Bill Gates bestakk media med 2,8 milliardar kroner for å fremje interessene hans: Vaksinar, avfolking og Covid-hysteri

Henta frå Natural News og Humans Are Free. Omsett av saksyndig.

MintPress har gjeve ut funna av ei omfattande etterforsking av Bill & Melinda Gates Foundation, som avslørte at milliardær-eugenikktilhengjarane, og spesifikt Bill, har bidrege med minst 319 millionar dollar [meir enn 2,8 milliardar kroner] til hovudstraumsmedia for å fremje hans folkemordføretak.

Blant mottakarane av Gates sine bestikkelsespengar finn ein CNN, NBC, NPR, PBS og The Atlantic. Gates sine internasjonale mottakarar inkluderer The Guardian, The Financial Times, The Daily Telegraph, Le Monde, Der Spiegel, El País og Al-Jazeera.

Ei fullstendig liste over kva slags nettverk og kor mykje pengar dei fekk, er tilgjengeleg på Humans Are Free.

«Pengane er generelt retta mot tema som ligg nær hjartet til Gates-paret,» rapporterer Humans Are Free.

«Til dømes gjekk dei 3,6 millionar dollarane som CNN fekk til å ‘rapportere om kjønnslikestilling med eit spesielt fokus på minst utvikla land, der dei produserte journalisme som gjaldt ulikskap halde ut av kvinner og jenter rundt om i verda,’ medan Texas Tribune fekk millionar for å ‘auke folkets kjennskap og engasjement rundt utdanningsreformer i Texas’.»

Gates har lenge fordekt sine bestikkelsesbidrag som «filantropiske donasjonar», men katten er endeleg ute av sekken at ingenting fyren gjer nokosinne er i favør av andre enn han sjølv og hans sadistiske lyst etter global avfolking.

Gates bidreg tungt til ‘gravejournalisme’-senter, som styrer ‘nyheitene’

Alle former for gravejournalismegrupper, inkludert det Washington, D.C-baserte International Center for Journalists, mottek òg store summar med pengar frå Gates vanlegvis.

«Stiftinga stiller òg med pengar for å direkte trene journalistar over heile verda, i form av stipend, kurs og workshops [sannsynlegvis det som tilsvarer arbeidspraksis, oms.an.],» forklarer rapportane.

«I dag er det mogleg for eit individ å få trening som reportar takka vere økonomisk støtte frå Gates Foundation, finne jobb i eit Gates-finansiert medieføretak, og høyre til ei presseforeining finansiert av Gates.»

Gates sine favorittema å kontrollere inkluderer helse, utdanning og global utvikling. Og for å halde ved like eit kvelartak i kvart domene, kastar Gates i tillegg store pengesummar til akademia.

Gates er òg besett av å prøve å hindre folk i å få ungar. I India åleine har Gates bidrege med meir enn 5,7 millionar dollar [meir enn femti millionar kroner] til ein eugenikkorganisasjon kalla The Population Foundation of India, som pushar seksuell og reproduktiv «helse» og «familieplanlegging».

«Lagt saman, kjem ein for desse Gates-sponsa medieprosjekta til ein totalsum på 319,4 millionar dollar,» avslørte Humans Are Free.

Hugs at ingenting av dette er uttømmande. Det er sikkert at Gates har sine innblandande hender og vondskapsfullt tente midlar i langt meir enn alt dette. Ved nærare undersøking kan det sjå ut som at Gates kontrollerer mykje av verda slik vi no kjenner ho.

Gates er notorisk for å halde den fulle rekkjevidden til tentaklane sine skjult frå syne. Berre visse element av agendaen hans er gjort tilgjengeleg for offentleg forbruk, alt med den intensjon å få det til å sjå ut som om han er ein slags godsinna filantrop når det eksakt motsette er sant.

«Samanlikna med andre tech-milliardærar, har Gates halde profilen sin som ein mediakontrollør relativt låg,» seier Humans Are Free.

«Amazon-grunnleggjar Jeff Bezos sit kjøp av The Washington Post for 250 millionar dollar [meir enn to milliardar kroner] i 2013 var ei veldig klar og openberr form for mediapåverknad, akkurat som eBay-grunnleggjar Pierre Omidyar si skaping av First Look Media, selskapet som eig The Intercept

Der er openbert nokre tilfelle av alvorleg interessekonflikt når det gjeld Gates og andre milliardærar si rekkjevidde og kontroll av retninga verda går i. Om berre fleire var viljuge til å stille dei vanskelege spørsmåla kunne vi kanskje bryte oss fri frå deira autoritære agendaer.

Kommentar frå saksyndig: Tala og dokumentasjonen er der for alle å lese. Gates har bokstavleg tala kjøpt mesteparten av selskap, organisasjonar og media i den vestlege verda, og organiserer til og med utdanning av journalistar i tråd med sine eigne verdiar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s