Den vandøde trippelvaksinerte

For tida jobbar eg på ein sjukeheim langt ute i periferien, milevis frå næraste større sentrum. Trass den aude plasseringa, har «djupstatens» dødbringande sprøyter (feilaktig kalla «koronavaksinar») kome hit. No har mine eigne sjukepleiarkollegaer byrja å lure med seg bebuarane inn på romma sine for å gje tredje dose av dette skumle, mRNA-baserte heksebrygget. Dei har truleg fått instruksar frå dei to demondamene som var innom sjukeheimen tidlegare i november.

Enkelte i personalgruppa har òg teke tredje dose. I dag, 29.november, kom ein kollega godt oppi 50-åra på seinvakt – eg sjølv hadde jobba tidlegvakt. Synet av ho fekk meg til å kveppe. Ansiktet hennar var likbleikt, lippene grålege, og auga hadde blitt raudlege og mista all livsgnist. Ho såg rett og slett meir død enn levande ut. Eg sa rett ut til ho at ho ikkje såg frisk ut. Ho fortalde at ho sist onsdag hadde teke oppfriskningsdosen, og at ho no var «trippelvaksinert».

Ordvalet hennar var nok ikkje tilfeldig, ettersom «fullvaksinert» no har blitt praktisk umogleg å kalle seg. Iallfall ettersom den offisielle forteljinga no ser ut til å meine at ein må ta ny dose kvar sjette månad for å halde tritt med alle «variantane». Den nyaste varianten er som kjent kalla omikron, ettersom ein har hoppa over bokstavane Nu og Xi i det greske alfabetet. Nu vart hoppa over fordi den på amerikansk engelsk er uttala heilt likt new. Xi vart hoppa over ettersom ein klokeleg vil unngå å kalle opp ein virusvariant etter den kinesiske presidenten!

Den trippelvaksinerte dama såg som sagt ut som ho var på dødens rand. Ifølgje ho sjølv låg ho tre døgn med feber etter at ho tok vaksinen onsdag. Ho vakna midt på natta torsdag og kjende seg særs uvel. Ho heiv nedpå ein eittgrams-Paracet for å ta brodden av den verste feberen; tabletten hjelpte ørlite grann. Ho låg og hakka tenner og pintest. Medan kroppen var kokande varm, var hender og føter iskalde. Fyrst i dag (måndag), fem dagar etter tredje dosen, greidde ho å stavre seg på beina og sjage av garde til jobb.

Sist eg såg eit levande menneske som var so bleik i huda, var då eg var oppom Haukeland sjukehus med ein brukar tilbake i 2013. Då såg eg ein ung, rullestolbunden pasient som var like kritkvit i leten. Ho gjekk på cellegift for å behandle ei aggressiv kreftform.

Regjeringar og deira lakeiar i media gaular på innpust og utpust at alle sjå til å få vaksinert seg mot dette fæle, fabrikkerte viruset. Dette til trass for at regjeringa i dag har innført tiltak som gjeld same om ein er vaksinert eller ikkje – dette på grunn av denne omikron-«varianten». Det som er nytt, er at isolasjonstida til dei som testar positivt på dei «høgst pålitelege» PCR-testane blir forlenga til sju dagar. Blir nokon i husstanden «smitta» (altso testar «positivt»), blir alle pålagt smittekarantene i 10 dagar. Sokalla «øvrige nærkontakter» er òg pliktige til å teste seg, «uansett vaksinestatus». Nærkontaktar kan vere alt frå venner til kollegaer.

Merkeleg nok opphøyrer plikt om karantene og isolasjon dersom det blir bekrefta at det ikkje er omikron-smitte. Korleis dei i det heile teke klarer å skilje omikron frå andre variantar ved hjelp av ein «test» som ikkje eingong klarer å skilje Covid frå influensa og forkjøling, blir ikkje nærare spesifisert.

For meg høyrest dette ut som oppskrifta på eit kataklysmisk sjukefråvær som ein aldri har sett maken til. Og når nærkontaktar – kollegaer – samstundes blir pliktige (altso tvinga) til å teste seg, vil ein ved hjelp av PCR-lureri kunne trylle fram smitte frå lause lufta akkurat som før – om ikkje meir. Eg ser føre meg at dei fleste arbeidsplassar mildt sagt vil slite på grunn av dei innvikla og underlege «tiltaka». Den offisielle forteljinga kallar denne strategien «å puste med magen».

Min eigen arbeidsplass har forresten innført plikt til å levere negativ hurtigtestprøve to gonger i veka. Dette gjeld uvaksinerte – det vil seie meg og meg åleine. Styraren har nok fått instruksar frå eit rundskriv som den nye uhelseministeren sendte ut for ei tid tilbake. Dette vart diskret klemt inn i eit langt møtereferat frå eit personalmøte som fann stad tysdag 23.november. So langt har ingen i personalgruppa, til og med ikkje styraren, nemnt det med eit ord. Vaksinestatusen min er like openberr som sola på himmelen, ettersom eg som uvaksinert må gå med munnbind i «bebuarnære relasjonar».

Å gjennomføre eit slikt testregime hadde nok blitt særs vanskeleg. Kva om eg ein dag hadde testa «positivt»? Hurtigtestar er sagt å vere endå meir upålitelege enn PCR-testar, som sjølv ikkje akkurat er skuleeksempelet på ein påliteleg test!

Omikron-rabalderet ser i skrivande stund ut til å velte alle planar om jamnleg testing av uvaksinerte, sidan dei nye tiltaka jo òg gjeld dei vaksinerte. Om dei er dobbelt- eller trippelvaksinerte speler no plutseleg inga rolle.

Éin ting er ein haug nye tiltak som garantert vil sende heile personalgrupper i karantene og isolasjon. Den andre tingen er at frå og med 14.desember skal personalgruppa få tredje dosen, og mange av dei kan knapt vente. Dersom dei alle blir like sjuke som den vandøde trippelvaksinerte som berre med naud og neppe kom seg på jobb fem dagar etter tredje dosen, kan det bli interessant med tanke på bemanning. Eg spår eit mannefall utan historisk sidestykke.

Ved jul vil nok personalgruppa bestå av likbleike skrømt som sjagar rundt i feberdelir, og som til og med kan ramle om med hjarteinfarkt eller slag på grunn av alle mikroblodproppane som piggproteina genererer. Då er det kanskje like greitt at den eine i personalgruppa som var smart nok til å ikkje ta mRNA-injeksjonar, er frisk som ein fisk og klar for å jobbe dobbeltvakter i to-tre veker saman med ordføraren og varaen. Kanskje har eg vidare jobb etter det òg. Med tanke på dei dystre prognosane som anerkjende medisinske ekspertar over heile verda spår, er det stor fare for at fråværet til den «vaksine»-skadde personalgruppa kan bli permanent.

Ut på våren 2022 ser eg føre meg at eg som uvaksinert helsepersonell vil bli særs ettertrakta.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s