Løgnimperiet bryt saman: stygge sanningar som djupstaten ønskjer å halde skjult

Av John W.Whitehead og Nisha Whitehead. Artikkelen er henta frå The Rutherford Institute. Omsett av saksyndig.

«Verda er ein farleg stad, ikkje på grunn av dei som gjer vonde handlingar, men på grunn av dei som står og ser på og gjer ingenting.» – Albert Einstein

USA bryt saman.

Dette samanbrotet – utløyst av polariserande sirkus-politikk, media-fôra massehysteri, rasisme, klassisme, fascisme, skremselspropaganda, politisk korrektheit, kulturell sanering, dydssignalisering, ei kjensle av vonløyse og maktesløyse i møte med veksande statskorrupsjon og brutalitet, eit veksande økonomisk skilje som gjer at befolkninga strevar for å få endane til å møtast, og militarisering og militainment (av military og entertainment; salet av krig og vald som underhaldning) – manifesterer seg i galskap, skadeverk og ei raknande likesæle for sjølve prinsippa og fridommane som har halde oss ute av totalitarianismen sitt kvelartak i so lang tid.

I New York City, til dømes, skal ei 200 år gammal statue av Thomas Jefferson som held Uavhengigheitserklæringa bli fjerna frå bystyret sine kammers, der ho har stått sidan 1915. Trass Jefferson sine mange betydelege bragder, som gjer at vi har dei rettane vi har i dag, vil han bli bannlyst for å ha vore, som mange i hans dagar, ein slaveeigar. Merkeleg nok har ein enno til gode å bruke denne brutale forventninga om ufeilbarlegheit på mange andre politisk korrekte (og like uperfekte og feilbarlege) rollemodellar i vår tid.

I Washington, DC, tala eit tribunal av ni menn og kvinner med éi stemme for å bekrefte at staten og hans handlangarar bokstavleg tala kan sleppe unna med mord og ikkje bli haldne ansvarlege for deira handlingar. Høgsteretten sine siste domsavseiingar er nok ein smertefull leksjon i lydigheit, ein påminnar om at i den amerikanske politistaten lever «vi, folket» på nåden til lovas utøvande betjentar som har nesten absolutt mandat til å bestemme kven som er ein trugsel, kva som utgjer motstand, og kor hardt dei kan handsame borgarar som dei vart utpeikte til å «tene og beskytte».

I heile landet, frå California til Connecticut og alle stader mellom, blir menn og kvinner som har arbeidd trufast og grundig i jobbane sine i årevis oppsagt for å våge å tru at dei har rett til kroppsleg integritet; at dei ikkje bør bli tvinga, mot deira samvit eller betre vetande, til å velje mellom individuell fridom og økonomisk overleving; og at dei – og ikkje staten, eller FDA, eller CDC – har herredøme over kroppane deira. Beleileg nok har denne Covid-19-pandemien skapt nok ein dobbeltstandard i korleis «vi, folket» navigerer dette landet: medan «vi, middelklassane» er gjenstand for vaksinemandat og til og med nekta retten til å vere skeptiske til opphavet til Covid-viruset, for ikkje å snakke om effektiviteten av den sokalla kuren, har staten, aksjeselskapa og dei farmasøytiske selskapa blitt skjerma frå strafferettsleg ansvar ved hjelp av immunitetslover som sikrar at vi er lite meir enn forsøkskaninar for deira tvilsame eksperiment.

Og so, i Pennsylvania: Ein mann som reiste med pendlartog trakasserte, gjekk til åtak på og deretter valdtok ei dame i 40 minutt gjennom meir enn to dusin stopp på ruta, medan andre reisande, som såg på og filma overgrepet, gjorde ingenting. Ikkje eit einaste vitne ringde 911 [naudnummeret, oms.an.]. Ikkje ein einaste tilskodar greip inn for å hjelpe dama. Trass i at mannen lett kunne ha blitt overmanna av dei andre på toget, vart ingen kollektiv innsats lagt ned for å stoppe åtaket. Berre når det var for seint, når skaden allereie hadde blitt gjort og toget hadde kome til endestoppet, kom politiet og greip inn.

Der er ein allegori her for det som skjer med landet vårt og borgarane her, som har blitt overfallne av galningen (Djupstaten), kledd nakne av sine tryggleiksnett (rettane deira underminerte og eroderte), og skamfarne ute i ope lende av ein djevel (den amerikanske politistaten og deira mange operatørar – domstolane, lovgjevande forsamlingar og deira ulike hærar), som er tomme for menneskelegheit medan dei som ikkje er i den umiddelbare skotlinja på trygg avstand står og ser på utan å gjere noko for å hjelpe.

Dette er galskap, men der er likevel system i denne galskapen.

Dette er korleis fridom fell og tyranni stig fram.

Hugs, autoritære regime byrjar stegvis: over-kriminalisering, overvaking av uskuldige borgarar, fengsling for ikkje-valdelege – offerlause – brotsverk, osv. Bit for bit ser borgarskapet fridommen sin forsvinne og bli underminert på grunn av nasjonal tryggleik. Og sakte byrjar befolkninga å underkaste seg.

Ingen snakkar for dei som blir gjort om til mål.

Ingen gjer motstand mot desse mindre undertrykkingshandlingane.

Ingen gjenkjenner indoktrineringa til tyranni for det som det er.

Historisk har denne manglande evna til å snakke sanning til makt resultert i at heile befolkningar har blitt kondisjonert til å tolerere unemneleg vondskap mot medmenneska sine, eit tilskodarsyndrom der folk forblir stille og uengasjerte – nettopp tilskodarar – i møte med ufyseleg, grov urett.

Tidas fylde har isolert oss frå valden utført av fortidige regime i deira jakt på makt: krossfestinga og slaktinga av uskuldige gjort av romarane, torturen gjort av Inkvisisjonen, alt det fæle som nazistane gjorde, fascistane sine nedslaktingar, kommunistane sitt blodbad, og dei kaldblodige krigsmaskinene som kom frå det militære industrielle komplekset.

Vi kan skape mental avstand frå slik vald. Vi kan overbevise oss sjølve om at vi på ein eller annan måte er ulike frå offera av statleg misbruk. Vi kan halde fram å spy ut tom politisk retorikk om kor fantastisk USA er, trass bevis på det motsette.

Vi kan unngå ansvar for å stille staten til rekneskap.

Vi kan forsegle leppene våre og binde hendene og lukke auga.

Med andre ord kan vi halde fram å eksistere i ein tilstand av fornekting. Likevel kan ein ikkje nekte for dei stygge, vanskelege sanningane som kjem meir og meir fram i lyset for kvar dag som går.

  1. Staten er ikkje din venn. Den jobbar heller ikkje for «oss, folket».
  2. Våre sokalla folkevalde representerer faktisk ikkje oss, borgarskapet. Vi er no styrt av ein oligarkisk elite av statlege og korporative interesser som hovudsakleg finst for å vidareføre makt og kontroll.
  3. Republikanarar og demokratar likar å oppføre seg som om der er ein stor skilnad mellom dei og deira politikk. Dei er derimot ikkje erkefiendar, dei er heller medsamansvorne, eina i eit felles mål, som er å oppretthalde noverande status.
  4. Det minste av to vonde er framleis vondt.
  5. For nokre år sidan stilte ei nyheitsoverskrift spørsmålet: «Kva er skilnaden mellom ein politikar og ein psykopat?» Svaret, då som no, er framleis det same: Ingen. Det er so godt som ingen skilnad mellom psykopatar og politikarar.
  6. Meir enn terrorisme, meir enn innanlandsk ekstremisme, meir enn våpenvald og organisert kriminalitet, har den amerikanske staten blitt ein større trugsel mot livet, fridommen og eigedommen til deira borgarar enn alle dei andre sokalla farane som staten påstår å beskytte oss mot.
  7. Staten veit nøyaktig kva knappar den skal trykkje på for å manipulere folket og vinne deira samarbeid og samtykke.
  8. Dersom det å stemme utgjorde nokon skilnad, hadde dei ikkje late oss gjere det.
  9. USA sin skuggestat – som består av uvalde statlege byråkratar, selskap, entreprenørar, papir-flyttarar og knapp-trykkjarar som er dei som eigentleg bestemmer bak scena akkurat no og opererer utafor rekkjevidde av Grunnlova med ingen verkeleg ansvar overfor borgarskapet – er den verkelege grunnen til at «vi, folket» har ingen kontroll over staten vår.
  10. Du treng ikkje lenger vere fattig, svart eller skuldig for å bli handsama som ein kriminell i USA. Alt som trengst er at du tilhøyrer klassen av mistenkte – det vil seie, borgarskapet – til den amerikanske politistaten. Som ein de facto medlem av denne sokalla kriminelle klassen, er kvar amerikanske borgar no skuldig til det motsette er bevist.
  11. «Vi, folket», er ikkje lenger beskytta av lova. Ved å gradvis skjere vekk fridommen vår – ytringsfridom, rett til forsamling, rettstryggleik, privatliv, osv. – har staten i praksis frigjort seg sjølv frå sin inngåtte kontrakt om å respektere våre grunnlovsfesta rettar, og stille kalenderen tilbake til ei tid då vi ikkje hadde lover som beskytta oss frå statens lange arm.
  12. Privat eigedom tydar ingenting dersom staten kan ta frå deg heimen din, bilen din eller pengane dine for den minste filleting, det vere seg inndragsordning for aktiva, ekspropriering eller forfallen eigedomsskatt. Likeins tydar privat eigedom lite i ei tid der SWAT-team og andre som handlar på statens vegner kan invadere heimen din, slå inn døra di, ta livet av hunden din, såre eller drepe deg, skade møblementet ditt og terrorisere familien din.
  13. Vi er no fanga i skotlinja i ein tvikamp mellom rettane til individet og den sokalla «unntakstilstanden», og «vi, folket» taper.
  14. Alle fridommane vi held kjært – dei som er nedfelt i Grunnlova, dei som stadfestar retten vår til ytring og forsamling, rettstryggleik, privatliv, kroppsleg integritet, vern mot at politiet tek eigedommen vår utan ei rettskjenning, eller ransake og halde oss fast utan gyldig grunn – utgjer ingenting når staten og deira representantar kan sjå vekk frå desse forboda mot statleg overtramp når dei måtte ønskje.
  15. Dersom det er ein absolutt maksime som den føderale staten ser ut til å operere under, er det den at den amerikanske skattebetalaren alltid blir lurt.
  16. Fridommane våre – spesielt Fourth Amendment – held fram med å bli trakka på av eit rådande syn blant statlege byråkratar at dei har rett til å ransake, halde fast, kle naken, skanne, spionere på, analundersøkje, skyte med elektrosjokkpistol på og arrestere kven som helst når som helst for den minste provokasjon.
  17. Tvangsvaksinering, tvangsundersøking av kroppens holrom, tvinga kolonoskopiar, tvangsblodprøver, tvinga måling av pusten for alkoholnivå, tvinga DNA-prøvar, tvinga augeskanningar, tvangsinkludering i biometriske databasar: dette er berre nokre av måtane der amerikanarar blir minte på at vi har ingen kontroll over det som skjer med kroppane våre under eit møte med offentlege tenestemenn.
  18. Til slutt, fridom er aldri fri. Der er alltid ein pris ein må betale, alltid eit offer ein må gjere for å ta vare på fridommane sine.

Vi kan ikkje forbli stille i møte med statens pågåande overtramp, makttjuveri og brotsverk mot menneskeheita.

Vondskap forkledd som byråkrati er framleis vondskap. Dette er det som Hannah Arendt refererer til som vondskapens banalitet.

Slik vondskap finn stad når byråkratar (offentlege og private) ukritisk utfører ordrar som er umoralske og inhumane, når dei marsjerer i takt med tyrannar, når dei tanketomt vidarefører terrorhandlingar og umenneskelege udådar, og rettferdiggjer det heile med at dei «berre gjer jobben sin».

Slik vondskap triumferer når gode menn og kvinner gjer ingenting.

Ved å gjere ingenting, ved å forbli stille, ved å vere tilskodarar til urett og hat, blir gode menneske like skuldige som gjerningsmannen.

Det finst ein terminologi for dette fenomenet der folk står og ser på utan å gjere noko – sjølv når der er ingen fare for tryggleiken deira – medan ein forferdeleg udåd finn stad (nokon blir rana eller valdteken eller mobba eller forlatne for å døy): det blir kalla tilskodareffekten.

Det fungerer på same måte om du snakkar om ungar som ser bøller plage ein medelev på ein leikeplass, tilskodarar som ser nokon døy på fortauet, passasjerar på eit tog som filmar ein medreisande som blir valdteken utan å gripe inn, eller borgarar som forblir stille i møte med statens uhyrlege handlingar.

Vi må slutte å vere stille tilskodarar.

Det er på tide å stå opp for sanning – for rettferd – for fridom – ikkje berre for oss sjølve, men for heile menneskeheita. I morgon kan det vere for seint.

Kommentar frå saksyndig: Det burde etter mitt syn vere barnelærdom at staten ikkje er din venn. Det merkar ein i situasjonar der ein plutseleg lever på statens nåde, til dømes når ein er utan arbeid eller blir alvorleg sjuk og ute av stand til å jobbe. I slike tilfelle kan ein oppleve det som ein lesar i Resetts kommentarfelt so treffande kallar «psykopatisk statsforvaltning». Whitehead og Whitehead skriv at det er ingen skilnad mellom ein politikar og ein psykopat. Det same gjeld for staten og dei som handlar på vegner av den. Eit monster med mange hovud, kan ein trygt seie.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s