Omikron og globalistane si totalitære spelebok

Av Mike Adams, Natural News. Omsett av saksyndig.

Mediahysteriet rundt omikron-«varianten» er rein fiksjon. Det er ingenting anna enn ein psykologisk terrorismeoperasjon à la Orwells «1984», som har blitt konstruert for å halde verdas befolkning slavebundne og lydige medan terrorist-regjeringane utfører sine program for folkemord og global avfolking.

Det vondskapsfullt geniale med denne forteljinga er at ho ikkje krev noko bevis i det heile. Sidan ingen faktisk kan sjå ein «variant» – og sidan ingen isolerte omikron-virusprøver eksisterer nokon stad i verda for å bli bekrefta i laboratorium – implanterer rett og slett ein koordinert massemedia-hysterikampanje den menneskelege bevisstheita med illusjonar om omikron, akkompagnert av ekstrem frykt.

Til dags data har ingen i USA blitt diagnostisert med varianten, og ingen har døydd av den nokon stad på planeten. Likevel, takka vere massemedias journalist-terrorisme, misser no halve USA hovudet på grunn av noko som sannsynlegvis ikkje eksisterer. «Omikron» er nesten heilt sikkert ein koordinert fabrikasjon.

Likevel, ut av ingenting, har media greidd å programmere befolkninga til å misse vit og forstand når dei høyrer ordet «mutasjonar». Sjølv om tilfeldige mutasjonar i genetisk materiale finn stad bokstavleg tala millionar av gonger kvar dag i kvart menneske sin eigen kropp, er «mutasjonar» plutseleg det mest skremmande ein kan tenkje seg, ifølgje det hyperventilerande media (som er grunnen til at eg kallar omikron ein «scariant», ikkje ein variant [av scare, ‘skremme’; oms.an.]).

Dei siste to åra har globalistar bekrefta at FRYKT, ikkje «vitskap», er deira ultimate kontrollmekanisme over menneskeheita

Hugsar du når vi alle i 2020 vart fortalt at dersom berre 60-70% av landet vart einige om å ta to stikk, kunne alt vende tilbake til normalt og Covid ville vere over? Det heile var ei kalkulert løgn frå starten.

Løgna lova fridom dersom folk berre samtykte, men det som det leverte var tyranni og frykt… saman med endelaus lydigheit til regjeringsframtvinga vaksinesamtykke.

Det som 2020 og 2021 no har bevist til skamme for globalistane, er at frykt er deira ultimate våpen mot menneskeheita. Gjennom bruken av koordinert frykt, kan dei overbevise om lag halve verdas befolkning om å bli injisert med dødelege piggprotein-genterapisprøyter som vil ta livet av dei over tid. Beleilegvis kan alle desse dødsfalla bli skulda på noko anna – som kreft – og dermed unngå at skuld blir retta mot vaksinane.

Forresten, kvifor er det allereie 29 gonger so mange dødfødde babyar? Som Steve Kirsch skriv på Substack.com:

«Det er ein 29-gongers auke i talet nyfødde babyar i Waterloo, Ontario som starta etter at vaksineprogrammet vart rulla ut. Alle mødrene til dei dødfødde var vaksinerte…

Ja, dette er ein big deal. Men ingen lyttar. Hjarterisiko kan gå tusen gonger opp og det vil ikkje spele noka rolle. Ingen høyrer etter.»

Psykologar veit veldig godt at når frykt blir kombinert med sanseoverbelastning (til dømes for mange nyheiter, for mange stemmer, motstridande rapportar, osv.), rettar folk automatisk merksemda mot kva som enn passerer for ein autoritet. Deira rasjonelle sinn stengjer fullstendig ned, og dei kan ikkje lenger utføre kritisk tenking. Når dei so er tilstrekkjeleg mørbanka av ustanseleg frykt, leier verdas regjeringar dei i flokk til vaksinestasjonar for deira lydige avfolkingssprøyter. Med ei side riven rett ut av Stanford Prison-eksperimentet, forvandlar dei lydige vaksinemottakarar til samfunnsmessige «fengselsvakter» / handhevarar som krev at alle andre blir injisert med det same heksebrygget, elles…

Dette er grunnen til at so mange vaksinerte har blitt om til rasande galningar som prøver å tvinge sine dødssprøyter på alle rundt seg (og kanskje et vaksine-prionane hjernane deira òg, og forårsakar aggressive personlegdomsendringar…).

Ti spådommar om korleis omikron-hysteriet vil bli utnytta av terrorist-regjeringar til å få fortgang i deira nedrige folkemord mot menneskeheita

Dei siste månadene har eg offentleg spådd sleppet av ei ny, meir skremmande biovåpenforteljing. Den koordinerte massemedia-omikron-tørninga var lett å føreseie, og mange av oss i alternative media har i videoar og podcastar spådd nøyaktig dette.

Men kva vil dei gjere vidare? Det er òg veldig lett å sjå, sidan alt kjem frå den same speleboka som Covid. Omikron-hysteri vil bli aggressivt pusha og brukt på kvar tenkjelege måte for å oppnå totalitær kontroll over massane, som deretter vil bli stilt opp på rekkje og rad og tekne til dødsleirar for effektiv utrydding.

Her er mine ti spådommar for omikron og 2022:

  1. Omikron-variant-hysteri vil bli brukt til å nullstille alle vaksinepass, noko som vil tvinge folk til ein heilt ny runde med vaksinar for denne nye varianten. Dei som er dumme nok til å gå med på å få omikron-variant-vaksinar vil samstundes godta ein endelaus serie av piggprotein-biovåpen-injeksjonar, som til slutt vil drepe dei.
  2. Omikron-hysteri vil bli utnytta til å rettferdiggjere aggressive vaksinemandat, og krevje at denne «nye unntakstilstanden» overstyrer alle menneskerettar, medisinsk fridom og kroppsautonomi.
  3. Sjølv om omikron-varianten so langt berre har blitt funnen i fullvaksinerte, vil det lygande media leggje skulda på opphavet på dei uvaksinerte.
  4. Omikron-varianten vil bli brukt som ei dekkhistorie av media for å prøve å bortforklare alle tilfella av dødsfall av antistoff-avhengig forsterkning forårsaka av Covid-vaksinane. Sjølv om vaksinerte døyr i større tal, vil media skulde dei uvaksinerte (sjå punkt 3), og krevje at uvaksinerte blir fullstendig stengt inne og nekta tilgang til samfunnet.
  5. Omikron-hysteri vil bli brukt til å prøve å kriminalisere dissens mot vaksinane, mandat, regjeringas «makt» eller dei Covid-kriminelle bak gain-of-function-forsking, slik som Anthony Fauci. Alle slike avvikande ytringar vil bli klassifisert som ein «fare for samfunnet», og dei som kjem med slike ytringar vil bli skulda for å drepe folk.
  6. Massehysteri pusha av journalist-terrorist-media vil berettige guvernørar til å beordre fleire nedstengingar, noko som fører til fleire forsyingskjedekollapsar, produktmangel og prisinflasjon.
  7. Dersom media kan pushe omikron-hysteriet med nok villskap, vil det bli brukt til å anten avlyste mellomvalet i 2022 eller krevje universell stemmeavgjeving via post, jamfør dei «ekstreme farane» ved å gå ut blant folk.
  8. Kvar økonomisk fadese forårsaka av det inkompetente, kriminelle Biden-regimet vil bli skulda på omikron. Denne imaginære «varianten» blir med éin gong syndebukken for skyhøge energiprisar, forsyningsmangel og tomme butikkhyller. Media vil skulde alt på omikron, og dei vil gje dei uvaksinerte skulda for omikron.
  9. På eit eller anna tidspunkt vil anten omikron-varianten eller den neste som er sluppe laus bli brukt til å rettferdiggjere dør-til-dør-tvangsvaksinering i USA, saman med medisinsk kidnapping for dei som gjer motstand, der dei blir tekne til Covid-konsenstrasjonsleiarar for effektiv utrydding. (Denne praksisen har allereie byrja i Australia, der militæret kidnappar urfolk og bruker skytevåpen til å truge dei med seg til leirar).
  10. Omikron vil ikkje vere den siste varianten som er brukt til å mane fram massehysteri og multimilliardutbetalingar frå regjeringa til Big Pharma. Denne scamdemic (av scam, ‘svindel’) vil bli gjenteken kvart år eller noko sånt, for all æve, so lenge folk forblir i frykt og følgjer etter.

Kommentar frå saksyndig: Mike Adams kan få sagt det. Sjølv har eg funne eit nytt ord på Covid-«pandemien», som liknar veldig på scamdemic: Skamdemien.

For alt relatert til Covid er ei einaste stor skam.

Skam på dei som igangsette denne krigen mot menneskeheita.

Skam på alle regjeringar, media og personar som med flammande iver har fronta og forsvart Den offisielle forteljinga.

Skam på dei som utan å nøle har utført ordrar som lyste av vondskap, når dei alle visste betre.

Skam på alle maktpersonar som gjennom nedstengingar har øydelagt livsverka til hardtarbeidande menneske.

Skam på alt helsepersonell som har injisert friske menneske med mRNA-injeksjonar som har teke eller øydelagt liva deira.

Skam på alle faktasjekkarar som gjennom sine ærekrenkjande svertekampanjar har øydelagt anerkjende forskarar og ekspertar sine gode namn og rykte.

Skam på alle arbeidsgjevarar som har innført apartheid mellom vaksinerte og uvaksinerte, og skam på dei som har sparka uvaksinerte ut i arbeidsløyse og ei uviss framtid.

Skam på alle venner som har late uvaksinerte venner i stikken.

Skam på alle familiar som har frose ut sine uvaksinerte medlemmer.

Skam på dei som har valt feil side i denne krigen mot menneskeheita.

For at vondskap skal triumfere, er det nok at gode menneske ikkje gjer noko for å stoppe den. Det som fyrst ser ut som enklaste utveg, kan fort bli om til eit mareritt verre enn nokon kan førestelle seg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s