Verdas mest vaksinerte region avlyser jula på grunn av «drastisk» auke i Covid-tilfelle

Ifølgje WND News Center, har verdas mest vaksinerte region, Gibraltar, bestemt seg for å avlyse jula på grunn av stigande tilfelle av Covid. Og det er regionen der bebuarane vart fortalt at dei lever i «det mest vaksinerte landet i verda». I den vesle staten på sørspissen av Spania har det blitt gjeve 279 «vaksine»-doser per 100 menneske. Det er den fyrste staten i verda som har vaksinert heile den vaksne befolkninga. No er altso jula avlyst på grunn av stigande smittetal.

Ein rapport seier at regjeringa i Gibraltar hevda at auke av Covid-tilfelle har blitt spora til religiøse samlingar, arbeid og sosiale hendingar. Det er den eksponentielle auken i talet tilfelle som gjer at regjeringa har tenkt å avlyse arrangement slik som offisielle julefestar og liknande sosiale treff.

Gibraltars helseminister Samantha Sacramento kallar auken av tilfelle «drastisk». Ho insisterer på at folk får sine oppfriskningsdosar (booster shots på engelsk). Regjeringa ber òg folk om å bruke munnbind, unngå store folkemengder og oppretthalde avstand. Gibraltar rapporterte 124 nye tilfelle over helga nyleg, noko som aukar talet aktive tilfelle til 474.

Helseministeren meiner at den «drastiske» auken av folk som testar positivt for Covid-19 nyleg er ein sterk påminnar om at viruset framleis har høg førekomst i samfunnet, og at det er «vårt alles ansvar å ta alle rimelege forholdsreglar for å beskytte oss sjølve og våre kjære».

Regjeringa frårådar på det sterkaste å arrangere store sosiale arrangement, festar og liknande i iallfall dei neste fire vekene – medan oppfriskningsdosene blir rulla ut. Landet har hatt stadig aukande smitte gjennom oktober og no òg i november.

Her i Noreg har Helsedirektoratet bestemt seg for å avlyse årets julebord. Avlysinga er gjort etter det dei kallar ei «totalvurdering med grunnlag i den pågående smittesituasjonen», i tråd med «føre-var-tenkningen som vi legger stor vekt på i Helsedirektoratet».

Kommentar frå saksyndig: Det burde no vere openbert for det fleste at mRNA-injeksjonane ikkje gjer nytte for seg, når sjølv gjennomvaksinerte regionar som Gibraltar jo ser ein «drastisk» auke i positive Covid-tilfelle. Difor rullar dei no ut ein tredje dose av dei same uverksame injeksjonane. Dette har òg byrja å skje i Noreg, der smittetala ikkje overraskande òg er høgare enn dei nokosinne har vore. I Israel har ein visst lenge at vaksinane ikkje er so effektive som ein fyrst trudde. Der har dei for lengst rulla ut ein tredje dose, og er visstnok i full gang med den fjerde no. Situasjonen i Gibraltar og Noreg er identisk med den som ser ut til å skje rundt om i verda. «Vaksinane» har rett og slett feila totalt, og dette får den offisielle forteljinga større og større problem med å finne ei god forklaring på.

Sokalla «gjennombrotstilfelle» (engelsk breakthrough infections) kan anten vere Covid-smitte til trass for vaksine (som den offisielle forteljinga seier) – eller (som sensurerte, utstøytte medisinske ekspertar som til dømes Peter McCullough, Joseph Mercola, Dolores Cahill og Robert Malone seier) rett og slett vaksineskadar. Eit døme på vaksineskade er den berykta tilstanden antistoffavhengig forsterkning (engelsk antibody-dependent enhancement, forkorta ADE). Då fører mRNA-injeksjonane til at kroppen reagerer kraftig på eit virus som anten er eller liknar på Covid, og slike virus finst det mange av. Til dømes influensa og vanleg forkjøling.

Den offisielle forteljinga har mildt sagt eit forklaringsproblem, uansett om dei bruker talet sjukehusinnlagte eller talet smitta (positive PCR-testar) som målestokk på alvoret i «pandemien». Aukande Covid-tilfelle til trass for intensiv vaksinering trur eg kan ha følgjande forklaringar:

  1. Vaksinane fungerer ikkje. Dei seier allereie at vaksinane ikkje stoppar smitte, men minskar risikoen for alvorleg sjukdom og sjukehusinnlegging. Medisinar som ivermectin fjernar den risikoen fullstendig, men blir avfeia som «feilinformasjon» nettopp av dei som tener på vaksinane. Mistenkjeleg? Ikkje i det heile… Og kvifor blir fleire og fleire fullvaksinerte lagt inn på sjukehus om vaksinane liksom skal redusere den risikoen?
  2. Vaksinane gjer folk meir utsett for Covid og liknande virus (ADE; dette vil dei ikkje innrømme om helvete frys til is). Dess fleire vaksinerte, dess høgare smitte, og dess fleire sjukehusinnlagte. Dette avviser den offisielle forteljinga som ein «konspirasjonsteori».
  3. Sjukehusinnlagte lid av andre tilstandar enn Covid (til dømes vanleg sesonginfluensa eller vaksineskadar), men dette blir kollektivt kalla Covid (eller korona) for å halde illusjonen om ein pandemi ved like. Sesonginfluensa og forkjøling er vanleg i november og resten av vinterhalvåret. Det er ikkje eingong sikkert at sjukehusa lyg, ettersom PCR-testane kan forveksle desse sjukdommane med Covid.

Og snakkar ein om sola… PCR-testane kan ikkje lenger brukast i vaksineprofitørane sine interesser. Positive PCR-testar hjå friske menneske har under heile koronakrisa blitt brukt for å beint fram fabrikkere ein pandemi av ein luftvegssjukdom. Den har vore sjølve berebjelken i dette narrespelet. Dess meir testing, dess fleire «positive» prøvesvar. Skremselspropagandaen og dei tyranniske tiltaka var (og er) der for å kondisjonere folk til å godta eksperimentelle mRNA-«vaksinar» som aldri før hadde fungert i praksis. Alle skulle vaksinere seg, og so var problemet over, og alle fekk fridommen sin tilbake. Vel, ein heldt jo lydig fram med å teste folk med dei same ubrukelege testane. Når dei fullvaksinerte uunngåeleg testa «positivt» for Covid, korleis kan ein tolke det? Svaret er temmeleg banalt: vaksine gjer ingenting frå eller til når det gjeld utfallet av testen. Den gjev positive eller negative svar i hytt og pine fordi den aldri var meint å brukast som eit diagnoseverktøy. No slår testen si ubrukelegheit tilbake på dei. Om dei so hadde stoppa å teste for Covid, hadde dei framleis hatt eit alvorleg problem med å forklare alle dei fullvaksinerte som blir innlagt med Covid:

«Øhh, fullvaksinerte kan framleis bli sjuke, berre ikkje so sjuke som uvaksinerte…»

Tydelegvis unngår sjølv ikkje fullvaksinerte sjukehusinnlegging:

«Øhh… Faen, jammen… Vent, regjeringa har hatt ein ny pressekonferanse! Pasientane er ikkje fullvaksinerte, for dei har ikkje teke tredje dosen enno! Altso seier Nakstad at dei er rekna som uvaksinerte!»

Dette kan med rette kallast «Sirkus Korona». Dei har måla seg opp i eit hjørne. Den offisielle forteljinga ser ut til å rakne same kva målestokk dei bruker no. Ein haug positive PCR-testar blant fullvaksinerte stiller dei i eit like dårleg lys som ein haug sjukehusinnlagte fullvaksinerte med genuine Covid-symptom. «Løysinga» dei no har funne, ser ut til å vere: Vi seier at fleirtalet av pasientane er uvaksinerte, sjølv om dei vaksinerte er i eit soleklart fleirtal på sjukehusa! Dette vil fungere heilt til mange nok varslar uavhengige media om dette bedraget som føregår.

Sjølv psykopatar klarer ikkje å halde ei løgn ved like om løgna blir stor og innvikla nok.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s