektivet som neo-meta-borgaren.»
  5. Er teatralske og medverkar til å skjule identitet, noko som framandgjer oss overfor andre og oss sjølve.
  6. Slettar ansiktsuttrykk og hindrar nonverbal kommunikasjon, inkludert det som er nødvendig for den sosiale organiseringa som kan føre til revolusjon.
  7. Reduserer verbalt output.
  8. Er ei synleggjering av at ein støttar «systemet av medisinsk teknokratisk kontroll.»
  9. Er ein del av å førebu individ på nye samfunnsroller – «Kor mellombels det noverande regimet av munnbindbruk kan vere, må befolkninga innsjå at vi blir tvinga til å gå gjennom eit overgangsritual, ein resosialiseringsprosess til den nye normalen.»
  10. Fremjar ein fryktkultur.
  11. Verkar som fråstøytarar av solidaritet ved å gjere naboen din om til «ein namnlaus patogenisk vektor i staden for din allierte.»

Magisk tenking om munnbind

I tillegg til blanke løgner, kjem CDC òg med nonsenspåstandar slik som denne: «Tøymunnbind vil ikkje beskytte deg mot røyk frå bål… Dei kan kanskje ikkje fange små, skadelege røykpartiklar som kan skade helsa di.»

Men skal vi liksom tru at dei vil beskytte oss mot aerosoliserte virus? «Viruset er 25 gonger mindre enn ein røykpartikkel,» skreiv Steve Kirsch, direktør i Vaccine Safety Research Foundation. «So det er akkurat som å prøve å stoppe ein mygg med ein hønsenetting.»

Likevel er magisk tenking – trua at du kan påverke utfall ved å gjere noko som har ingen årsaksrelatert kobling til dei – framleis der. Robert Dingwall, ein konsulterande sosiolog, spurde kvifor Storbritannia sitt Health Security Agency ekspertpanel berre brukte ein andreklasses bevisbase som mislykkast i å vise klare fordelar som baseringsgrunnlag for konklusjonen om at munnbind i samfunnet hjelper med å redusere smitteoverføring. Han skreiv:

«Stoda i munnbinddebatten er heller som om Galileo hadde publisert si avhandling om det heliosentriske univers og deretter inkludert eit avsnitt på slutten der han bad lesaren om å ignorere alle bevisa fordi Kyrkja hadde erklært at alt dreia rundt Jorda. I fråvær av arbeid med betre kvalitet – og vi må spørje kvifor den forskninga ikkje har skjedd – ser somme av påstandane om munnbind meir ut som magisk tenking enn noko som helst som viser den typen årsakskobling som kan kjennast igjen som vitskap.»

Ettersom pandemien skrid fram, held vitskap fram med å bli ignorert og tilrådingar er primært pusha fram basert på kjenslemessig rettferdiggjering og utløysarar. Dersom ein faktisk følgde vitskap, ville universell bruk av munnbind av friske menneske verken blitt – eller kunne blitt – tilrådd.

I byrjinga tilrådde faktisk ikkje folkehelsetilsette bruk av munnbind for friske menneske, men ein eller annan stad langs vegen – ganske tidleg – gjorde dei ei heilomvending. Kvifor? Ifølgje Strongman:

«Akkurat som munnbind fungerer som inngangsportal-artefaktar i overgangsrituala og som del av opptrening av dyr, er desse Covid-maskene varsel om vidare inngrep mot vår integritet.

Å bruke munnbindet er berre eit steg frå å få sprøytene, for deretter å akseptere vaksinepassa og implanteringa av nevrale lenkjer heilt til eins originale person er gravlagt av ein cyborg. Munnbindet fungerer som ein empirisk samtykketest for den projiserte godtakinga av framtidige kroppsteknologiar som er ute av kontroll. Kor vil du trekkje linja?»

Kommentar frå saksyndig: Ettersom munnbind vitterleg ikkje beskyttar mot overføring av virus, kan den fanatiske iveren etter å få oss til å bruke dei vanskeleg vere anna enn å anonymisere og umenneskeleggjere oss. Det er nemleg lettare for undertrykkjarane å begå overgrep mot nokon om dei ikkje kan sjå ansiktsuttrykka deira. Magisk tenking er for øvrig brukt innan psykiatrien, og vil garantert få ein psykolog til å heve på augnebryna.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s