Blir maktpersonar injisert med saltvatn i staden for ekte korona-«vaksinar»?

Henta frå Steigan.

Det har lenge versert eit rykte om at sokalla «maktpersonar» (i Noregs tilfelle tidlegare statsminister Erna Solberg og tidlegare helseminster og hotellarbeidar Bent Høie) har fått sprøyter med saltvatn i staden for Covid-«vaksinar». Ei av kjeldene til denne påstanden skal vere ein oversjukepleiar frå Slovenia som fortel om juks med vaksinar. Personen seier at det finst «placeboflasker» som berre inneheld saltvatn. Desse blir so injisert i maktpersonar, ofte medan kamera rullar. Bill Gates er ein av dei som er fotografert medan han «får» mRNA-injeksjonar. Dette ser enkelte på som eit spel for massane, for å vise at dei som held på å øydeleggje verda med uvettige Covid-tiltak og særs skadelege «vaksinar» trass alt tek dei same «vaksinane» sjølv.

I kommentarfelta på mellom anna Resett har fleire fullvaksinerte kommentert at dei ikkje har merka nokon biverknader – dei konkluderer dermed at dei må ha fått saltvatn injisert i staden for livsfarleg piggprotein og skummel mRNA-teknologi.

Forsøk på å verifisere den slovenske og liknande kjelder har mislykkast. Her ser vi for éin gongs skuld ut til å ha å gjere med ein genuin konspirasjonsteori. Ein har til no ikkje funne bevis for at utvalde personar i samfunnet får placebo i staden for ekte mRNA-sprøyter.

Fråvær av biverknader tydar difor ikkje nødvendigvis at det er gjeve placebo. Ettersom ein ikkje veit noko som helst om langtidsbiverknadene til desse sprøytene, kan for alt vi veit dei som ikkje merkar biverknader lat oss seie det fyrste året, like godt kan døy momentant eller bli varig ufør to-tre år frå no. Det einaste vi veit heilt sikkert, er at vi ingenting veit.

Følg med på fleire dødsfall blant atletar, legar og andre mediaeksponerte fullvaksinerte. Vi lever utan tvil i spennande tider. Fakta er langt meir trollbindande enn uverifiserbare vandrehistorier.

Forresten er det ikkje ei vandrehistorie at Bent Høie berre har hotellarbeid som tidlegare arbeidserfaring. Det er sant. Den tidlegare helseministeren si praktiske arbeidserfaring er «diverse stillinger ved Sola Strand Hotel 1990-1994» (sitat frå norsk Wikipedia).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s