«Vi er menneskelege forsøkskaninar»: Alarmerande dødsfallrater for mRNA-vaksinar krev umiddelbar handling

Av F. William Engdahl. Artikkelen er henta frå Global Research. Fyrste gong publisert 27.mai 2021. Omsett av saksyndig.

Etter kvart som statlege data dukkar opp i Europa og USA om det alarmerande talet dødsfall og permanente lammingar so vel som andre alvorlege biverknader frå dei eksperimentelle mRNA-vaksinane, blir det klart at vi blir spurt om å vere menneskelege forsøkskaninar i eit eksperiment som kan endre den menneskelege genstrukturen og det som verre er. Medan hovudstraumsmedia ignorerer alarmerande data som inkluderer dødsfall blant tallause unge, friske offer, blir politikken til koronavaksinen køyrt fram av Washington og Brüssel saman med WHO og Vaksinekartellet med all medkjensla til eit mafialiknande «tilbod som du ikkje kan avslå».

Den alarmerande EMA-rapporten

European Medicines Agency (EMA), eit byrå tilknytt EU som har ansvar for evaluering og overvaking av medisinske produkt, ved å bruke databasen EudraVigilance som samlar rapportar om mistenkte biverknader av medisinar inkludert vaksiner, publiserte 8.mai [2021] ein rapport som knapt vart nemnt i mesteparten av hovudstraumsmedia.

Til og med 8.mai 2021 hadde dei samla inn 10 570 dødsfall og 405 259 skader i kjølvatnet av injiseringa av fire eksperimentelle Covid-19-sprøyter: Covid-19-mRNA-vaksinen til Moderna (CX-024414); Covid-19-mRNA-vaksinen til Pfizer-BioNTech; Covid-19-vaksinen til AstraZeneca (Chadoz1 NCov-19); og Johnson & Johnsons Janssen Covid-19-vaksine (AD26.COV2.S).

Ein detaljert analyse av kvar vaksine gjev følgjande:

Den genredigerte mRNA-vaksinen til Pfizer-BioNTech resulterte i størst tal døde: 5368 dødsfall og 170 528 skadar eller nesten 50% av totalen av alle fire.

Modernas mRNA-vaksine kom på andreplass med 2865 dødsfall og 22 985 skadar. Det vil seie, dei to einaste gen-manipulerte eksperimentelle mRNA-vaksinane, Pfizer-BioNTech og Moderna, utgjorde 8233 dødsfall av det totale talet registrerte dødsfall, 10 470. Det er 78% av alle dødsfall fråd ei fire vaksinane som no [mai 2021] er i bruk i EU.

Og blant dei alvorlege biverknadene eller skadane samla inn av EMA, for dei to mRNA-vaksinane som vi fokuserer på i denne artikkelen, for Pfizers «eksperimentelle» vaksine, inkluderte dei fleste rapporterte skadane sjukdommar i blodet og lymfesystemet inkludert dødsfall; hjartesjukdommar inkludert dødsfall; sjukdommar relatert til muskel, skjelett og bindevev; sjukdommar relatert til andedrett, brystet, brystskiljeveggen og det vaskulære systemet.

For Modernas mRNA-vaksine, inkluderte dei mest alvorlege skadane eller dødsårsakene sjukdommar i blodet og lymfesystemet; hjartesjukdommar, muskel-, skjelett- og bindevevssjukdommar; sjukdommar i sentralnervesystemet. Legg merke til at desse er berre dei mest alvorlege skadane relatert til dei to genetisk manipulerte mRNA-vaksinane. EMA merkar seg òg at ein trur at berre ein liten prosentdel av dei faktiske vaksinedødsfalla eller alvorlege biverknader, kanskje berre 1 % til 10%, blir rapporterte – av ulike årsaker. Offisielt har meir enn 10 000 menneske døydd etter å ha teke koronavirus-vaksine sidan januar 2021 i EU. Det er eit skremmande tal vaksinerelaterte dødsfall, sjølv om det eigentlege talet er langt høgare.

CDC òg

Sjølv amerikanske Centers for Disease Control (CDC), eit notorisk politisk og korrupt byrå med for-profitt-band til vaksineskaparar, viser i sitt offisielle Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS) eit samla tal 193 000 «biverknader», inkludert 4057 dødsfall, 2475 permanente handikapp, 25 603 besøk på akuttmottak, og 11 572 sjukehusinnleggingar etter Covid-19-injeksjonar mellom 14.desember 2020 og 14.mai 2021. Det inkluderte dei to mRNA-vaksinane, Pfizer og Moderna, og den langt mindre førekomande J&J Janssen-vaksinen. Av dei rapporterte dødsfalla, fann 38% stad blant menneske som vart sjuke innan 48 timar etter dei vart vaksinerte. Det offisielle amerikanske vaksine-relaterte dødstalet er i løpet av berre fem månader høgare enn alle vaksinerelaterte dødsfall frå dei siste tjue åra kombinert. Hovudmedia og den amerikanske regjeringa grev likevel ned dei alarmerande fakta.

Rundt 96% av dei dødelege resultata kom frå Pfizer- og Moderna-vaksinane, dei to variantane som vart finansiert og fremja av Gates Foundation og Tony Faucis NIAID med den eksperimentelle mRNA-baserte genetiske teknologien.

Dr. Tony Fauci, Biden-administrasjonen sin vaksine-tsar og hans NIAID Vaccine Research Center co-designa deretter Modernas mRNA-vaksine og gav Moderna og Pfizer seks milliardar dollar kvar til å produsere den. Dette er òg ei graverande interessekonflikt ettersom Fauci og hans NIAID har lov til å dra finansiell nytte av det dei tener på patent frå vaksinen på grunn av ei snodig amerikansk lov. NIAID utvikla koronavirus-piggproteina for utviklinga av SARS-CoV-2-mRNA-vaksinar ved hjelp av skattebetalarane sine pengar. Dei lisensierte den til Moderna og Pfizer.

«aldri sett i naturen…»

På ein tragisk måte er det fyrst no ein byrjar å erfare reaksjonar på dei to historisk unike eksperimentelle mRNA-vaksinane sidan utrullinga byrja i hittil usett «warp speed» som den amerikanske regjeringa kalla det – i ekte forsøk med menneskelege forsøkskaninar. Få er klar over at dei to mRNA-vaksinane bruker genetiske manipulasjonar som aldri før har blitt brukt på menneske. Og under dekket av «naudtilstand», har amerikanske og europeiske helsestyresmakter sett til side vanlege dyreforsøk, og godkjende ikkje eingong tryggleiken, kan gav ei «naudgodkjenning». Vidare vart vaksineskaparane 100% unntatt frå strafferettsleg ansvar i fall skade.

Folk flest vart gjevne lovnader om vaksinetryggleik då Pfizer og Moderna publiserte rapportar om 94% og 95% «effektivitet» til desse vaksinane. NIADs Fauci var snar med å kalle det «ekstraordinært» i november 2020, og Warp Speed gjekk til himmels i likskap med prisen på aksjeandelar i Pfizer og Moderna.

Peter Doshi, assisterande redaktør i British Medical Journal viste til ein stor feil i 90+%-rapportane for effektiviteten til Moderna- og Pfizer-vaksinane. Han merkte seg at prosentdelane er relative, i forhold til den utvalde, vesle testgruppa av unge, friske menneske, og ikkje absolutt som i det verkelege liv. I det verkelege liv ønskjer vi å vete kor effektiv vaksinen er blant den større generelle befolkninga.

Doshi peiker på det faktum at Pfizer ekskluderte meir enn 3400 «mistenkte Covid-19-tilfelle» som ikkje var inkludert i den mellombelse analysen. Individ «i både Moderna- og Pfizer-forsøka vart vurdert å vere SARS-CoV-1-positive i kontrollgruppa, trass i at tidlegare infeksjon var grunnlag for ekskludering,» noterte Doshi seg. [SARS-CoV-1 var det asiatiske SARS-viruset frå 2003]. Begge selskapa nekta å gje ut rådataane sine.

Pfizers interne vitskapsfolk gjorde testane sine. Kort forklart er 95% det Pfizer eller Moderna påstår. Vi blir fortalt, «stol på oss.» Eit meir realistisk anslag av den verkelege effektiviteten til dei to vaksinane for den generelle befolkninga, ved hjelp av data gjevne frå vaksineskaparane til FDA, viser at Moderna-vaksinen på tidspunktet for den mellombelse analysen, viste ein absolutt risikoreduksjon på 1,1%, medan Pfizer-vaksinen sin absolutte risikoreduksjon var 0,7%. Det er svært dårleg.

Peter Hotez, dekan ved National School of Tropical Medicine ved Baylor College of Medicine i Houston, seier, «ideelt ønskjer du at ei anti-virus-vaksine skal gjere to ting… Fyrst, redusere sannsynet for at du vil bli alvorleg sjuk og ende opp på sjukehus, og to, hindre infeksjon og difor avbryte sjukdomsoverføring.» Som Doshi merkjer seg, var ingen av forsøka «designa for å oppdage ein reduksjon i noko alvorleg utfall slik som sjukehusinnlegging, bruk av akuttbehandling, eller dødsfall. Ei heller blir vaksinane studerte for å avgjere om dei kan avbryte overføring av viruset.» Modernas øvste medisinske leiar innrømte til og med at «forsøket vårt vil ikkje demonstrere hindring av overføring».

Moglege effektar av mRNA-vaksinane

I ein større ny studie som nettopp er publisert i International Journal of Vaccine Theory, Practice and Research, analyserer dr. Stephanie Seneff, leiande vitskapskvinne ved MIT Computer Science and Artificial Intelligence Laboratory, og dr. Greg Nigh, naturopatisk kreftspesialist, i detalj dei moglege måtane som dei eksperimentelle mRNA-vaksinane til Pfizer og Moderna kan forårsake slike biverknader blant vaksinerte. Fyrst påpeiker dei at både Pfizer og Moderna sine gen-redigerte vaksinar er høgst ustabile: «Begge blir levert via muskelinjeksjon, og begge krev oppbevaring i djupfrysar for å stoppe RNA-et frå å bryte ned. Dette er fordi, i motsetnad til dobbeltstrenga-DNA som er svært stabilt, blir produkt med enkeltstrenga-RNA lett skadd eller verknadslause ved varme temperaturar og må bli oppbevart ekstremt kaldt for å halde på deira potensielle effektivitet». Pfizer tilrår -70 grader Celsius.

Forfattaren påpeiker at for å stoppe mRNA frå å bryte ned før det kan produsere protein, bruker begge vaksineskaparane som erstatning metyl-pseudouridin for å stabilisere RNA mot degradering, noko som gjer det i stand til å overleve lenge nok til å produsere adekvate mengder protein-antigen. Problemet som dei påpeiker er, «dette forma for mRNA levert i vaksinen har aldri blitt sett i naturen, og har difor potensial for ukjende konsekvensar… manipulering av livskoden kan føre til fullstendig uføresette negative effektar, potensielt langtids eller til og med permanent.»

PEG-adjuvantar og anafylaktisk sjokk

For å unngå, av ulike grunnar, å bruke aluminium-adjuvantar for å forsterke antistoff-responsen, bruker begge mRNA-vaksinane glykol, eller PEG som ein adjuvant. Dette har konsekvensar. Forfattarane påpeiker, «… begge mRNA-vaksinane som no er i bruk mot Covid-19 gjer nytte av lipid-baserte nanopartiklar som leveringsfartøy. mRNA-lasta er plassert inni eit skal bygt opp av syntetiske lipidar og kolesterol, saman med PEG for å stabilisere mRNA-molekylet mot degradering.»

PEG har vist seg å produsere anafylaktisk sjokk eller alvorlege allergiske reaksjonar. I studiar av tidlegare ikkje-mRNA-vaksinar, fann anafylaktisk sjokk-reaksjonar stad i to tilfelle per ein million vaksinar. Med mRNA-vaksinane avdekte den fyrste overvakinga at «anafylaksis fann stad i ein rate av 247 per million vaksinar. Dette er meir enn 21 gonger so mange som dei som fyrst vart rapportert av CDC. Den andre injeksjonseksponeringa vil sannsynlegvis forårsake endå større tal av anafylaktiske reaksjonar.» Ein studie merkte seg, «PEG er ein høg-risiko ‘skjult’ allergen, vanlegvis ikkje mistenkt, og kan ofte forårsake allergiske reaksjonar på grunn av utilsikta gjen-eksponering.» Blant slike reaksjonar finn ein livstrugande kardiovaskulær kollaps.

Dette er langt frå alle dei uerklærte risikoane til mRNA-koronavirusvaksinar.

Antistoff-avhengig forsterkning

Antistoff-avhengig forsterkning [engelsk antibody-dependent enhancement, forkorta ADE] er eit immunologisk fenomen. Seneff og Nigh merkjer seg at «ADE er eit spesielt tilfelle av kva som kan skje når låge, ikkje-nøytraliserande nivå av… antistoff mot eit virus er til stade på infeksjonstidspunktet. Desse antistoffa kan vere til stade på grunn av… tidlegare vaksinering mot viruset…» Forfattarane føreslår at i tilfellet med både Pfizer og Moderna sine mRNA-vaksinar, «dannar ikkje-nøytraliserande antistoff immunkompleks med virale antigenar for å framprovosere overdriven sekresjon av betennelsesfremjande cytokinar, og, i ekstreme tilfelle, ein cytokin-storm som forårsakar vidspreidd skade på lokalt vev.»

For å gjere det klart, er cytokinar under normale omstende ein del av kroppens immunrespons mot infeksjon. Men deira plutselege utslepp i stort tal, ein cytokin-storm, kan forårsake multiorgansvikt og død. Vårt ibuande immunforsvar undergår eit ukontrollert og overdrive utslepp av betennelsesfremjande signalmolekyl kalla cytokinar.

Forfattarane legg til at før-eksisterande «antistoff, indusert av tidlegare vaksinering, bidreg til alvorleg lungeskade frå SARS-CoV i makakaper…» Ein annan sitert studie viser at den mykje meir varierte rekkjevidda av tidlegare eksponering for koronavirus slik som sesonginfluensa erfart av eldre kan gjere dei mottakelege for ADE ved eksponering for SARS-CoV-2.» Dette er ei mogleg forklaring på den høge førekomsten av dødsfall etter mRNA-vaksine blant eldre.

Vaksineskaparane har ein lur måte å nekte for at mRNA-vaksinane deira er giftige. Som Seneff og Nigh slår fast, «det er ikkje mogleg å skilje ein ADE-manifestasjon av sjukdom frå ein verkeleg, ikkje-ADE-infeksjon.» Men dei kjem med punktet som seier mykje, «i lys av dette er det viktig å gjenkjenne at, når sjukdommar og dødsfall opptrer kort tid etter vaksinering med ein mRNA-vaksine, kan det aldri bli definitivt avgjort, sjølv med ei full etterforsking, at vaksinereaksjonen ikkje var ein nærliggjande årsak.»

Forfattarane kjem med andre alarmerande punkt, inkludert at der dukkar opp autoimmune sjukdommar slik som cøliaki, ein sjukdom i fordøyingssystemet som skader tynntarmen og forstyrrar næringsopptaket frå mat. Òg Guillain-Barré-syndrom (GBS) som forårsakar forverrande muskelsvakheit og lamming. I tillegg kan immun trombocytopeni (ITP), der ein person har uvanleg låge nivå av blodplater – cellene som hjelper blod å koagulere – oppstå etter vaksinering «gjennom vandringa av immunceller som ber ei last med mRNA-nanopartiklar via lymfesystemet inn i milten… ITP viser seg fyrst som petekkiar [blødingar i huda, oms.an.] og/eller bløding frå overflata av slimhinnene. Det har høg dødsrisiko gjennom blødning og slag.

Desse døma er indikative på det faktum at vi bokstavleg tala utset menneskeætta – via utesta eksperimentelle gen-redigerte mRNA-vaksinar – for tallause farar som til slutt langt kan overstige kva som helst potensiell risiko for skade frå noko som har blitt kalla SARS-CoV-2. Langt frå å vere den lovpriste mirakelsubstansen hevda av WHO, Gates, Fauci og andre, har Pfizer, Moderna og andre moglege mRNA-vaksinar heilt klart potensielt tragiske og sjølv katastrofale uføresette konsekvensar. Då er det ikkje rart at enkelte kritikarar trur at den er eit forkledd verktøy for menneskeleg eugenikk.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s