Historia gjentek seg sjølv: Utesta vaksinar, biverknader og stans i vaksineutrulling

Av Nolan Barton, NewsTarget. Omsett av saksyndig.

Judi Roberts var ei heilt frisk ung dame då ho tok svineinfluensavaksinen i november 1976. To veker seinare følte ho seg nummen oppover føtene, og neste veke var ho fullstendig lamma.

Roberts, kona til Polk Republican Party-leiar Gene Roberts, var lamma i armar og bein i seks månader og for det meste rullestolbunden i meir enn eit år. Ho fekk diagnosen Guillain-Barré-syndrom (GBS), ei sjeldan liding der kroppens immunforsvar går til åtak på nervane. Veikskap og kribling i ekstremitetane (armar og bein) er vanlegvis dei fyrste symptoma på sjukdommen.

I eit intervju frå 1979 med CBS sitt nyheitsprogram 60 Minutes, fortalde Roberts at på den tida [1976] følte ho at vaksinering var hennar einaste sjanse til å overleve ein potensielt «stor epidemi».

«Eg hadde aldri teke andre influensasprøyter, men eg følte det som om dette kom til å bli ein større epidemi, og den einaste måten å unngå ein større epidemi av den verkeleg dødelege sorten av influensa var at alle måtte bli immunisert,» fortalde ho verten Mike Wallace. «Dersom denne sjukdommen er so potensielt dødeleg at han kjem til å drepe ein ung, sunn mann, har ikkje ein middelaldrande skulelærar ein sjanse.»

Det heile byrja på ein militærtreningsbase i New Jersey. I februar 1976 kjende fleire soldatar ved Fort Dix seg sjuke med influensaliknande symptom. Ved å teste fann ein ut at viruset hadde spreidd seg til meir enn 200 rekruttar.

Ein militærlege sende prøvar frå halskulturen deira til New Jerseys Public Health Lab for å finne ut kva type virus som var i omløp. Ein av desse prøvane var frå meinig David Lewis, som hadde forlate sjukesenga for å gå på ein tvinga marsj. Lewis hadde kollapsa under den marsjen og døydd få dagar seinare.

New Jersey-laboratoriet identifiserte den normale influensatypen som var i omløp det året i dei fleste halskulturane til soldatane. Svineinfluensa hadde berre blitt identifisert i halskulturane frå Lewis og fire andre soldatar, som vart fullstendig friske utan svineinfluensavaksinen.

«Viss eg hadde visst på den tida at guten hadde lege sjuk, stått opp og gått ut på ein tvinga marsj, for so å kollapse og døy, hadde eg aldri teke sprøyta,» sa Roberts.

Vitskapsfolk gjev råd basert på ufullstendig kunnskap då og no

I kjølvatnet av det mykje publiserte svineinfluensa-«utbrotet» ved Fort Dix, kalla president Gerald Ford inn til eit høgprofilert møte med vitskapsfolk for å avgjere om det skulle bli oppretta eit vaksineprogram. Derimot, «dette vart tolka som at det var ei politisk hending heller enn ein vitskapleg prosess,» ifølgje David Sencer, dåverande direktør i Center for Disease Control, no kjent som Centers for Disease Control and Prevention (CDC).

I likskap med det som skjedde gjennom koronaviruspandemien, kunne vitskapsfolka i 1976 berre gje dei beste råda dei hadde basert på ufullstendig kunnskap. Mange folkehelsetilsette var skeptiske og usikre òg, inkludert Pascal Imperato – visehelsekommissær og leiaren i gruppa som hadde fått som ansvar å rulle ut svineinfluensa-vaksinasjonsprogrammet i New York på den tida.

«Eg trur at vi alle var einige om at ja, det er truleg usannsynleg, men vi kan ikkje vere absolutt sikre,» sa Imperato om moglegheita for ein svineinfluensapandemi og om det var behov eller ikkje for eit vaksinasjonsprogram då.

I mars 1976 annonserte Ford at 137 millionar dollar skulle brukast i eit forsøk på å produsere ein vaksine i tide til hausten. «Målet til den var å immunisere kvar mann, kvinne og barn i USA, og var difor det største og mest ambisiøse immuniseringsprogrammet som nokosinne hadde blitt utført i landet,» skreiv Pascal Imperato i 2015 om hendingane.

Rundt 46 millionar amerikanarar tok vaksinen. Rundt 4000 leid øydeleggjande biverknader av vaksinen. Dei saksøkte regjeringa for skader som kom på 3,5 milliardar dollar. To tredjedelar av krava var for nevrologisk skade som førde til døden i somme tilfelle.

Utesta svineinfluensavaksine kan ha blitt brukt på millionar av amerikanarar

Nesten alle fekk svineinfluensavaksinen i eit offentleg helseføretak der ein lege ikkje nødvendigvis var til stade. Difor var det opp til CDC å skaffe eit offisielt samtykkeskjema som ville gje folket all informasjonen dei trong om svineinfluensavaksinen. Skjemaet stadfesta at svineinfluensavaksinen hadde blitt testa.

Men skjemaet nemnde ikkje at vitskapsfolka utvikla ein annan vaksine og at det var den som for det meste vart brukt i svineinfluensa-vaksineprogrammet. Den vaksinen vart kalla «X-53a». Sencer, som var med i den same episoden av 60 Minutes der Roberts vart intervjua, kunne ikkje gje eit direkte svar då Wallace spurde han om X-53a hadde blitt testa.

I etterpåklokskapens namn er det lett å sjå at frykta på den tida var ubegrunna. Svineinfluensastammen som vart sett ved Fort Dix var ikkje farleg i det heile og det ville ikkje bli nokon pandemi. Seinare oppdaga forskarar at milde svineinfluensastammar hadde vore i omløp i den amerikanske befolkninga lenge før den som hadde blitt identifisert på militærbasen.

Fleire tusen leid og hundrevis døydde av massevaksinasjons-innsatsen gjort av regjeringa i 1976 for å bekjempe ein pandemi som aldri skjedde.

Millionar av vaksinasjonar resulterte i dusinvis av GBS-tilfelle. Ein forstod syndromet mindre på 70-talet. Forsking har seinare funne ut at sjansane for å utvikle tilstande etter vaksinering er ekstremt liten, men omfanget av 1976-utrullinga tyda at ei handfull menneske var dømt til å bli råka.

Vaksineindusert GBS i 1976 forårsaka liding blant ei uheldig gruppe menneske, inkludert Roberts. Etter fleire månader med negativ mediaomtale, førde rapportar om GBS-tilfelle til slutten på svineinfluensa-affæren. Fords program vart stansa i desember 1976 med berre litt over 20 prosent av den amerikanske befolkninga vaksinert.

Tilfelle av blodproppar fører til stans av COVID-19-vaksineutrulling

Akkurat som svineinfluensavaksineprogrammet, har utrulling av COVID-19-vaksinar blitt stansa – ved mange høve rundt om i verda for å vere meir presis. Meir enn eit dusin europeiske land stansa utrullinga av AstraZeneca-vaksinar dei siste to månadene på grunn av deira potensielle samanheng med alvorlege blodproppar og lågt blodplatetal.

Dei har sidan halde fram utrullinga etter tilrådig frå EMA (European Medicines Agency), EU sitt legemiddelregulerande organ. Derimot konkluderte EMA sist månad at blodproppar med lågt blodplatetal burde bli lista blant biverknadene til AstraZenecas COVID-19-vaksine, offisielt kjent som Vaxzevria.

EMA minte helsepersonell og folk som fekk vaksinen om å vere merksame på moglegheita for å lide av blodproppar kombinert med låge nivå av blodplater opptil to veker etter vaksinering. Dei fleste innrapporterte tilfella har førekome blant kvinner under seksti opptil to veker etter vaksinering.

Pharmacovigilance Risk Assessment Committee (PRAC; fritt omsett ‘risikovurderingskomité for legemiddelovervaking’), ein komité under EMA som er ansvarleg for å vurdere og overvake tryggleiken til legemiddel for menneske, noterte seg at blodproppar førekjem i blodårer i hjernen (cerebral venøs sinustrombose) og buken (splanknisk venetrombose) og i arteriar, saman med låge nivå av blodplater og somme tider blødning.

13.april kom CDC og FDA (det amerikanske mat- og legemiddeltilsynet) med ei felles melding som tilrådde ein pause i bruken av Johnson & Johnsons COVID-19-vaksine på grunn av «ein overflod av varsemd» (engelsk an abundance of caution) [dei hadde med andre ord særs gode grunnar til å tru at vaksinen var farleg; min kommentar].

CDC og FDA gav som råd til folk som hadde fått Johnson & Johnson-vaksinen og utvikla «alvorleg hovudverk, magesmerter, smerter i beina eller blitt kortpusta opptil tre veker etter vaksineringa» å kontakte helsetenesta si. Dei spurde òg helsetenestene om å rapportere biverknader til Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS).

Stansen i utrulling har sidan blitt oppheva.

Kommentar frå saksyndig: Svineinfluensa-affæren frå 70-talet står i skarp kontrast til dagens uvettige og uvørdne vaksineprogram. Dei hadde vit til å gje seg i tide, i motsetnad til i dag. Skadar og dødsfall tårnar seg opp i statistikkar i alle land, men likevel held dei fram med tilsynelatande fanatisk iver. Fleire enn nokosinne blir sjukehusinnlagt med sokalla ‘gjennombrotsinfeksjonar’, som jo i røynda er antistoffavhengig forsterkning eller andre vaksineskadar (ifølgje til dømes den amerikanske legen Sheri Tenpenny). Ein finn òg andre Covid-liknande virus som influensa, ettersom det er midt i influensasesongen. Ikkje berre er vaksinane utan verknad, dei fører til skade, uhelse og død. Sjølv Fauci innrømmer no at vaksinane ikkje beskyttar verken mot alvorleg Covid eller død. Og svaret: meir vaksinar! Sjølve definisjonen på galskap er å gjere det same om og om igjen og forvente eit anna resultat.

Eg har derimot betre og betre grunnar til å tru at dette ikkje er galskap.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s