Mangelen på uavhengig tenking

Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.

Eg synest det er særs urovekkjande at folk som du trudde var i stand til å tenkje sjølvstendig, viser seg å vere nett som ein drone som manøvrerer seg gjennom livet utan peiling. Geraldo Rivera presterte faktisk å seie: «Om eg er på rommet ditt med barnebarna mine som ikkje er vaksinerte fordi dei er for unge, og du nyser på barnebarna mine, kan det vere eit brotsverk. Det er absolutt so egoistisk.»

Kanskje Geraldo har mislykkast i å forstå nyheitene om at det å vere vaksinert ikkje beskyttar deg frå å få Covid, ei heller beskyttar det deg mot å spreie Covid. Dei fire diplomatane som tok med seg omikron til Hong Kong var vaksinerte. Ifølgje Geraldo sin logikk, er det greitt å gje Covid til barnebarna hans dersom du er vaksinert, men dersom du er uvaksinert, er same handlinga eit brotsverk? Det er lett å skjøne korleis Hitler fekk folk til å hate jødane.

Lat meg gjere det klinkande klart: familien min hadde Covid, og barnebarna, som var under ti, hadde kanskje i verste fall rennande nasar medan foreldra deira var sjuke i om lag ti dagar. I den andre familiegruppa hadde ein forelder Covid og var òg ute av lage i om lag ti dagar, medan den andre ikkje fekk det – i det same huset. Det same med barn under ti. Eg òg hadde truleg Covid, sjølv om eg testa negativt fem gonger, og to legar sa at eg hovudsakleg hadde det fordi testane ikkje er gyldige.

Eg har jobba med mange statar rundt om i verda i førti år. So fort politikk kom inn i Covid, forsvann all sanning. Ingen statar vil nokosinne innrømme at dette var ei tabbe. Dersom vaksinane gjer folk sterile eller gjev dei hjarteproblem, vil statar aldri innrømme nokon biverknader. Sjølv Gates innrømte at dersom dei vaksinerte heile verda, ville rundt 700 000 menneske døy. Det er verkeleg. Same kva slags vaksine, vil det vere folk med kroppar som avviser dei.

Naboane mine tok vaksinen fordi det skulle finne stad ein familiefest på eit cruiseskip. Han var OK, men kona hans, som var under tretti, døydde nesten. Ho vart frakta til sjukehuset i ambulanse. Etter rundt ei veke kom ho seg. Dette er livets fakta. Ikkje alle er like, og vaksinane burde ikkje bli obligatoriske ettersom dei set enkelte liv i fare. Det er «egoistisk» å forlange at alle blir vaksinert og set liva sine i fare for deg. Dersom du blir vaksinert og deretter påstår at uvaksinerte set livet ditt i fare, tydar det at vaksinane ikkje fungerer.

So dersom du trur at staten verkeleg bryr seg, er du ein tosk. Digitale pass har ingenting å gjere med helsa di for ein sjukdom som ein har 99% sjanse for å overleve. Som ein har avdekt i Storbritannia, er alt om deg i det passet, frå utdanning til finansiell status. Covid-passa er måten å få folk 100% på nettet og oppsporbare. Å, kva for dårar dei fleste dødelege ser ut til å vere. Biden har blitt tvinga til å utsetje vaksineplikta for føderale arbeidarar til 1.januar.

Kommentar frå saksyndig: Det er elementær sjukdomslære at naturleg immunitet overlegent trumfar det vesle (om noko) som måtte finnast av «beskyttelse» i mRNA-sprøytene. Har ein hatt Covid og blitt frisk frå det (slik som Armstrong og hans familie), er ein immun mot framtidig eksponering, inkludert kva enn slags variant som den globale eliten måtte dikte opp. At naturleg immunitet ikkje gjev grøne Covid-pass (medan ikkje-fungerande «vaksinar» gjer det) burde få varselsbjøller til å ringje hjå mentalt oppegåande menneske som framleis har evna til å tenkje sjølvstendig. Då er det verre med det store fleirtalet som ikkje ser ut til å vere i stand til det. Aner vi ein historisk unik auke i kandidatar til Darwin Awards?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s