Statsfinansierte faktisk.no trekkjer i tvil kompetansen til pandemiekspert

For ei tid tilbake hadde Hemali.no eit intervju med professor og pandemiekspert Astrid Stuckelberger, der professoren seier at mRNA-injeksjonane (som feilaktig er kalla «vaksinar») ikkje er trygge fordi dei inneheld stoffet grafén. I kjølvatnet av dette viktige intervjuet fekk Hemali ein e-post frå faktisk.no, ein sokalla «uavhengig» faktasjekkar-organisasjon som i fjor mottok 2,5 millionar kroner over statsbudsjettet, og som er eigd av VG, Dagbladet, NRK, TV2, Polaris Media og Amedia – aktørar som utgjer størstedelen av hovudstraumsmedia her i Noreg. I tråd med faktisk.no sin velkjende hastverksframgangsmåte, fekk Hemali berre fire timar på å gje eit motsvar til kritikken.

Intervjuet vart av faktisk.no «dømt» som «delvis feilinformasjon» fordi professor Stuckelberger sine påstandar ikkje er basert på det dei kallar «etterprøvbar informasjon». Med tanke på eigarskapet og statsfinansieringa som ligg bak denne faktasjekkar-organisasjonen, kan faktisk.no neppe seiast å vere ein nøytral observatør. Artikkelen trekkjer tydeleg professoren sin kompetanse i tvil, og grensar etter mitt syn over i ærekrenking. Det heile framstår som ein svertekampanje mot professor Stuckelberger. Dette er eit typisk døme på at all informasjon som går i mot den offisielle forteljinga må brennemerkast som feilinformasjon, i tråd med interessene til faktisk.no sin arbeidsgjevar.

Samstundes skriv faktisk.no på nettsida si at dei ikkje faktasjekkar påstandar frå sentrale politikarar. Sjølv ikkje i tilfelle der det dei seier i beste fall er ei djup forvrenging av sanninga – i verste fall blanke løgner. Kvifor er sentrale politikarar beskytta mot «faktasjekk», medan til dømes uavhengige ekspertar ikkje er det?

Julia Schreiner Benito, redaktør i Hemali, publiserte nyleg ein artikkel der ho grundig tilbakeviser faktisk.no sine partiske påstandar. Faktisk.no har brukt ein immunolog ved universitetet i Oslo som ein fagperson som motseier professor Stuckelbergger. Immunologen seier at innhaldet i vaksinane er offentleg og kan sjekkast ut. Samstundes seier Transparency International at det ikkje finst uavhengige, fagfellevurderte studiar av vaksinane som ikkje er finansiert av dei farmasøytiske selskapa. Ein slik partisk aktør vil naturlegvis ikkje «finne ut» at mRNA-injeksjonane inneheld grafén eller andre skadelege stoff.

Faktisk.no sin svertekampanje mot ein anerkjent professor og pandemiekspert, er del av den offisielle forteljinga sin strategi mot dei som tek løgnene i tvil. Som organisasjonen America’s Frontline Doctors viser til, blir kritikk sensurert og tilbakevist av på alle måtar partiske «faktasjekkarar». Personane bak «COVID-filmen 2020», Viktig Viten, vart òg utsett for denne framgangsmåten. Faktisk.no sendte dei ein e-post der dei fekk beskjed om å imøtegå kritikk – og i likskap med Hemali, fekk dei òg berre fire timar på å svare. Då svaret ikkje kom raskt nok, vart filmen dømt som villeiande informasjon i ein artikkel. Viktig Viten publiserte på heimesida si ein velbegrunna kritikk av faktasjekkarar. Ein liknande kritikk er publisert på sida til Lov og helse, der ein jurist kallar faktasjekkarar sin retorikk for ærekrenkjande.

På nettsida si kallar dei seg for ein «ideell organisasjon» og «uavhengig redaksjon for faktasjekk av samfunnsdebatten og det offentlige ordskiftet i Norge». At dei er uavhengige er ei løgn. Dei er støtta finansielt både gjennom statsbudsjettet og av dei nemnde avisene og medieselskapa. Målet deira er å «avdekke og forhindre spredningen av oppdiktede meldinger som utgir seg for å være ekte nyheter». Det er òg ei løgn, ettersom det Viktig Viten og professor Stuckelberger ytrar, enkelt kan verifiserast. Faktisk.no samarbeider med Facebook via sokalla «Third-party fact-checking». Om faktisk.no vurderer noko som feilinformasjon, vil dette difor òg stå kvar gong informasjonen blir lagt ut på Facebook. Ansvarleg redaktør i faktisk.no er Kristoffer Egeberg. Elles står det namn på forfattarane av dei ulike «faktasjekk-artiklane».

Eigarforholdet i faktisk.no blir bekrefta av faktisk.no sjølv. Dette ser dei tilsynelatande ikkje på som problematisk. Denne faktasjekkar-organisasjonen er via sine eigarar med i eit nettverk som ifølgje Steigan er del av «Vestens propagandakrig», der mellom anna NATO, CIA og annan vestleg etterretning samarbeider. Nettverket blir kalla Credibility Coalition – eller Truverdigheitskoalisjonen. Målet deira er å fremje samarbeidande tilnærmingar for å forstå sanninga, kvaliteten og truverdigheita til online-informasjon som er grunnleggjande for det sivile samfunn.

Med andre ord er faktisk.no til sjuande og sist del av eit globalt sanningsministerium.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s