Bergen utan styring etter at byrådet har trekt seg

Berre nokre dagar etter at byrådet i Bergen innførde munnbindpåbod, stikk i strid med vitskap og sunn fornuft, og truleg etter instruksar frå sine eigentlege overordna, har det same byrådet gått av. Grunnen var at forslaget om å leggje Bybanen i tunnel fekk fleirtal i bystyremøtet onsdag 24.november. BT-kommentator Morten Myksvoll karakteriserer situasjonen som ei «krise», i og med at byen no er utan styring.

Roger Valhammer (fødd 1984), avtroppande byrådsleiar og medlem i Ap, meiner at ein Bybane-tunnel er for dyrt og farleg å byggje. Han vil heller ha Bybanen i tunnel over Bryggen, som står på UNESCO si liste over verneverdige stader. Som mogleg «arvtakar» som byrådsleiar blir det peikt på Harald Victor Hove (fødd 1983), som i fjor var sjukemeldt i lengre tid på grunn av depresjon.

Valhammer vart utnemnt som byråd for barnehage, skule og idrett 16.august 2018, 35 år gammal. Han har master i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, og har «yrkeserfaring» mellom anna som strategisk rådgjevar.

Harald Victor Hove (H) vart medlem av bystyret i 2003, 20 år gammal. Han er utdanna marknadsøkonom frå BI. Hans «yrkeserfaring» er å vere dagleg leiar i Hardangerviddatunnelene og i stiftinga Maritime Bergen.

Både Valhammer og Hove er med andre ord å rekne som politiske «broilerar», karrierepolitikarar utan reell erfaring i yrkeslivet. Slike ser ein stadig fleire av i dagens politiske landskap. Etter mi meining kulminerte det heile i 2019, då den purunge Linn Kristin Engø vart byråd for barnehage, skule og idrett i Bergen. Ho byrja sin politiske karriere som innvalt varamedlem i Bergen bystyre som 18-åring ved kommunestyrevalet i 2011. Ho har erfaring mellom anna som pleieassistent ved sjukeheim og butikkmedarbeidar; med andre ord har jenta meir erfaring frå det verkelege arbeidslivet enn Valhammer og Hove kombinert! Ho måtte gå av som byråd 27.januar 2020 på grunn av mistillit frå SV, FNB, Høgre og Frp i samband med Vigilo-saken. Ho jobbar i dag i næringslivet. Det er uvisst om ho no er ferdig med den mastergradsoppgåva si.

At enkelte karakteriserer Bergen som ein by utan styring etter at byrådet har gått av, ser eg på som småkomisk. Har byrådet praktisert noko som kan klassifiserast som styring sidan mars 2020? Det er vel heller snakk om farleg vanstyre, vil eg seie. Dei har tilsynelatande på impuls eller i panikk stengt ned og opna opp, og veksla mellom «anbefaling» og «påbod» til ei slik grad at folk flest har blitt overvelda og forvirra. Det har dei gjort i likskap med andre byråd og styre over heile landet, so Bergen er på ingen måte i ein særsituasjon i den forstand.

Det bystyret i Bergen vedtek, får derimot ringverknader ikkje berre for Bergen bykommune, men for nabokommunane òg. Heile regionen hermar etter den folketalsrike bykommunen. Til dømes er det blitt innført munnbindpåbod i kommunane rundt Bergen, sjølv i nærbutikken ytst ute i skjergarden i noverande Øygarden kommune, og heilt til landhandelen på Sletta nord på Radøy i noverande Alver kommune. At nabokommunane innfører dei same påboda som byrådet i all hast vedtek før helga, kastar meir ansvar over på Bergen enn på dei fleste andre kommunar. Framfor alt stiller det større krav til vit og forstand blant byrådsmedlemmane i sjølve hovudstaden på Vestlandet. Sidan mars 2020 har slikt diverre vore ei mangelvare.

Å gå av fordi ein ikkje får viljen sin i ei tunnelsak er etter mitt syn barnsleg. På den andre sida… Dei yngste karrierepolitikarane i Bergen er nok framleis å rekne som barn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s