Den moglege grunnen til at folk friviljug gjev avkall på fridom

Eit vilkår for ein psykologisk tilstand kalla masseformasjon (engelsk mass formation) blir i ein nyleg artikkel av dr. Joseph Mercola nemnt som vilkår for totalitarianisme, og grunnen til at folk friviljug gjev frå seg retten til fridom.

Mercola skriv at det sentrale vilkåret for at masseformasjon skal finne stad, er mangel på sosiale band. Med andre ord sosial isolasjon i massiv skala, noko som nøyaktig er det lockdowns/nedstengingar handlar om. Men sjølv før pandemien var sosial isolasjon historisk høg.

Det andre vilkåret er at størstedelen av folket må oppleve livet som utan mål og meining.

Det tredjevilkåret er ei vid spreiing av sokalla fritt-flytande angst og fritt-flytande misnøye. Dette refererer til misnøye og angst som ikkje har nokre openberre eller spesifikke årsaker. Angst utan nokon openberr grunn høyrest i mine øyre mistenkjeleg ut som generalisert angstliding.

Det fjerde vilkåret er fritt-flytande frustrasjon og aggresjon, som har tendens til å naturleg følgje dei tre nyss nemnde vilkåra. Igjen har frustrasjonen og aggresjonen ingen spesifikk grunn.

Når desse fire tilstandane dermed blir spreidd vidt nok, kan masseformasjon finne stad. Dette lét totalitarianisme oppstå og trivast. Ein nøkkelstrategi for å bryte ut av masseformasjon og hindre totalitarianisme, er at dissidentar samlar seg i éi stor gruppe, noko som gjev dei som sit på gjerdet og ikkje enno er fullstendig hypnotisert eit alternativ til å slutte seg til dei totalitære. Ein annan måte er å snakke høglytt ut om det totalitære regimet, ettersom dette er slik alt det grusomme blir begrensa.

Det er Mattias Desmet, professor i klinisk psykologi ved Ghent-universitet i Belgia, som meiner dette. Desmet har òg mastergrad i statistikk, og har analysert materiale som er gjort under Covid-pandemien. Han fann merkelege avvik, som fekk han til å innsjå at det globale samfunnet er i ferd med å gå inn i ein tilstand av masseformasjon, ein type «kollektiv hypnose» som trengst for at eit totalitært regime kan oppstå.

Desmet oppdaga fort at noko ikkje stemte med den offisielle forteljinga sine påstandar at nedstenging for å hindre virus, var basert på «vitskap». Han fann ut at det stikk motsette var tilfellet. Til dømes hevda Imperial College i London at dersom Sverige ikkje stengde ned, ville 80 000 døy innan mai 2020. Sverige stengde som kjent ikkje ned, og i slutten av mai hadde berre 6 000 døydd med Covid-19-diagnose. Alle sa at koronavirustiltak var basert på matematiske modellar og vitskap. Likevel vart det grunding bevist at modellane var fullstendig feil, men tiltaka heldt fram som om ingenting var gale og modellane var riktige. Ingen leiande politikarar tok heller kost/nytte-analyse med når dei innførde tiltaka, og ignorerte fullstendig dei alvorlege økonomiske konsekvensane. Når vitskap og til og med økonomi såg ut til å ha blitt fullstendig fjerna frå reknestykket, vart dette av Desmet tolka som at det heile gjekk føre seg på eit psykologisk nivå.

Etter eit par månader skjønte endeleg Desmet kva som eigentleg gjekk føre seg. Samfunnet var forheksa av massehypnose – eller masseformasjon. I eit samfunn der alle vart bedne om å halde avstand og unngå andre menneske (til og med eigen familie) under trugselen om at slik normal, menneskeleg åtferd kunne drepe dei. Enkelte utvikla smitteangst og sperra seg inne i sine eigne heimar i lang tid. Om ein person hadde gjort slikt so nyleg som 2019, hadde vedkomande raskt blitt sett på som ein hypokonder eller ein agorafobikar. Covid-19-tiltaka forsterka ein allereie aukande trend av framandgjering og isolering i samfunnet, spesielt blant unge vaksne. Kimen til den ekstreme Covid-19-isolasjonen låg allereie i det vestlege samfunnet, kan det verke som.

Mange i Vesten bar i 2019 allereie på kjensla av at livet deira mangla mål og meining. Mange gjekk biletleg tala i søvne gjennom livet, gjerne i meiningslause jobbar, sokalla bullshit jobs. I tillegg sleit mange med angst og misnøye som ikkje hadde openberre grunnar. Det var rett og slett karrieremessige og eksistensielle utfordringar der. Det var i tillegg ein frustrasjon og eit sinne som heller ikkje hadde nokon openberr grunn. Folk var redde, sinte og mangla lidenskap – ikkje akkurat ein god kombinasjon.

Det var nesten som om det vestlege samfunnet i slutten av 2019 bad om at det måtte kome totalitære tiltak som tvinga dei til å isolere seg. Desmet meiner at masseformasjonen som Covid-19-tiltaka bragte med seg, gav slike redde, sinte og lidenskapslause menneske eit trygt rammeverk. Dei fekk klare (?) reglar å forholde seg til, nett som ein redd og usikker unge føler seg tryggare når foreldra er strenge med han. Ved å bli overstyrt av ein stadig meir totalitær stat, følte dei paradoksalt nok at dei sat i førarsetet igjen, at dei ved å i praksis bli umyndiggjort følte at dei «bestemte». Alle hadde no same fienden, Covid-19, og dei slutta seg saman i ein heroisk kamp mot den mentale representasjonen for sin eigen angst.

Desmet meiner dette forklarer kvifor so mange har slukt ei klart ulogisk forteljing, og kvifor dei går med på tiltak sjølv når dei er fullstendig absurde.

Den franske sosial-psykologen Gustave Le Bon, anerkjent for sine studiar om grupper, sa:

«Massane har aldri tørsta etter sanning. Dei snur seg vekk frå bevis som dei ikkje likar, og føretrekkjer å guddomleggjere feil dersom feil forfører dei. Den som kan forsyne dei med illusjonar blir enkelt herren deira; den som prøver å øydeleggje illusjonane deira blir alltid offeret deira.»

Med andre ord, alle som taler i mot den offisielle forteljinga (med andre ord, fortel sanninga), blir difor på rein refleks rekna som fienden. Dei blir uthengt som «høgreekstreme konspirasjonsteoretikarar» og utfryst frå det gode selskap, om dei då ikkje blir beint fram forsøkt uskadeleggjort.

Desmet meiner at Nazi-regimet fekk makt på bakgrunn av dette psykologiske fenomenet kalla masseformasjon. Folk deltok viljug i alt det fæle nazistane gjorde på grunn av den psykologiske tilstanden samfunnet var i, ikkje fordi dei frykta sin leiar, Adolf Hitler.

Klassiske diktatur og totalitarianisme oppstår derimot av ulike årsaker. Som hovudregel, i eit klassisk diktatur, blir diktatoren mildare og mindre aggressiv etter kvart som opposisjonen blir stilna. Når han har oppnådd fullstendig makt, treng han ikkje lenger å vere aggressiv, og kan ta i verk andre måtar å oppretthalde kontroll.

Det motsette skjer i totalitære statar. Der utfører staten sine verste overgrep når opposisjonen er stilna. Dette ser ein både i regimet til Stalin og det til Hitler. Nazi-regimet byrja fyrst si Endlösung (Holocaust; massedrap av jødar i konsentrasjonsleirar) på midten av 1930-talet, når all opposisjon hadde blitt fjerna. Det same gjorde Stalin med sin ‘reinsingsplan’ på same tid, som førde til 80 millionar drepne på eit tiår.

Av den grunn meiner Desmet at det er kritisk viktig at opposisjonen rundt Covid-19 aldri stilnar, ettersom ein då vil sjå langt verre overgrep enn dei som allereie skjer. Måten å unngå at menneskeheita blir offer for global totalitarianisme, er å stadig utfordre den offisielle forteljinga med fakta. Det verste ligg framfor oss om vi held kjeft. Stalin, etter å ha drepe alt av motstand, byrja til slutt å gå til åtak på sine eigne, lojale kommunistpartmedlemmer.

Dette vil til slutt skje med oss òg. Om ein (Gud forby!) utryddar alle kritiske stemmer, vil alt bli mykje, mykje verre. Sjølv om du er fullvaksinert og lydig tek alt staten tilbyr deg av oppfriskningsdosar, og sjølv om du ønskjer død og dommedag over alle som ikkje vil late seg injisere, vil det kome ein vakker dag der regimet vender seg mot deg. Dei finn alltids ein grunn til å gjere deg til offer for sin vondsinna agenda.

Lagnaden til dei som blir offer for masseformasjon og omfamnar totalitarianisme, er nemleg at dei til slutt ofte friviljug går i døden fordi dei meiner dei fortener det. Mange av Stalin sine partimedlemmer godtok dødsdommen sin, sjølv om det var ingen openberr grunn bak den.

Dette er drap på menneskesinnet, menticide på engelsk. Rasjonell tenking er forsvunne, og gjer at ein sluker rått kvar ei forteljing utan evnen til å tenkje kritisk. Om den offisielle forteljinga ein vakker dag fortel deg at du, foreldra dine eller ungane dine må døy i solidaritet med dei svakaste i samfunnet, vil du meine at dette er både rett og rimeleg. Det ser ein allereie no, i og med at foreldre viljug tek med ungane sine for å få dei injisert med noko som kan gjere dei sterile, ufør eller ta livet av dei.

Eit viktig poeng å få med seg, er at det er typisk berre 30% av menneska i eit totalitært samfunn som faktisk er under hypnosen masseformasjon. 40% følgjer i sin tur programmet, sjølv om dei ikkje er overbevist. Dei ønskjer ikkje å skilje seg ut ved å gå mot den dominerande straumen. Dei gjenverande 30% er ikkje hypnotisert og ønskjer å vekkje opp resten.

Hovudstraumsmedia er kjøpt og betalt av den globalistiske eliten. All Covid-19-relatert informasjon frå dei er dermed propaganda. Gjennom media har eliten greidd å skape masseformasjon. Ein må difor skape parallelle strukturar. Då YouTube byrja å fjerne videoar som sa i mot Forteljinga, oppretta opposisjonen alternative sider som Rumble, Bitchute, Odysee og Brighteon. Gab og MeWe vart alternativ til tungt sensurerte Facebook. Alternative media er viktigare enn nokosinne, ettersom det er her ein finn sanninga. Dei glir inn i det totalitære samfunnet, men er moralsk på utsida av det. Dette blir dermed ei trygg hamn der den totalitære galskapen ikkje rår.

Ifølgje Desmet vil eit totalitært regime døy av seg sjølv til slutt. Det tek berre tid, og det vil som regel vere få overlevande igjen. Denne nye globale totalitarianismen er meir ustabil enn dei tradisjonelle diktatura, meiner Desmet – so det kjem til å øydeleggje seg sjølv raskare. I mellomtida er sjølve nøkkelstrategien for å overleve, å rett og slett vere på utsida av systemet medan vi ventar på at det skal falle saman som eit ròte, gammalt hus.

Global totalitarianisme er eit uhyrleg eksperiment som er dømt til å mislykkast. Det vil slutte seg til nazisme og kommunisme på gravlunda for havarerte politiske ideologiar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s