Korona-tsar Fauci: Vaksinane beskyttar ikkje mot alvorleg Covid eller død

Henta frå Nina Cappelen sin blogg.

I eit nyleg podcast-intervju med New York Times innrømmer Dr. Anthony Fauci at Covid-«vaksinane» ikkje beskyttar mot alvorleg sjukdom eller død. Når han vart beden om å forklare data som kjem frå Israel, eit av dei mest vaksinerte landa i verda, kom han med følgjande uttaling:

«Dei ser ein avtakande immunitet, ikkje berre mot infeksjon, men mot sjukehusinnleggingar, og vil ei viss grad død som no byrjar å involvere alle aldersgrupper. Dette gjeld ikkje berre eldre.»

mRNA-injeksjonane har med andre ord ikkje berre feila fullstendig i å gje folk immunitet mot Covid, dei greier til og med ikkje lenger å beskytte mot alvorleg Covid og død. Fauci seier vidare:

«Dei avtek til det punktet der du ser fleire og fleire menneske som får gjennombrotsinfeksjonar [på engelsk breakthrough infections; min kommentar], og stadig fleire av desse menneska som får gjennombrotsinfeksjonar endar opp på sjukehus.»

Det han eigentleg innrømmer, er at vaksinerte blir smitta, og at stadig fleire av dei blir innlagt på sjukehus der dei «bukker under for Covid.» Dette har data frå Israel og andre høgt vaksinerte land indikert lenge:

«I Storbritannia var 72 prosent av alle Covid-relaterte dødsfall mellom februar og september i år fullvaksinerte. I Skottland er situasjonen enda verre: 80 prosent av alle Covid-dødsfall skjer blant de injiserte.»

Kommentar frå saksyndig: Denne innrømminga frå sjølvaste korona-tsaren Anthony Fauci kan seiast å vere djupt ironisk, ettersom dei som har hevda at vaksinane ikkje beskyttar mot alvorleg Covid og død, blir sensurerte, utstøytte, hetsa og det som verre er. Regjeringar over heile verda held likevel fram med si ukritiske og uvørne massevaksinering av folk, no med sokalla «oppfriskningsdoser». Assisterande helsedirektør Espen Nakstad kom med ei liknande innrømming om injeksjonane nyleg, der han kommenterte ein studie som bekrefta at ein som fullvaksinert kan vere like smittsam som ein uvaksinert person viss du fyrst blir smitta sjølv. Han sa at studien var «metodologisk sterk» til Dagbladet. Han la for tryggleiks skuld til at dei ein bur saman med er like mottakelege for smitte dersom dei er uvaksinert.

Den offisielle forteljinga byrjar etter mi oppfatning å få eit stort forklaringsproblem, no når vaksinane ikkje berre mislykkast i å gje immunitet mot Covid, men òg no (som sjølvaste Dr. Fauci innrømmer) heller ikkje hindrar alvorleg Covid eller død. Med tanke på alle dei alvorlege biverknadene som no slår ut i full blomst blant fullvaksinerte, for ikkje å snakke om alle dei injeksjonsrelaterte dødsfalla, er dette lite anna enn svindel og grov medisinsk uforstand.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s