Tredje vaksinedosen på sjukeheimen

18.november 2021 kom representantar frå «djupstaten» til min noverande arbeidsplass for å setje tredje dose av mRNA-injeksjonane på dei dei måtte kome over av «friviljuge». Denne nyheita vart kunngjort same dag av ei spøkjelsesliknande sjukepleiarjente som såg ut som ho knapt hadde sove på eit halvt år. Då nokon i personalgruppa spurde ho om ho sjølv skulle ta den dosen, sa ho eit høgt «JA!» med eit smil som uhyggjeleg pynta hennar likbleike ansikt. Ho hadde allereie teke dei to fyrste dosane av denne piggproteingifta.

Den dødsdømte sjukepleiarjenta sa at dei skulle kome klokka to. Dei kom ti minutt før to. Det var to svært unge damer i sivile kle, altso utan uniformer. Dei hadde munnbind og det eg vil kalle eit demonisk blikk. Auga deira var kalde og stirande, nett som dei til slangar. Dei kom inn i avdelinga med si kvite plastkorg med Covid-sprøyter. Den eine sa at dei var her med «koronavaksinar». Ho snakka den same dialekten som i utkantkommunen, bortsett frå at ho hadde skarre-r. Det sette ein umiddelbar støkk i meg. Folk i den utkantkommunen, sjølv unge folk, snakkar vanlegvis med rulle-r, slik eg sjølv gjer. Skarre-r er sett på som talefeil i den kommunen. Dette tyda at desse damene kom frå Bergensområdet, og at dei hadde gjort eit mislykka forsøk på å snakke «dei innfødde sitt språk». Eg såg meg rundt i det tomme lokalet og sa at alle bebuarane var på romma sine. Dei såg på meg med største mistenksomheit.

Heldigvis gjekk det ein doalarm akkurat då. Eg visste at ein av mine kollegaer hadde avtale med bebuaren som avløyste alarmen å kome og hjelpe, so eg brukte det som påskot til å stikke meg vekk i ein helvetes fart. Eg visste kva desse to demondamene ville gjere, og eg ville ikkje gjere meg sjølv medskuldig. Samstundes visste eg at eg ikkje kunne nekte å gjere det desse sataniske skapningane bad meg om, sidan eg visste kva som då ville skje. Eg kunne ikkje for mitt eige samvits skuld adlyde dei nedrige ordrane, so difor måtte eg rett og slett forlate åstaden.

Eg gøymde meg nede i kjellaren i fysioterapirommet. Der gav eg uttrykk for raseri, redsel, angst og skrekk ved å banke opp ein tøypytonslange som uforklarleg var der.

Etter tjue minutt med gråt, fortviling og skam gjekk eg til slutt opp i avdelinga. Demondamene var framleis i ferd med å vaksinere (les: forgifte) bebuarane, og eg gøymde meg difor på vaskerommet. Der kunne eg lytte når dei var ferdige med å utføre sitt beordra massedrap på bebuarar som på ingen måte kunne ha gjeve gyldig samtykke. Endeleg var dei ferdige.

I korridoren møtte eg ein utanlandsk kollega. Han såg svært uvel ut. Han fortalde at dei to damene hadde tvinga han til å halde armen til ein dement bebuar medan ein av dei sette sprøyte på ho. Han lurte på om dette var lovleg. Eg svarte at han måtte ta dette opp med næraste leiar, og at eg berre var ein vikar. Eg nærast sprang inn på næraste toalett, der eg til mi store overrasking spydde. Det kom faktisk meir tårer enn oppkast ned i doen.

Eg enda opp ute i kantina. Der var to kollegaer som skulle på seinvakt. Dei fælslege injeksjonsuhyra dukka opp bak frå eit hjørne og informerte den eine kollegaen (som var sjukepleiar) at fem av ti bebuarar på det som var mi avdeling hadde blitt vaksinerte. Begge kollegaene trygla om å få vaksinar. Dei to likbleike vampyrane sa at det måtte ha gått minst seks månader sidan andredosen. Dette kunne enkelt dokumenterast, og so fort det var gjort, skulle dei med glede få tredjedosen. Dei kom til å kome tilbake kvar einaste dag framover for å vere sikre på at absolutt alle vart vaksinerte.

Sjukepleiaren lurte på kvifor ikkje alle bebuarane hadde blitt vaksinert. Dei to skrømta sa at fire av bebuarane ikkje hadde dokumentasjon på at det hadde gått meir enn seks månader sidan førre dosen (dette kunne skaffast via fastlege, men det hadde ikkje blitt gjort av primærkontaktane deira). Og faktisk hadde ein av bebuarane takka nei til tredje dosen. Vedkomande ville at ein lege skulle kome og undersøkje ho før ho fekk sprøyta. Dei to demondamene lo stille og kaldt, før dei begge himla med auga. Det gjorde sjukepleiarkollegaen min òg. Ingenting tyda på at dei ville late ein lege kome nær bebuaren. Alt tyda på at dei ville gje ho sprøyta, sannsynlegvis utan hennar samtykke.

Eg heldt kjeft til ei slik grad at eg vart fysisk uvel.

Dagen etter, 19.november, erklærte byrådet i Bergen, i strid med vitskap og sunn fornuft, å innføre påbod om munnbind og «forbod» mot å helse og klemme. Det vart i den kommunale pressekonferansen òg retta anklagar mot dei som følte at dei hadde «gjort nok» i denne fabrikkerte «pandemien». I tråd med tidlegare panikkhandlingar frå byrådet i Bergen, valde nabokommunane til Bergen å innføre desse tiltaka òg. Alle må gå med munnbind der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand, elles vil politiet bøteleggje dei. Eller kanskje til og med følgje etter «mistenkte» til heimane deira.

Kommunen eg jobbar i er ikkje ein nabokommune til Bergen. Altso går eg klar av «Sirkus Korona» i denne omgang. Eg vil derimot gjere det eg kan for å unngå å leggje igjen ei einaste krone i ein kommune som frontar denne fascismen. Då lever eg heller på tørrvarer og hermetikk. Tiltaka, som trer i kraft måndag 22.november, skal vare i fire veker. Mitt «doomsday prepper-lager» varer lenger enn det.

Og min integritet i forhold til grunnlov og menneskerettar varer endå lenger. Dette er diktatur, og eg nektar å bøye meg for det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s