Dr. Wolfgang Wodarg: Covid er eit kvepsebol av løgner

Henta frå ein artikkel av dr. Joseph Mercola.

I eit nyleg intervju med Planet Lockdown kom dr. Wolfgang Wodarg med skarp kritikk av Verdas helseorganisasjon (WHO) og korleis dei bidrog til å fabrikkere ein «test-pandemi». Dr. Wodarg er ingen kven som helst. Indremedisinaren er tidlegare leiar i Det europeiske helserådet. I intervjuet kom han med følgjande uttalingar:

Ein pandemi brukte å vere assosiert med utbreidd alvorleg sjukdom og dødsfall, men ved å endre definisjonen, fjerne alvorlegheitsgrada og den høge dødsraten, kan WHO no lage ein pandemi når enn dei måtte ønskje.

Covid-19 var ein «test»-pandemi, ikkje ein viruspandemi, fordi PCR-testar kan gje eit positivt resultat når dei fangar opp fragment av fleire koronavirus som har eksistert i meir enn tjue år, eit virusfragment som er for lite til å gjere deg sjuk, eller eit Covid-19-fragment som var der fleire veker tidlegare.

Den massive massevaksineringa med Covid-19-sprøyter er gjennomhòla av interessekonflikter på fundamentalt nivå, og desse konfliktene set folks liv i fare ved å setje vaksineproduksjon framfor sjukdomsførebygging.

Alt handlar ifølgje Wodarg om pengar. Dersom du vil tene pengar på å produsere vaksinar, treng du nye marknader å bruke dei i, og nye sjukdommar slik at du kan selje vaksinane. Slik har stoda i Big Pharma vore i mange år.

Frøa til den noverande «pandemien» vart sådde allereie for eit tiår sidan, under svineinfluensapandemien (2009 H1N1). Wodarg skulda i 2010 legemiddelselskap for å påverke WHO si pandemi-erklæring, og kalla svineinfluensa ein «falsk pandemi» som var driven av Big Pharma, som tente godt på denne helseskremselen. Han meiner H1N1-pandemien var «ein av dei største medisinske skandalane i hundreåret». På den tida var Wodarg medlem i det tyske parlamentet.

Tyskland, Storbritannia, Italia og Frankrike inngjekk hemmelege avtalar med legemiddelindustrien før H1N1-pandemien byrja. Deretter, i månadene før utbrotet, endra WHO den offisielle definisjonen av ein pandemi. Det var ikkje lenger ein del av definisjonen at sjukdommen var alvorleg og førde til eit stort tal døde. No var det nok at sjukdommen var «ein verdsomspennande epidemi». Dette var eit av momenta som vart tekne opp i «COVID-filmen 2020». Med denne definisjonsendringa gjennomført, kunne WHO dermed erklære H1N1 som pandemi, sjølv om berre 144 menneske hadde døydd på verdsbasis av svineinfluensa. Under den gamle definisjonen hadde ikkje dette gått.

Media og regjering får smittetala til Covid-19 frå PCR-testen og den åleine. Med andre ord er Covid ein PCR-test-pandemi og ikkje ein viruspandemi. Den er med andre ord fabrikkert. Wodarg fortel: «Det vart akseptert av WHO, og dei sa at når testen er positiv, har vi eit tilfelle av Covid-19. Og dette er korleis dei starta å telje tilfella. Det dei talde var testaktiviteten. Og dess meir dei testa, dess fleire tilfelle fann dei.»

PCR-testen sitt offisielle namn er positiv-revers-transkripsjons-polymerase-kjede-reaksjon (RT-PCR), og er ikkje designa for å bli brukt som eit diagnoseverktøy, ettersom dei ikkje kan skilje mellom inaktive (ikkje-smittande) virus og «levande» eller reproduktive virus. Dersom du har eit ikkje-reproduktivt virus i kroppen, kan du verken bli sjuk eller smitte andre. Dessutan gjer mange, om ikkje dei fleste, laboratorium rundt om i verda den feilen at dei forstørrar RNA-prøvane altfor mange gonger, noko som resulterer i at friske folk testar «positivt». Dess høgare syklus (CT), dess større er sjansen for falsk positiv. Alt over 35 er vurdert som vitskapleg uhaldbart. FDA og CDC i USA tilrår ein CT på 40. Corman-Drosten, som WHO tilrår, er sett til ein CT på 45.

Det seier seg sjølv at ved slik uvitskapleg bruk (eller rettare sagt misbruk), vil ein «positiv» PCR-test som regel vere ein falsk positiv.

«Pandemien» er basert på ein test som ikkje beviser sjukdom – testen er derimot svært effektiv i å skremme folk frå sans og samling. Om du er redd og forvirra, er det enklare å ta i mot tilbod om ein vaksine som ikkje er skikkeleg vitskapleg testa.

Wodarg meiner at folk flest ikkje treng Covid-19-sprøyter, både fordi at dei ikkje er effektive, og fordi dei inneber betydeleg risiko for alvorlege biverknader. Dei aller fleste har sokalla kryss-immunitet etter å ha gjennomgått infeksjon av andre koronavirus. Du får faktisk større risiko for alvorleg sjukdom og død dersom du unngår jamnleg eksponering for slike virus.

Han legg til noko som uavhengige ekspertar allereie har kjent til i lengre tid: Piggproteinet i mRNA-«vaksinane» er giftig – og unaturleg for cellene i kroppen. Difor ser vi so mange tilfelle med skade på til dømes det vaskulære systemet, manifestert som tilfelle av hjartebetennelse og hjarteposebetennelse (myokarditt og perikarditt). Dessutan kan kroppen i framtida – på grunn av piggproteina som injeksjonane får kroppen til å produsere – overreagere på koronavirus. Dette kallar han ein «cytokin-storm»; andre kallar det antistoff-avhengig forsterkning (engelsk antibody-dependent enhancement).

Wodarg trur at vaksinerte no i vinter vil utgjere dei mest alvorlege sjukdomstilfella, medan dei uvaksinerte berre vil oppleve vanleg influensa.

Han uttrykkjer tilslutt bekymring over alle data som blir samla inn frå dei som tek imot sprøyta. Ved å godta «vaksinering», godtek du samstundes å ta del i eit klinisk forsøk som du aldri har samtykt til, og dei er ikkje opne om kva type risiko som er involvert i forsøket. Den store «pandemi-nauden» blir forlenga frå månad til månad fordi det hjelper dei med deira injeksjonsstudiar, sjølv når der er massive interessekonflikter involvert.

Propaganda frå media har hjernevaska folk til å tru at sprøyta er nødvendig, og at ved å ta ho, vil du få fridommen din tilbake. Dette er løgn. Dei har tenkt å rulle ut dose etter dose, og om du til slutt takkar nei, vil dei ta frå deg retten til å reise, og i verste fall retten til å ferdast fritt i samfunnet.

Kommentar frå saksyndig: Dr. Wolfgang Wodarg seier det som vi har hatt mistanke om lenge. Dette er ein planlagt pandemi, ein plandemi, der målet er å tvinge desse sprøytene på verdas befolkning. Konsekvensen vil bli sjukdom og død på ein skala ein knapt har sett maken til sjølv ikkje i dei to verdskrigane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s