Hjartebetennelse – kjem snart til eit akuttmottak nær DEG

Myokarditt (betennelse i hjartet) og perikarditt (betennelse i hjarteposen) ser ut til å vere vanlege biverknader blant unge menn etter at dei har teke dei eksperimentelle mRNA-injeksjonane som feilaktig blir kalla «vaksinar». Hjartebetennelse er ein alvorleg tilstand, og kan ofte vare livet ut for den som blir råka. Er du ein idrettsutøvar, kan du berre gløyme å halde fram den karrieren dersom du får den diagnosen. Og hjartebetennelse er berre éin av mange tilstandar som råkar dei som tek i mot Pfizer, Moderna eller Johnson & Johnson sine sprøyter. Den mest alvorlege biverknaden av dei alle er plutselege, uventa dødsfall.

Faktisk ser folk ut til å døy som fluger av mRNA-injeksjonane desse dagar. Nettstaden thecovidblog.com rapporterer meldingar om dødsfall eller skadar relatert til «vaksinane». Ein rask titt på nettsida viser per 21.november 2021 følgjande overskrifter (mi omsetjing):

Jennifer Deon: Skodespelarinne frå San Francisco Bay Area kallar religiøse fritak «dumme unnskyldningar», har spontanabort tre veker etter mRNA oppfriskningsdose.

Haustar du det du sår? Legar døyr som fluger i dødsfall skildra som «døydde uventa» og «døydde plutseleg» sidan midten av oktober.

Eric Turner: 41 år gammal kroppsbyggjar håper ivermectin «lukar ut idiotar», gjennomgår koronararteriedisseksjon seks månader etter andre mRNA-injeksjon [ved denne sjeldne, men farlege tilstanden rivnar koronararterien i hjartet; dette er naturlegvis ikkje ein god ting!].

Petra Meyer: 46 år gammal National Public Radio-redaktør «døydde plutseleg» av blodproppar.

5 unge atletar anten døyr eller lid karriere-trugande hjarteinfarkt i løpet av åtte dagar.

Sohrab Lutchmedial: 52 år gammal kanadisk hjartelege seier til uvaksinerte: «Eg kjem ikkje til å gråte i gravferda dykkar,» død to veker etter tredje mRNA-injeksjon.

Nettstaden er full i slike og liknande saker. Nokre av dei, slik som skodespelarinna, kroppsbyggjaren og hjartelegen ser ut til å bli offer for karmisk gjengjelding. Dei hånar uvaksinerte og skryter av at dei sjølve har teke sprøytene – berre for å oppleve grimme konsekvensar av sitt eige val. Hjartelidingar blant unge, friske folk blir forsøkt framstilt som noko som «berre skjer». Verken hovudstraumsmedia eller dei som styrer ser ut til å trekkje ein samanheng mellom sprøytene og plutseleg sjukdom eller død. mRNA-injeksjonane blir framleis kalla «trygge og effektive» på innpust og utpust, og ein blir på det sterkaste oppfordra til å gjere si «plikt» for å beskytte dei svakaste i samfunnet.

Ifølgje den amerikanske legen Joseph Mercola står vi overfor ein epidemi av myokarditt. Det vil ikkje vare lenge før akuttmottak over heile den vestlege verda blir overfløymt av ungdommar med hjartebetennelse. Fordi dei alle vart pressa av venner, familie, samfunn og media til å ta eksperimentelle mRNA-sprøyter, er helsa deira no øydelagt for livet. Dei er sannsynlegvis òg sterile. Menstruasjonsforstyrringar har råka damer i alle aldrar. Eg kjenner personleg til tilfelle der 17-årige jenter ikkje har menstruasjon på over ein månad, medan damer på godt over 50 blør som slakta griser i vekevis. Dette er ikkje normalt, same kor mykje styresmakter og media hyler det motsette på innpust og utpust.

Når akuttmottak og sjukehus overalt blir nedrent av dødssjuke vaksineskadde, kan vi verkeleg snakke om ei overbelastning av helsevesenet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s