Korleis er Davos World Economic Forum involvert i koronaviruspandemien?

Henta frå Anti-Empire. Omsett av saksyndig.

Pete Buttigieg, Gavin Newsom, Chrystia Freeland, Jose Maniel Barroso, Angela Merkel, Nicolas Sarkozy, Nikki Haley, Jeff Bezos, Peter Thiel, Mark Zuckerberg, Jacinda Ardern, Gordon Brown… Kva har dei alle til felles?

Davos World Economic Forum (WEF) er eit eliteforum for regjeringar, globale selskap og internasjonale gründerar. Det vart grunnlagt i 1971 av ingeniør og økonom Klaus Schwab, og skildrar sitt oppdrag som «å forme globale, regionale og industrielle agendaer» og «forbetre stoda i verda». Ifølgje nettsida deira er «moralsk og intellektuell integritet sjølve hjartet i alt dei gjer».

WEF har vore involvert i koronaviruspandemien på fleire måtar.

For det fyrste var WEF, saman med Gates Foundation, sponsor av den sannspådde «Event 201», ei koronaviruspandemi-simuleringsøving som vart halden i New York 18.oktober 2019 – same dag som opninga av Wuhan Military World Games, av somme sett på som «ground zero» til den globale pandemien. Kina sjølv har argumentert at amerikanske militæratletar kan ha teke viruset med seg til Wuhan.

For det andre har WEF vore ein leiande tilhengjar av digitale biometriske identitetssystem, ved å argumentere for at dei vil gjere samfunn og industriar meir effektive, meir produktive og sikrare. I juli 2019 starta WEF eit prosjekt for å «forme framtida til reise med biometric-enabled digital traveler identity management» [fritt omsett som digitale identitetspapir for reisande, basert på biometrikk]. I tillegg samarbeider WEF med Gates og Rockefeller-stiftingane og leiar eit program for å «tilby digital ID med vaksinar». Spesifikt ser ID2020 vaksinering av barn som «ein inngangsport til digital identitet».

For det tredje er WEF-grunnleggjar Klaus Schwab forfattaren av boka COVID-19: The Great Reset, publisert i juli 2020, som argumenterer for at koronaviruspandemien kan og burde bli brukt for ei «økonomisk, samfunnsmessig, geopolitisk, miljørelatert og teknologisk nullstilling» [eg bruker ordet «nullstilling» for det engelske «reset»], som spesifikt inkluderer å framskunde global regjering, aksellerere digital transformasjon og takle klimaendring.

Til slutt har WEF sidan 1993 leia eit program dei kallar «Global Leaders for Tomorrow», som i 2004 vart omdøypt «Young Global Leaders». Dette programmet har som mål å identifisere, velje og fremje framtidige globale leiarar både innan forretning og politikk. Faktisk har ikkje reint få «unge, globale leiarar» seinare greidd å bli presidentar, statsministrar eller direktørar.

Under koronaviruspandemien har fleire av WEFs Globale Leiarar og Globale Formarar (engelsk Global Shapers; eit juniorprogram til Global Leaders) spelt framtredande roller der dei typisk har vore støttespelarar for null-Covid-strategiar, nedstengingar, munnbindpåbod og «vaksinepass». Dette kan ha vore eit (i hovudsak mislykka) forsøk på å beskytte folkehelse og økonomi, eller det kan ha vore eit forsøk på å framskunde den globale transformasjonsagendaen skildra ovanfor – eller kanskje begge.

Med omsyn til dette, finn ein blant betydelege Unge Leiarar følgjande personar: Jeffrey Zients (Koronavirus-responskoordinator i Det kvite hus), Stéphane Bancel (direktør i Moderna), Jeremy Howard (grunnleggjar av den inflytelsesrike lobbygruppa «Masks for All»), Leana Wen (CNNs null-Covid medisinske analytikar), Eric Feigl-Ding (null-Covid Twitter-personlegdom), Gavin Newsom (guvernør i California, innvalt i 2005), Devi Sridhar (britisk null-Covid-professor), Jacinda Ardern (statsminister i New Zeland), Greg Hunt (australsk helseminister og tidlegare WEF-strategidirektør), den franske presidenten Emanuel Macron (valt eitt år før hans presidentval i 2017), den austerriksk kanslaren Sebastian Kurz, den tyske kanslaren Angela Merkel (valt tilbake i 1993), den tyske helseministeren Jens Spahn, og den tidlegare britiske statsministeren Tony Blair (ein leiande tilhengjar av «globale vaksinepass»).

Lista er lang, og finst i sin heilskap på nettsida WikiSpooks (ein wiki som fokuserer på skjulte maktstrukturar).

Som konklusjon har Davos World Economic Forum vitterleg vore involvert i den strategiske handteringa av koronaviruspandemien, med ein vesentleg fokus på å bruke pandemien som ein utløysar for digital transformasjon og den globale introduksjonen av digitale identitetssystem.

Kommentar frå saksyndig: Den offisielle forteljinga avviser dette som ein «konspirasjonsteori», spesielt det at WEF tilfeldigvis var med på å organisere ei pandemiøving («Event 201») berre nokre månader før «pandemien» offisielt braut ut. Dette er derimot fakta som ligg opent ute på offisielle nettsider. Kven som helst kan raskt søkje seg fram til denne informasjonen.

Fleire omstende relatert til «pandemien» kan ikkje forklarast på annan måte enn at det var ein planlagt pandemi – ein plandemi. Kvifor gjekk til dømes dei fleste land vekk frå sin opphavlege pandemiplan? Kvifor gjekk dei fleste land i den vestlege verda samstundes over til pandemitiltak som aldri før hadde blitt prøvd? Alle Covid-tiltak er i beste fall tvilsame og ser ut til å vere diktert utifrå politiske snarare enn helsemessige incentiv.

Den enklaste måten å finne logikk i alt saman, er å sjå kven som tener på det. Då finn ein vaksineprodusentane, som i sin tur har fått rikeleg med pengar frå nettopp Gates Foundation, ein viktig støttespelar til WEF. Følg pengane, seier kloke menneske. Dei ultrarike har alt å tene på at rikdom på grunn av Covid-tiltak blir flytta frå folk flest og over på dei sjølv. Dette er ikkje ein konspirasjonsteori. Dette er observerbare fakta, same kva den offisielle forteljinga seier.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s