Har klimaendringar skuld i rekordauke i hjartesjukdom?

Henta frå Natural News.

Det kjøpte og betalte hovudstraumsmedia tyr til stadig meir desperate krumspring for å bortforklare rekordauken i hjartesjukdom som ein ser for tida. Dei skuldar på alt frå cannabis-bruk, sokalla «knust hjarte-syndrom», «pandemi-angst» og til og med klimaeendringar.

Knust hjarte-syndrom er òg kjent som takotsubo eller stress-kardiomyopati, og får damer over femti til å utvikle svekka hjartemusklar, brystsmerter og pustevanskar. Dette har absolutt ingenting med dr. Fauci sine kinavirus-sprøyter å gjere, seier den offisielle forteljinga sitt propaganda-apparat på innpust og utpust. Til trass for at denne hjartesjukdommen tilfeldigvis byrja å dukke opp då Trump-administrasjonen sine «Warp Speed»-injeksjonar byrja å bli køyrt inn i folk, vil det lygande massemedia ha oss til å tru at det å kjenne seg trist på eit eller anna vis er den verkelege grunnen.

Der er til og med overskrifter som skuldar på «klimaendringar» og «global oppvarming» for ein liknande auke i hjarteproblem blant unge barn og sjølv babyar som er fødde av damer som tok injeksjonane. Den nederlandske avisa De Morgen skriv:

«Klimaendringar endrar babyane i livmora: dei blir meir tilbøyelege for hjartesjukdom.»

The Sunday Times meiner at auken i hjarteinfarkt skuldast «pandemisk stress og dårleg kosthald».

Berre The Times våga å vagt antyde at Covid-19-injeksjon kan ha spelt ei rolle i denne aukande sjukdomstrenden.

Plandemi-forteljinga byrjar verkeleg å slå sprekkar. Aseem Malhotra, hjartelege og styreformann i ein veldedig organisasjon kalla Public Health Collaboration, samanlikna den noverande plandemi-krisa med ei krigssone, og føreslo at folk opplever ein slags posttraumatisk stress som fører til hjartesvikt. Men sprøytene har naturlegvis ingenting med saken å gjere!

Pfizer hevdar bestemt at det å ta injeksjonane medfører ingen risiko for hjarteproblem.

Fauci sjølv innrømte nyleg at «vaksinane» ikkje verkar som planlagt, og løysinga ser ut til å vere meir av det som openbert ikkje fungerer: Oppfriskningsdosar kvar sjette månad, kanskje på ubestemt tid. Og i mellomtida ser Covid ut til å ha forsvunne frå Afrika, der berre 6% er fullvaksinerte. Og i Japan, der dei har kutta ut mRNA-injeksjonane og heller behandlar med ivermectin, har Delta-varianten forsvunne. Den offisielle forteljinga slit med å (bort)forklare dette.

Bortforklaringane blir det meir og meir av, men i somme tilfelle gjev den offisielle forteljinga rett og slett opp, mellom anna takka vere modige initiativ frå lokalbefolkninga. På Lions Gate-sjukehuset i den kanadiske byen Vancouver i delstaten British Columbia, skjedde det 13 dødfødslar i løpet av eit døgn. Alle dei dødfødde babyane kom frå vaksinerte kvinner. Vanlegvis var det kanskje ein dødfødsel i månaden på sjukehuset; og no såg ein nettopp tretten gonger fleire dødfødslar på eitt einaste døgn. Ettersom sjølv hovudstraumsmedia sitt propaganda-apparat ikkje kan bortforklare ei slik hending som eit resultat av  «pandemisk stress» eller «klimaendringar», vel dei i staden å ignorere den. Difor leverte to legar like godt ein formell klage framfor kontoret til det kanadiske ridande politi i nordre Vancouver. Ein av dei, dr. Daniel Nagase kom rett og slett med eit frimodig krav om å få vete om helseleiarar i regionen vart bestukke, eller om dei elles tente finansielt på å pushe masseinjeksjonskampanjen. Legen pakka ikkje akkurat inn sin velbegrunna mistillit til lokale styresmakter! Saken fekk merksemd i lokalmiljøet, og hadde det ikkje vore for desse to modige varslarane, hadde saken truleg ikkje kome ut i det heile.

«Klimaendringar» som årsak til injeksjonsindusert hjartesjukdom er berre nok eit døme på tåpelege og patetiske bortforklaringar frå krefter som har alt å tape på at fleire og fleire byrjar å trekkje påstandane deira i tvil.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s