WEFs våte draum: Du skal eige ingenting og vere lykkeleg

I 1971 grunnla den tyske ingeniøren og økonomen Klaus Schwab World Economic Forum (WEF) – Verdas økonomiforum. Dette er ein milliardærklubb som samlar verdas mektigaste (og rikaste) menneske, mellom anna på deira årlege treff i Davos i Sveits. Deltakarane på dette forumet høyrer til den sokalla eliten som styrer verda. Kyndig detektivarbeid frå modige røyster fører verdas maktstruktur til to gigantiske selskap: Vanguard og BlackRock. Desse to selskapa er medeigarar i eit knippe store investeringsselskap som blant andre eig Netflix, Amazon, Microsoft, Walt Disney, CocaCola, Pepsi, AstraZeneca, Pfizer, BionTech og mange andre, blant anna avisa The New York Times. Vanguard og BlackRock sin enorme innflytelse på verda har tidlegare blitt skildra på Steigan. Saman med State Street framstår desse tre som ein «finansiell megakorporasjon». Legg merke til at Vanguard og BlackRock eig selskap innan media og vaksineprodusentar – Netflix, Microsoft, The New York Times og Pfizer har dermed same eigentlege eigar.

Desse to mektige selskapa er dei største økonomiske bidragsgjevarane til nokre av dei mektigaste nonprofit-organisasjonane i verda: Bill & Melinda Gates Foundation, Clinton Foundation, George Soros’ Open Society Foundation, GreenPeace, Verdas helseorganisasjon (WHO) og nettopp World Economic Forum. Desse organisasjonane set globale problem på verdsagendaen og kjem med løysingar på dei same problema. Dagens «pandemi» vart simulert av verdsleiarane både i 2012 og 2019, sistnemnde refert til som «Event 201».

Grunnen  til at ein ikkje høyrer om dette i massemedia, er at massemedia er kjøpt og betalt nettopp av dei same selskapa som eig størstedelen av selskapa i verda. Ved å formidle dette, ville massemedia altso ha handla i strid med interessene til sin arbeidsgjevar, og dermed blitt straffa for sin illojalitet gjennom tap av økonomisk støtte. I røynda er dette altso eit arbeidsforhold, som blir oppretthalde ved hjelp av ein særs komplisert maktstruktur. WEF er med på å halde ved like dette kompliserte maskineriet av styrtrike familiar, investeringsfond og digre bankar. Det er nettopp grunnen til at denne eliten møtest ein gong i året i Davos. WEFs grunnleggjar Klaus Schwab sin vison er å essensielt avskaffe nasjonar og sameine verdas land i éi global regjering under slagordet «Build Back Better». Han ser på «pandemien» som eit «sjeldant, men smalt vindauge av moglegheiter til å reflektere, re-førestelle seg og nullstille verda vår» (på engelsk reflect, reimagine and reset our world).

I ein nyleg artikkel frå Bindersinitiativet siterer eg følgjande (mi utheving):

«I Schwabs vidunderlige nye verden, så eier ingen av oss noen ting. Vi jobber for staten, i bytte mot bosted, helsetjenester og det som dekker våre grunnleggende behov. I følge WHF er alt dette nødvendig – fordi forbrukersamfunnet – som styres av ett knippe med institusjonelle investeringsselskap, ikke fungerer lengre. Innen 2030 skal vi bo i dette samfunnet – og vi skal være lykkelige. Agenda 2030 ble allerede i 2015, presentert av FN. Agenda 2030 er identisk med Schwabs The Great Resett [sic]; Sult, fattigdom, sykdom, skal utryddes totalt. Høres fantastisk ut. Helt til du leser det som står med liten skrift: Innbyggerne skal selv betale for dette. Så ved å gi i fra oss vår grunnleggende velferd og våre grunnleggende, naturgitte rettigheter til å styre eget liv, skal vi alle bidra til å utrydde sult og annen nød i verden. – Vi som sitter igjen med 1% av alle ressursene i verden skal altså gjøre dette.»

I denne Nye verdsordenen (New World Order) finst der med andre ord ikkje lenger nokon privat eigedomsrett, og heller ikkje retten til eit privatliv. Menneskerettar finst rett og slett ikkje lenger. Alle er slavar i alt anna enn ordet, fullstendig avhengige staten og dermed å rekne som statens eigedom. Dersom du ikkje eig noko som helst, trur eg ikkje du vil vere særleg lykkeleg.

Gjennom å rasere økonomien i dei fleste vestlege land ved hjelp av uvettige og uvitskaplege Covid-«tiltak», vil den globale eliten fort kunne gjere folk avhengige av staten i form av Covid-pakkar og andre støtteordningar til pandemiråka verksemder. Når alle privatverksemder til slutt uunngåeleg går konkurs, når arbeidarar over heile verda får sparken fordi dei nektar å ta «vaksinane», og kollaps i den internasjonale forsyningskjeden stoppar verdsmaskineriet, kan den globale eliten til slutt få frie hender til å innføre si nye verdsordning.

Dei vil ikkje berre fjerne folk sine jobbar. Dei vil òg ta frå dei heimane sine eller skvise dei ut av bustadmarknaden. BlackRock ser ut til å vere ein del av det eg kallar «eige-til-leige-strategien». I lengre tid har selskapet kjøpt opp bustader i USA til langt over prisantydning. Føremålet kan vere å drive bustadprisane i vêret, slik at vanlege folk ikkje lenger har råd til å kjøpe seg bustad. Då blir det einaste reelle alternativet å leige – truleg frå dei same mektige selskapa som har kjøpt opp alle bustader til overpris. Om dei då ikkje har råd til å leige, endar dei opp på gata. Med mindre Staten «barmhjertig» grip inn og innfører eit mellombels statleg forbod mot å kaste ut folk som ikkje lenger klarer å betale bustadlåna sine… Kanskje Staten til og med er so grei at han slettar gjelda di, sånn at du kan bli buande i heimen din? Du eig ikkje lenger ditt eige hus, og du lever på Statens nåde. Høyrest dette ut som eit lykkeleg liv?

«Pandemien» såg ut til å kome som sendt frå himmelen når det gjeld den globale eliten sine vondsinna planar om å innføre eit moderne føydalsystem. Enkelte meiner dette er langt frå tilfeldig.

Astrid Stuckelberger, ein professor og pandemiekspert med 30 års erfaring innan forskning, fortalde nyleg i eit intervju med Hemali at heile «pandemien» berre er løgn. Der har vore korrupsjon, juks med forskning og samstundes rekordmange dødsfall av vaksinane. Ifølgje professor Stuckelberger er koronavaksinane ikkje ein vaksine, men eit «bioteknologisk, syntetisk eksperiment» med det giftige stoffet grafén. Ho fortel vidare at NGOen (ein type organisasjon som ikkje er tilknytt regjeringa) GAVI (Global Alliance for Vaccine Immunization) har vore med på å utvikle Verdas helseorganisasjon (WHO) til ein ny type internasjonal organisasjon. GAVI ser ut til å sitje i førarsetet i WHO og har total immunitet. Leiaren i GAVI er tilfeldigvis Bill Gates, grunnleggjar av Microsoft og Bill & Melinda Gates Foundation. Det at han har «kuppa» WHO blir av den offisielle forteljinga avvist som ein «konspirasjonsteori».

International Facility Finance for Immunization – forkorta IFFM – er ei kontrakt som vart inngått av GAVI, Verdsbanken og WHO. Immunization («immunisering») er her eit anna ord for vaksinering (sjølv om dei sokalla koronavaksinane ikkje fører til immunitet!). Føremålet med IFFM er å vaksinere absolutt alle, og land over heile den vestlege verda «betaler til WHO, Verdensbanken og GAVI for å utføre sine programmer for immunitet.» Av dette konkluderer professor Stuckelberger at heile «pandemien» var planlagt – altso ein plandemi. Dette avviser igjen den offisielle forteljinga som ein «konspirasjonsteori», i tråd med instruksar frå sine eigentlege overordna i Vanguard og BlackRock.

Media er med andre ord kjøpt og betalt av dei multinasjonale selskapa, som professor Stuckelberger kallar internasjonale piratar. Helsesektoren er på same måte betalt for å fremje feilinformasjon slik som at «vaksinane» er trygge og effektive, at PCR-testar er pålitelege, at Covid-tiltak er høgst nødvendige, at medisinar som ivermectin ikkje fungerer, og at dødsfall skuldast Covid sjølv når det openbert ikkje er tilfelle. Viktigast av alt held den offisielle forteljinga fast på at «vaksinane» er einaste veg ut av «pandemien», og at alle må gjere si plikt for fellesskapet, og for å beskytte dei svakaste i samfunnet.

Kor lenge meiner professor Stuckelberger at denne ukritiske og uvørne massevaksineringa vil halde fram? Pandemieksperten seier kort og greitt at talet vaksinedosar er åtte. Det er nemleg det talet dosar som er kjøpt opp. I sofall er dette dystre nyheiter. Mykje tydar allereie på at folk flest rett og slett ikkje vil overleve å få åtte dosar med eksperimentell, giftig mRNA-teknologi i kroppen. Og dei som nektar, risikerer ikkje berre å få øydelagt sitt gode namn og rykte eller bli stengt ut av samfunnet – dei risikerer arbeidsløyse, armod og ei særs uviss framtid.

Om WEF og den globale eliten får det som dei vil, kjem menneskeheita til å oppleve ei dyster framtid som ikkje kjem til å bli særleg lang. Ein ser per dags dato ut til å ha valet mellom å bli ufør eller døy av mRNA-sprøytene eller bli offer for rein og skjer ostrakisme.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s