Australsk minister kallar fullvaksinerte «anti-vaxxers» i urovekkjande utbrot under pressekonferanse

Michael Gunner, minister for Dei nordlege territoria (Northern Territories) heldt nyleg ein pressekonferanse i samband med dei mange Covid-demonstrasjonane i eit land som no har blitt om til eit medisinsk diktatur. Protestane har dreia seg om vaksinepass og nedstenging. Akkurat som USA, har dei mørke totalitære kreftene i Australia innført vaksineplikt («vaksinemandat») i fleire yrke. «Ta sprøyta, eller mist jobben», seier dei, og kopierer med dette agendaen til Biden-administrasjonen.

Under pressekonferansen kjem Gunner med ein tordentale mot dei som støttar motstandsrørsla mot koronadiktaturet. Der står han med ville, oppsperra auge og aggressiv stemme og ber desse menneska halde kjeft og ryke og reise. Han framstod som hissig og aggressiv, og vart av ein person på sosiale media skildra som ein autoritær psykopat. Andre skildrar det som ein massepsykose; alle blir ville i blikket og oppfører seg totalt irrasjonelt.

Gunner forsvarer eit kontroversielt program som sender Covid-positive til karanteneleiren Howard Springs i Darwin i Dei nordlege territoria. Dette gjeld òg personar som er nærkontaktar til dei «smitta». ZeroHedge skriv at den australske hæren har blitt sett inn for å handheve dette «karantenekravet». I det ein kallar «spesielt trongbudde område» er det innført hard lockdown. Folk er fangar i sine eigne heimar, og kan berre forlate dei ved medisinske naudstilfelle – som til dømes å få mRNA-injeksjonar. Det er i hovudsak aboriginar – Australia sitt urfolk – som er utsett for denne innesperringa ettersom dei bur i samfunn med langt tettare relasjonar enn vanlege australiarar.

Den same Michael Gunner innrømmer at det i Australia no faktisk skjer medisinsk kidnapping av australske urfolk. Det blir antyda at dei er villmenn fordi so mange medlemmer i samfunnet deira kommuniserer og samhandlar som ein stor familie. I eit nyleg Facebook-innlegg skriv Gunner visstnok om det han kallar ei bekymringsverdig «mingling» mellom hushaldningar i landsbyen Binjari, og «mingling» fram og tilbake mellom Binjari og det nærliggjande samfunnet Rockhole. Dei er ifølgje Gunner å sjå på som ei einaste stor hushaldning snarare enn ei samling ulike hushaldningar. Den sokalla «politikaren» er difor ein av svært mange som sidan mars 2020 har kriminalisert normal, menneskeleg åtferd.

Alle bebuarane i dei nemnde landsbyane er no fangar i deira eigne heimar. Dette meiner Gunner er for deira eige beste. Han bekreftar at dusinvis av medlemmer av lokalbefolkninga har blitt fjerna frå landsbyane med tvang av militæret, og førde til leirar, deriblant Howard Springs.

Det at folk blir kidnappa av militæret og sendt til Covid-konsentrasjonsleirar har tidlegare blitt avvist som ein konspirasjonsteori av den offisielle forteljinga. No er det blitt eit konspirasjonsfaktum. Som Mike Adams i Natural News oppsummerer (mi omsetjing):

«Vi er vitne til ei etnisk reinsing som finn stad akkurat no i Australia:

For å oppsummere det vi er vitne til no:

  1. Falske PCR-testar som er brukt til å diagnostisere folk som «positive for Covid».
  2. Det australske militæret føretek deretter ei medisinsk kidnapping med pistolar mot tinningen, og riv dei vekk frå familiane sine.
  3. Dei er førde til relokasjons-/dødsleirar som dei ikkje kan rømme frå.
  4. Alle familiemedlemmane til dei bortførde får ordre om å vere fangar i eigne heimar og får ikkje forlate dei for nokon annan grunn enn å bli injisert med meir Covid-dødssprøyter.
  5. Dess fleire Covid-dødssprøyter folk tek, dess meir spreier dei piggprotein i samfunnet, noko som resulterer i fleire «positive» PCR-testar.
  6. Syklusen gjentek seg.

Denne krigføringa med vekt på biologiske våpen / etnisk reinsing er sett i verk på høglys dag av ei regjering som har blitt ein terroristorganisasjon, og som har sitt eige folk som mål for massedød og endelaus fengsling.»

Kommentar frå saksyndig: Gunner og andre representantar for det globale koronadiktaturet byrjar meir og meir å vise sine sanne ansikt. Og fleire og fleire over heile verda byrjar å protestere. Det er eit godt teikn at ikkje alle trur på løgnene til den offisielle forteljinga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s