Vitskremde amerikanarar: «Covid-19-sprøyta er utrydding i industriell skala!»

Frå artikkel av Mike Whitney, The Unz Review.

The Unz Review er ein uavhengig nyheitsnettstad driven av Ron Unz, som har gjeve namn til nettstaden. Ein nyleg artikkel av Mike Whitney tek føre seg korleis mRNA-injeksjonane – feilaktig kalla «vaksinar» – er skuld i sjukdom og død blant stadig fleire og stadig yngre menneske. Den skuldige er piggproteinet; det kjem meir og meir dokumentasjon på at det alvorleg skader menneskekroppen og fører til dødsfall blant stadig yngre aldersgrupper av det som elles er friske menneske. Den offisielle forteljinga gjer sitt ytste for å knuse alle motforteljingar, sjølv når dei kjem frå anerkjende ekspertar med fleire tiårs erfaring. Ei rekkje uavhengige medisinske ekspertar uttaler seg i artikkelen, deriblant dr. Peter McCullough, dr. Claire Craig, dr. Shankara Chetty, dr. Patrick Whelan, dr. Byram Bridle, dr. Charles Hoffe og dr. Rochagné Kilian.

Dr. Peter McCullough seier det rett ut:

«Amerikanarar er skremde til døde… Folk forlét arbeidsplassane sine, ikkje fordi dei ønskjer å misse jobbane sine, men fordi dei ikkje vil døy av vaksinen! Dei seier, ‘høyr på meg, eg vil ikkje døy. Det er grunnen til at eg ikkje tek vaksinen.’ Det er sopass klart.»

Nær alle desse ekspertane har møtt kraftig og drastisk motbør frå representantar av den offisielle forteljinga. Dr. Bridle fann ut at piggproteinet var patogenisk (altso giftig), og at det var ei stor tabbe å byrje å vaksinere folk med den. For sine ytringar vart han oppsagt. Dr. Hoffe kjem mellom anna med sjokkerande spådommar om at vaksinerte kan risikere å døy av høgresidig hjartesvikt innan tre år på grunn av blodproppar i lungene. Dr. Kilian kjem med observasjonar av merkelege, men alvorlege sjukdomstilstandar relatert til blodproppar og det vaskulære systemet, gjort på akuttmottaket der ho jobba. Dr. Hoffe vart forsøkt truga til stillheit av arbeidsgjevaren sin BC College of Physicians, medan dr. Kilian sa opp stillinga si i protest.

Legane og ekspertane som er omtala i denne artikkelen er modige røyster som risikerer karrieren sin og framtidig inntekt ved å snakke ut om kor livsfarlege mRNA-injeksjonane er. Etter at styresmakter over heile verda tidleg i 2021 byrja den ukritiske og uforstandige massevaksineringa av befolkninga, har ein i statistikken kunne sjå ei dramatisk overdødelegheit – dette ser ein mest openbert ved å samanlikne 2020 (der ingen var vaksinert) med 2021 (der fleire og fleire blir vaksinert):

«Dødelegheita stig fordi fleire døyr. Og fleire døyr fordi fleire har blitt vaksinert. Det er ein samanheng mellom aukande dødelegheit og Covid-19-vaksinen. Naturlegvis ønskjer media å overføre ansvaret for dødsfalla til ‘forsinka behandling’ og ‘mangel på førebyggjande helseomsorg’. Men dette er berre ei avleiing. Primærårsaken til død er injiseringa av eit giftig patogen inn i blodet til rundt 70% av befolkninga. Det er dette som forårsakar danninga av blodpropp, blødingane, lungeembolismane, hjarteinfarkta, slaga og dei premature dødsfalla. Det er vaksinen.»

Og vidare:

«Som forfattaren innrømmer, har det vore ein skarp auke i hjartesvikt, hjartesjukdom, tilstandar relatert til sirkulasjonssystemet og slag […]. Dette er nøyaktig dei plagene ein ville forvente å sjå om ein nettopp hadde injisert millionar av menneske med ein blodpropp-skapande bio-agent som utløyser ein kraftig immunrespons som går til åtak på det indre laget av blodårene og påfører alvorleg skade på kroppen sin kritiske infrastruktur. So, ja, dødelegheit på grunn av alle årsaker er stigande, og den vil garantert stige endå høgare etter kvart som fleire menneske blir vaksinerte og gradvis døyr av dei (ofte) forsinka effektane av ei hybrid-blanding som er hjørnesteinen i ein vondsinna plan om å dramatisk redusere verdas befolkning.»

Whitney skriv vidare at ikkje berre døyr det fleire menneske; yngre og yngre menneske forsvinn ned i vaksine-malstraumen. Enkelt forklart held talet på unge som døyr av vaksine-påført hjartestans og myokarditt fram med å auke med ingen ende i sikte. Ikkje overraskande er dødelegheit av alle årsaker høgare blant vaksinerte enn uvaksinerte, noko som, igjen, gjer det enklare å spore problemet tilbake til røtene, ei cytotoksisk «giftdødssprøyte» som undertrykkjer det ibuande immunforsvaret, skader vitale organ og stel fleire år av livet til normale, friske menneske. Whitney leverer følgjande bombe (mi utheving):

«…Covid-19-vaksinen er ikkje medisin. Den er den essensielle komponenten i elitens plan for utrydding i industriell skala. […] Det er sjokkerande at folk lever i so djup fornekting at dei ikkje ser kva som skjer rett framfor deira eigne auge.»

Ta berre alle videoklippa av atletar, dei best trena folka på jord, som kollapsar og ofte døyr. Ifølgje Israeli Real-Time News, har det vore ein sjokkerande 500% auke i dødsfall blant profesjonelle atletar og trenarar i 2021!

Den sør-afrikanske legen Dr. Shankara Chetty oppsummerer følgjande i ein video på Bitchute om alle dødsfalla blant atletar (mi utheving):

«Patogenet som er årsak til alle dødsfalla frå sjukdommen er piggproteinet. Og piggprotein er det som vaksinen er meint å lage i kroppen din… Piggprotein er ei av dei mest utspekulerte giftene som mennesket nokosinne har laga. Og målet til denne gifta er å drepe milliardar av menneske utan at nokon ser det. Dermed er det ei gift med ein agenda.»

Den offisielle forteljinga seier på innpust og utpust at massevaksinering er meint å redusere talet tilfelle, sjukehusinnleggingar og dødsfall. I staden har det stikk motsette skjedd. Er dette høgst kritikkverdig inkompetanse eller ligg det nifsare intensjonar bak? Tidlegare visepresident i Pfizer, Mike Yeadon, er like fritalande som dr. Peter McCullough når han nyleg ytra på nettsida si:

«Vi er midt i det største avfolkingsprogrammet verda nokosinne har sett, der mesteparten av menneskeheita har rolla som nyttige idiotar til det og deira eigen undergang.»

Klarare kan det ikkje seiast. Fleire og fleire uavhengige ekspertar fryktar med god grunn at vi er vitne til eit forsøk frå den globalistiske eliten på å utrydde mesteparten av menneskeheita. Whitney konkluderer denne lange og urovekkjande artikkelen med følgjande setning:

«Mengda av planlegging som må ha gått med til denne svindelen, kan ta pusten frå deg.»

Kommentar frå saksyndig: Mike Whitney sin artikkel er lang, men bør lesast av di den er so viktig for å få fram synspunkta til ekspertane som artikkelen omtalar. Dei som vågar å ytre ord som plandemi og planlagt avfolking, risikerer å bli uthengt som «konspirasjonsteoretikarar» og «høgreekstreme». I mange tilfelle blir dei oppsagt, utfryst og til slutt driven frå gard og grunn av sine fiendar, tilhengjarane av rådande Covid-doksa. Ved å gå til åtak på og forsøke å tilinkjegjere anerkjende autoritetar innan medisin, viser den offisielle forteljinga sin eigen intoleranse mot alle som seier dei imot. Dei prøver med alle midlar (og utan skruplar!) å undertrykkje sanninga, men dei vil mislukkast.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s